Den gode parodifilmen skal gjenskape ei tidsånd og samtidig leve på eiga hand. Dei gjenspeglar det folk er opptekne av, trendar og vridningar i dåtidas historier.

Det er Airplane! som tullar med seriøsiteten i spenningsfilmane frå 70-talet. Det er Spaceballs som leikar seg med måten uforklarleg teknologi alltid løyser problemet i sci-fi, og dåtidas framveksande merchandise-industri. Og ikkje minst er det Hot Shots som gjorde narr av pompøsiteten i Top Gun, og det aktuelle fiendebiletet av skumle irakarar.

Scary Movie 5, vidareføringa av serien som eigentleg slutta å vere morosam etter den første filmen, opnar med Charlie Sheen (apropos Hot Shots!, oh how the mighty have fallen) og Lindsay Lohan som skal spele inn ei sexscene (som låner teknikkar frå 60-talets Benny Hill), så har den allereie mista meg.

Penis, hahaha. (Foto: Norsk FIlmdistribusjon)
Penis, hahaha. (Foto: Norsk Filmdistribusjon)

Anmelding: Superhero Movie: – Faller så uendelig dypt!

Fostervatn, hahaha

Historia, i den grad det kan kallast det, hoppar så vidare til eit ungt par som må adoptere Charlie Sheens to villungar – samt historia frå Mama, Sinister, den nye Evil Dead, Inception, Black Swan, Rise of the Planet of the Apes og sjølvsagt Paranormal Activity – og flytter inn i eit tungt overvaka hus for å kunne studere dei.

Det som følgjer er ei usamanhengande røre av overvåkningsfoto, vitsar som kanskje kunne ha vore morosame året etter at Eksorsisten kom ut, og platt, platt humor.

Heather Locklear speler blant anna gravid veteranballerina, som nektar å innsjå begrensingane det medfører, og på premiera går vatnet på scena og splæsjer i ansiktet på hennar mannlege motspelar. Haha. Hahaha. Ha.

Anmelding: Jack And Jill: – Adam Sandler? No er det faen meg nok..

Scary Movie 5. (Foto: Norsk Filmdistribusjon)
Haha, stor joint. Haha. (Foto: Norsk Filmdistribusjon)
Skuffande parodiveteranar

Filmen skryter av å ha fått med seg Pat Proft – saman med David Zucker – videns kjend for gode parodifilmar som Airplane!, Police Squad og Mannen med den nakne pistol, men det hjelper ikkje.

«KO-ME-DIE!»: Andreas sitt terningkast 1-seal of approval (Foto: NRK).

Veteranen har forlate gamal stordomstid, og i staden gjenskapt kjensla du får dersom den gråhåra sjefen din no, eit halvår etter det var gøy, hadde bedt deg om å organisere ein Harlem Shake-video for rekneskapskontoret sitt. Proft (og medmanusforfattar David Zucker) har blitt for gammal for sin eigen bransje.

Regissør Malcolm D. Lee har laga parodiar med gnist før, som i funksploitation-filmen Undercover Brother. Denne gongen manglar humoren både brodd og raud tråd, og det verkar som den overhovud ikkje veit kva den forsøker å takle.

Anmelding: Epic Movie: – Ei frykteleg pine å sjå på!

Internett er parodiens boltreplass no

Kanskje er det nettopp framveksten av internett, med sin konstante straum av dagsfersk humor, som gjer at Scary Movie 5 kjennest så utdatert ut – trass parodien på moderne skrekkfilm. Det verkar uansett som ressursane for parodiørar i dag ligg andre stader enn i kinosalen.

Scary Movie 5. (Foto: Norsk Filmdistribusjon)
Fun Fact: Etter dette sparka Julius agenten sin. (Foto: Norsk Filmdistribusjon)

Dei gode filmhumoristar med blikk for popkulturell humor har (heldigvis?) gitt beng i det store lerretet, og i staden flokka til Youtube, der publikum hyllar dei korte, konsise formata.

Verda der humor ikkje er éin god vits som må fyllast ut med ein time fyllstoff – men i staden kan vere ein kjapp idé som gis liv i løpet av nokre dagar – verkar meir forlokkande.

Eller så har berre internett øydelagd konsentrasjonen min fullstendig. Her er ein to år gammal parodifilm, frå nettbaserte CollegeHumor, som i si heilskap er meir morosam enn Scary Movie 5.

Hei! Les dette før du skriver en kommentar:
Vi vil gjerne ha engasjerte debattanter og setter pris på konstruktive bidrag til samtalen. Det er lov å være kritisk eller uenig, men hold deg til tema og vær saklig i dine begrunnelser (husk at det er lett å bli misforstått). Personangrep og trakassering er ikke greit - slike innlegg blir slettet. Vi vil også gjerne at du bruker ditt fulle navn når du kommenterer. Takk for dine bidrag, hilsen oss i P3 Filmpolitiet.