Ein ny trend har så smått dukka opp i Nord-Amerika, og håpet er at «supertickets» skal halde engasjerte filmsjåarar til kinosalen. Mot ein dyrare billettpris får ein mykje ekstrasnacks, og lov til å sjå filmen før premiera, melder blant andre LA Times.

Tidlegare i sumar var det World War Z som fekk æra av å starte ballet for 50 dollar (rundt 300 kroner), no er Pacific Rim blant filmane som følgjer opp for 20 dollar (rundt 125 kroner). Prisen rettferdiggjerast med ulikt ekstrainnhald, gjerne eksklusivt for «superticket»-publikummet.

Guillermo del Toro. (Foto: AP Photo/Matt Sayles, NTB Scanpix).
Guillermo del Toro. (Foto: AP Photo/Matt Sayles, NTB Scanpix).

Ein vanleg kinobillett i USA ligg rundt 8-15 dollar, alt etter tid, plassering og kva film ein skal sjå.

Mest spennande for blodfans

Pacific Rim-skaparen sjølv, Guillermo del Toro, likar tanken frå eit fanperspektiv.

– Superbilletten er ein spennande måte å utvide filmopplevinga forbi kinosalen. Fans får tidleg tilgang til UltraViolet-versjonen [digitalt filmsystem] og eksklusivt innhald som viser inspirasjonen bak filmen, og korleis den vart laga, seier han.

Den mexicanske filmskaparen er sjølv ein uttalt filmverd, og har tek mykje inspirasjon frå japanske kaiju-filmar (megamonster), ein smalare sjanger med mange blodfans.

Det er nok kanskje sjangerfilmar som dette som har størst mogelegheit for å oppnå superbillett-suksess.

Les også: «Iron Sky»-skaparen- Skandinavia er sjangerfilmens redning

Iron Sky (Foto: Euforia Film)
Kanskje supertickets er noko for spacenazistane i «Iron Sky»? (Foto: Blind Spot)(Foto: Euforia Film)

Potensial i Noreg?

Den norske distributøren av Pacific Rim, har ikkje førebels planar om å arrangere slikt her til lands, men meiner ideen er spennande:

– Dette er jo ein ny måte å sjå kinomarknaden og publikum på. Det er interessant, men er nok noko som må vurderast frå prosjekt til prosjekt, seier Katrine Aamodt, marknadskoordinator i SF Norge.

Arild Kalkvik, direktør ved Trondheim Kino, ser ikkje heilt vekk frå at det kan dukke opp her til lands òg:

– Eg trur at potensialet i Noreg er stort, då kjøpekrafta her er høg og filminteressa er stor. Dei som er interesserte er villig og interessert i å bla opp for slike pakkar vil verta glade.

Han trekk òg fram blodfans, par og ikkje minst bedriftsarrangement som mogelege kundar. Fleire av dei større norske kinoane har allereie saler med ekstra store eller doble seter, som nok er naturlege val for slike framsyningar.

«Pacific Rim» får ordinær norsk kinopremiere den 2. august.

Teken i betrakting norske prisar må ein likevel tenkje seg at billetten vil bli minst dobbelt så dyr som i dag.

Kan vere eit ledd i kinobransjens fornying

Kalkvik ser at film- og kinobransjen møter tøff konkurranse for tida, og at dei – som alle andre – må fornye seg.

Eksklusivt innhald er noko folk er opptekne av, som ein til dømes såg då Peter Jackson slapp ein forsmak på Smaugs ødemark for ei eksklusiv gruppe fans på nett tidlegare i år. Det er nok framleis dei store blockbusterane dette vil vere sannsynleg for:

– Eg trur at dette i første rekke vil gjelda for store amerikanske titlar, men ein film som Kon-Tiki kunne fort ha vore aktuell for slike visningar, seier Kalkvik.

Med førpremiere, eksklusive plakatar og ein nedlastbar versjon – kva filmar kunne du ha tenkt deg å betale dobbel pris for å sjå?