Regissør Guillermo del Toro utviklar no ein tv-serie saman med HBO, basert på den japanske mangateikneserien Monster. Det som opphavleg var ein filmidé vart for uhandterleg for å pressast inn på nokre timer, melder Deadline.

Historia handlar om ein suksessrik ung lege som bestemmer seg for å redde livet til ein 12 år gammal gut, som seinare viser seg å vere verdas ondaste psykopatiske mordar – The Monster. Serien følgjer jakta på guten, og legens påfølgjande liv etter hendinga.

Del Toro, hvis fascinasjon for teikneseriar alt har vist seg i filmane om Hellboy, er visst lidenskapeleg oppteken av prosjektet, og har sjølv overbevist skaparen Naoki Urasawa om å bli med på sirkuset, noko som skal ha teke lang tid.

Guillermo Del Toro
Mexicanske Guillermo Del Toro har arbeidd med ulike monster før, her i «Pans labyrint». (Foto: Panvision)

Les også: «Zero Dark Thirty»-stjerne til del Toro-film

Stor kjærleik til Japan

Som alt anna i Japan er det allereie ein langtgåande animeserie av dette, men no håper del Toro å vidareføre den til «det verkelege liv». Handlinga går opphavleg føre seg i Tyskland på 80-talet, men det er ikkje sagt om dette vert teke vidare til den nye serien.

Del Toro skriv manuset til ein pilotepisode saman med Steven Thompson, som tidlegare har arbeidd på blant anna Sherlock og Doctor Who, og Del Toro ynskjer sjølv å regissere. Teikneserieutgivaren Shogakukan skal fungere som produsent på prosjektet.

Ut frå pilotepisoden vil HBO bestemme seg for om dei lager ein sesong eller ikkje. Del Toro arbeider òg med ein vampyrpilot for kanalen FX – The Strain – saman med Bates Motel-manusforfattar Carlton Cuse.

For tida legg del Toro siste hand på verket på eit anna japansk-inspirert prosjekt, monsterkampfilmen Pacific Rim som får norsk premiere i august.

Kva japansk teiknefilm eller -serie burde bli tv-serie-prosjekt?

Hei! Les dette før du skriver en kommentar:
Vi vil gjerne ha engasjerte debattanter og setter pris på konstruktive bidrag til samtalen. Det er lov å være kritisk eller uenig, men hold deg til tema og vær saklig i dine begrunnelser (husk at det er lett å bli misforstått). Personangrep og trakassering er ikke greit - slike innlegg blir slettet. Vi vil også gjerne at du bruker ditt fulle navn når du kommenterer. Takk for dine bidrag, hilsen oss i P3 Filmpolitiet.