J.J. Abrams balanserer frå før av to av verdas største sci-fi-namn på skuldrene som regissør for dei nye Star Wars- og Star Trek-filmane. I går kveld la han òg fram planane for filmar basert på Half-Life og Portal-universa.

J.J Abrams. Foto: Scanpix/Jeason Kempin. AFP Photos
J.J Abrams. Foto: Scanpix/Jeason Kempin. AFP Photos

– Det er så reelt som noko i Hollywood nokosinne kan bli, sa han til Polygon.

– Me snakkar med Valve, me skal hyre inn ein manusforfattar, me har mange interessante idear.

Dette vert nok neppe eit prosjekt Abrams skal regissere, men produksjonsselskapet hans, Bad Robot, er aktivt sjølv med sjefen oppteken på ei rekkje andre prosjekt.

Mer Abrams: Denne mannen skal regissere Star Wars

Var skrekkhistorier om speladapsjonar

På årets DICE, eit årleg bransjetreff i Las Vegas, heldt han og Gabe Newell – sjef for spelutviklaren Valve – eit diskusjonspanel om spel, filmar og alt derimellom. Mot slutten avslørte dei fleire samarbeidsplanar.

– Me er veldig var på skrekkhistoriene om filmar som blir spel og vice versa. Målet vårt er å behandle verda Valve har laga med båe desse merkenamna som alle ville ha gjort med ei bok eller ei stor historie som kjem frå ein pitch eller eit opphavleg manus, seier Abrams.

<Sett inn obligatorisk nedsetjande kommentar om Uwe Boll her>

Gabe Newell og Valve har òg tidlegare blitt spurt om å lage film av ideane sine, men har takka nei til alle – av ein enkel grunn:

Gabe Newell. (CC BY 2.0 - GDC 2010)
Gabe Newell. (CC BY 2.0 – GDC 2010)

– Historiene var så dårlege! Eg meiner, brutalt, verst. Dei forstod ikkje kva som gjorde spelet til eit godt spel, eller kva som gjorde det til ein interessant ting for folk å vere fan av, har Newell sagt i tidlegare intervju.

Anmelding: Rive-Rolf: – En skikkelig god film basert på dataspill!

Abrams diskuterer eigne spelidear

Dette er ikkje berre ei éinvegsgreie for Abrams, som òg har eigne spelidear han har diskutert med Newell. Men han vil ikkje avsløre for mykje om prosjektet såpass tidleg, berre konseptuelle tankar.

– Spelet skal nytte avgrensingane i spel på ein perfekt måte. Det skal ikkje kjennest ut som eit spel som me skal gjere til eit spel. Det skal kjennest ut som eit spel.

Abstrakt nok for deg?

Seinare i dag skal Gabe Newell halde ein eigen presentasjon. Som vanleg er det spekulasjonar omkring nye prosjekt frå Valve, både oppfølgjarar til selskapets eksisterande prosjekt, og mogelege nye merkevarer.

Kjem Portal 3, Half-Life 3 eller noko heilt anna? Kven veit.

Om du vil sjå litt om kva J.J. Abrams tenkjer om historieforteljing kan du sjå denne TED-videoen frå 2008. Ein interessant mann!

Kva vil du ha frå ein Half-Life eller Portal-film?