I jakta på ein profitabel filmserie som ungdom stadig lengtar etter, arbeider fleire ulike studio på det dei håper skal bli «den neste Harry Potter». No er bokserien om Artemis Fowl nestemann ut, ifølgje blant andre New York Times. Serien skal produserast av Disney og Weinstein Company, med Robert De Niro i ei vag produsentrolle.

Bokcoveret til Artemis Fowl.
Bokcoveret til Artemis Fowl.

Den åtte bøker lange serien av irske Eoin Colfer, omhandlar livet til millionæren, geniet, meistertjuven og tenåringen Artemis Fowl. Historia fekk ei avslutning i juli i fjor, med boka The Last Guardian.

– Med balansen mellom mysterium, eventyr og familieappell, passar Artemis Fowl naturleg inn hjå Disney, seier Disneys produsentsjef Sean Bailey.

Les også: Fleire ynskjer å ta opp tråden der «Harry Potter» slutta

Låner aktørar frå «Harry Potter»-filmane

Det er manusforfattaren bak Harry Potter and the Order of the Phoenix, Michael Goldenberg, som i første omgang er sett til å adaptere dei to første bøkene i serien til éin film – men om det vert eit profitabelt prosjekt er det ingen tvil om at dei satsar på å filmatisere heile serien.

Samarbeidet mellom Weinstein Company og Disney er interessant, ettersom det tidlegare har vore vondt blod mellom selskapa etter salet av Miramax. Harvey Weinstein sjølv har derimot lagt det bak seg:

– Eg føler at sirkelen no er slutta ettersom De Niro og Jane Rosenthal [den andre utøvande produsenten på filmen] kom til meg med denne boka medan eg framleis var hjå Miramax. Berre nokre timar seinare fortalde eg dei at eg ville ha rettane til filmen, seier Weinstein, som seier bøkene er blant borna sine favorittar.

Harvey Weinstein - 2011. (Foto: AP Photo/John Carucci)
Harvey Weinstein – 2011. (Foto: AP Photo/John Carucci)

Les også: Weinsteins PR-rådgiver: – Slik vinner du en Oscar

Ikkje første gong

Alle storstudioa arbeider for tida med sine franchiser frå ungdomsbøker. Warner Bros satsar på Queen of the Tearling-serien, Lionsgate går for The Hunger Games, og Sony slepp Mortal Instruments med Harald Zwart i registolen mot slutten av august.

Artemis Fowl har vore i Hollywood-systemet lenge, men har hittil ikkje kome seg ut av det såkalla «utviklingshelvetet», der gode filmidear dreg for å døy. Det vert spennande å følgje prosjektet som forfattar Colfer ein gong beskreiv som «Die Hard med feer».

Ingen regissørar eller skodespelarar er hittil knytt opp mot filmen, som heller ikkje har fått noko foreslått premieredato.

Kven bør spele den unge Artemis Fowl (no som Asa Butterfield er i Enders Game i staden)?