Mange hadde spådd at zombieapokalypsefilmen World War Z skulle gå ein hard sumar i møte, i konkurranse med blant anna Man of Steel. Ikkje nødvendigvis på grunn av kvaliteten, men fordi budsjettet er stort for ein zombiefilm å vere – over 200 millionar amerikanske dollar. Dette er ikkje medrekna eit gigantisk marknadsbudsjett.

Med Brad Pitt i hovudrolla som FN-veteranen med mål om å finne årsaka til eit verdsomspennande zombievirus dundra World War Z inn i kinosalane rundt den 20. juni. Etter ei god veke i USA, og utvalde land rundtom i verda, har den allereie tent inn 259 millionar dollar.

Braaaaaaains... (Foto: United International Pictures)
Publikum stormar til kinosalane. (Foto: United International Pictures)

Dermed toppar den kinohelga om ein tek heile verda under eitt – trass at den framleis ikkje har kome til fleire større land i Europa.

Les også: Her er årets sommer-blockbustere

Misnøgd forfattar

Regissør Marc Forster (Monsters Ball, Quantum of Solace) sin neste storfilm skulle opphavleg kome ut i desember 2012, men omfilming av ei rekkje scener førte til eit halvt års utsetjing.

World War Z er basert på Max Brooks bok med same namn. I tida før premiera har forfattaren uttalt at tittelen òg er det einaste dei to historiene deler.

– Eg kan ikkje garantere at filmen vil vere boka dei elskar. Om eg vert spurt svarar eg: Sjå filmen som ein film, og døm den som ein film.

(Artikkelen held fram under traileren for «World War Z».)

Han går dermed inn i den lange køen med forfattarar som har vore sterkt misnøgde med filmatiseringar av eigne verk, deriblant Stephen King (blant anna The Lawnmower Man og The Shining), Alan Moore (V for Vendetta) og nyleg avdøde Richard Matheson (som hata alle dei tre filmadapsjonane av boka I am Legend).

Birgitte Langballe trur WWZ vil bli ein av kinosuksessane i sumar. (Foto: United International Pictures)
Birgitte Langballe trur WWZ vil bli ein av kinosuksessane i sumar. (Foto: United International Pictures)

Les også: Jo Nesbø: – Jeg ville hata en dårlig Nesbø-film

Auke i kinobesøk

– Me har aldri konsumert så mykje film i lovlege kanalar som no, seier Birgit Langballe ved Film & Kino, bransjeorganisasjonen for kino- og videobransjen.

Ho melder at besøket i kinosumaren så langt ligg 8 prosent over fjoråret, og trur at filmar som denne vekas Lone Ranger, samt norske Pornopung og nettopp World War Z vil halde oppe kinosumaren i år.

– Det viser at publikum søkjer seg til den sosiale dimensjonen det er å sjå film i fellesskap på kino. Og ikkje minst at det er her filmane kjem til sin rett.

I første halvår 2013 har kinobesøket gått opp med 2 prosent samanlikna med første halvår 2012, godt hjelpt av superheltfilmen Iron Man 3 og den norske barnefilmen Karsten og Petra blir bestevenner. World War Z har norsk premiere den 12. juli.

Føretrekk du å sjå film på kino? Kva har du tenkt å sjå på kino i sumar?

Hei! Les dette før du skriver en kommentar:
Vi vil gjerne ha engasjerte debattanter og setter pris på konstruktive bidrag til samtalen. Det er lov å være kritisk eller uenig, men hold deg til tema og vær saklig i dine begrunnelser (husk at det er lett å bli misforstått). Personangrep og trakassering er ikke greit - slike innlegg blir slettet. Vi vil også gjerne at du bruker ditt fulle navn når du kommenterer. Takk for dine bidrag, hilsen oss i P3 Filmpolitiet.