(Anmeldinga er basert på dei tre første episodane.)

Det er gjort mykje rart i kjølvatnet av Hitchcock-filmen Psycho. Skrekkfilmen frå 1960, om ei ung kvinne som tek inn på eit landevegsmotell med ein litt shady eigar har ført til tre – 3 – dårlege oppfølgjarar, der Anthony Perkins speler i ei eller anna form i alle – som mammagut og motellverten Norman Bates.

TV-serien Bates Motel vil i staden fortelje historia før filmen, då Norman var ung, og mora tek over det som seinare skal bli – nettopp – Bates Motel.

Men ikkje forvent etterkrigsstemning. For å unngå å vere fanga i Hitchcocks univers, og for å fjerne seg litt frå den klassiske filmen, er serien sett til notida.

Nett-TV: Filmbonanzas spesialsending om Alfred Hitchcock og filmen Psycho

Det velkjende huset på toppen av bakken er framleis med. (Foto:  Universal)
Det velkjende huset på toppen av bakken er framleis med. (Foto: Universal)
Gode hovudroller

Trass at det er USA anno 2013, og ikkje 1960, er det framleis mange kjende element. Norman er framleis ein litt sosialt utilpass sjarmør, og mora hans styrer framleis livet hans – kanskje litt meir naturleg ettersom han no er 17 år.

Og på toppen av bakken bak Bates Motel er det eit særs gjenkjenneleg, gammalt, krokete hus.

I hovudrolla speler ein overraskande inspirert Freddie Highmore (Charlie og Sjokoladefabrikken), som må stride med både forholdet til si kontrollerande mor, samt heilt vanlege high school-utfordringar. Highmore plukkar opp dei heilt riktige elementa frå Perkins rolle – spesielt blikket som skiftar frå blygt til intenst på ein augneblink.

Dette lover godt for den 21 år gamle skodespelaren i hans første storrolle sidan familiefilmen Spiderwick-krønikene i 2010.

Vera Farmiga kan vere minst like intens i rolla som hans mor, Norma, og skaper ei nerve som til tider får serien til å dirre som ein gitarstreng. I sesongens første episode legg ho grunnlag for mykje av koplinga mot filmen, og samtidig mykje av forklaringa på Normans – korleis seier eg dette best … – interessante forhold til mora si (nudge, nudge, wink, wink).

Anmelding: Spiderwick-krønikene: – En hyggelig familiefilm med et solid eventyr

Norma og Norman Bates – mor og son. (Foto: NBC Universal)
Norma og Norman Bates – mor og son. (Foto: NBC Universal)
Bakteppet utviklar seg

Men første episode er ikkje den beste starten på serien, her verkar universet nesten å vere litt for drøymande. Dei lokale jentene er nesten litt for ivrige på å ynskje Norman velkomen i gjengen. Men han har tydelegvis ikkje berre ei sterk tiltrekkingskraft på det kvinnelege kjønn, han har òg ei evne til å finne mysterium – noko småbyen Fairvale er full av.

I dei to neste tek det seg opp, byen utviklar seg frå å vere eit flatt bakteppe til å bli ein litt Twin Peaks-aktig stad – den idylliske tømrarbyen med ei mørk underside. Ved sidan av Normans utvikling til den figuren me kjenner er det tydeleg at det er byens mange mysterium som skal halde på merksemda vår.

For det er verken billege skvetthopp eller dei største horrorscenene Bates Motel fokuserer mest på (sjølv om dei finst, TV-serien går ikkje seint på kvelden utan grunn). TV-serien har allereie fått klarsignal for ein andre sesong, og det er nok naturleg at historiene i småbyen vil stå meir i sentrum fram mot ein eventuell slutt på serien.

Anmelding: Hitchcock: – Forunderlig hyggelig om hvordan Psycho ble til

Lovens lange arm har fingrane fleire stader enn det kan sjå ut som. (Foto: NBC Universal)
Lovens lange arm har fingrane fleire stader enn det kan sjå ut som. (Foto: NBC Universal)
Men heilt Hitchcocksk er det ikkje

Forløparar – eller «prequels» om du vil – er i vinden, og i løpet av året kjem me òg til å få forhistoria til seriemordaren i Nattsvermeren i TV-form. Allereie har me fått forhistoria til The Wizard of Oz, i Sam Raimis Oz: The Great and Powerful.

Dersom du venter deg Hitchcockske vendingar kan du raskt bli skuffa. Skaparane av Bates Motel har fleire gonger sagt at serien ikkje er direkte knytt til filmen – heller boka – og slik sett er det kanskje ei ulempe for serien å ha knytt seg opp mot ein legendarisk filmskikkelse.

Samtidig, etter tredje episode har eg lyst til å sjå meir. Godt skodespel i kombinasjon med ein mystisk småby veg delvis opp for ein nesten litt for eventyraktig start på serien. Og trass ei litt splitta personlegdom – frå manusforfattarar på så ulike ting som Lost og Friday Night Lights – har den teke tak i meg.

Og det er vel kanskje det ein mystisk serie som dette skal?

Første episode av Bates Motel starter på NRK3 i kveld klokka 22.25 (og 02.30).

(Anmeldinga er basert på dei tre første episodane.)

Om SERIEN

Bates Motel
  • Bates Motel
  • Slippdato: 10. april, 2013
  • Sesong: 1
  • Regi: Anthony Cipriano
  • Utgiver: NBC Universal
  • Originaltittel: Bates Motel
  • Sjanger: Skrekk, Thriller, TV-Serie

Hei! Les dette før du skriver en kommentar:
Vi vil gjerne ha engasjerte debattanter og setter pris på konstruktive bidrag til samtalen. Det er lov å være kritisk eller uenig, men hold deg til tema og vær saklig i dine begrunnelser (husk at det er lett å bli misforstått). Personangrep og trakassering er ikke greit - slike innlegg blir slettet. Vi vil også gjerne at du bruker ditt fulle navn når du kommenterer. Takk for dine bidrag, hilsen oss i P3 Filmpolitiet.