Regissør Martin Scorsese har forsøkt å lage film av den japanske romanen Silence i fleire tiår allereie. Han har forsøkt å filmatisere historia han vart fascinert av på slutten av 80-talet fleire gonger, men er no nærare enn nokosinne.
Spesielt etter at Scorsese har fått med seg Andrew Garfield (Amazing Spider-Man, The Imaginarium of Dr. Parnassus) i hovudrolla, ifølgje Variety.
Kristen forfølging i Japan
Boka fortel historia om den unge jesuittpresten Sebastião Rodrigues som på 1600-talet reiser til Japan for å etterforske ryktet om at mentoren hans har gjort seg skuldig i apostasi – forlate religionen – i etterdønningane etter eit opprør mot kristne i landet.
Scorsese har takla djupt kristen tematikk tidlegare, deriblant i The Last Temptation of Christ frå 1988, og ser ikkje noko problem med å lage film om katolisismen midt i mediestormen rundt kyrkja.
– Det er absolutt eit religiøst tema, men mysteriet eg snakkar om, Rodrigues konflikt med seg sjølv, og kristendomens essens – som er noko eg trur sterkt på – er tidlaus, og har mykje å gjere med oss som menneske.
Les også: Dårlege utsikter for Scorseses Jo Nesbø-film
Undercover-prestar
Scorsese har mange jarn i elden for tida, og held for tida blant anna på med å avslutte filmen Wolf on Wall Street og produksjonen av Roger Ebert-dokumentaren Life Itself. Silence er derimot tiltenkt eit betrakteleg mindre publikum enn hans nylege storprosjekt, som Hugo og Shutter Island, til dømes skal mesteparten av filmens dialog gå føre seg på japansk.
– Men det er ein thriller. Thriller som i at dei er undercover. Eg er interessert i denne typen historie, anten det er undercover-prestar eller undercover-politimenn.
I tillegg til Garfield har òg Ken Watanabe fått ei sentral rolle i filmen, som Rodrigues japanske tolk. I 2009 vart det meldt at Daniel Day-Lewis og Benicio Del Toro hadde fått roller i produksjonen, men ingenting tyder førebels på at dei er knytt til prosjektet slik det er no.
Scorsese har gått gjennom fleire bølgjer med favorittskodespelarar til hovudrollene sine. Tidleg i karriera spelte han inn blant anna Taxi Driver og Raging Bull med Robert De Niro, før han på 2000-talet har laga til dømes Gangs of New York og The Aviator med Leonardo DiCaprio.
Kva synest du om Andrew Garfield? Kan han bli Scorseses nye yndling?