Andre del av femte og siste sesong av Breaking Bad er i gang, og det er tydeleg at nokon i eit produksjonsselskap ein stad ser litt bakover i tida. Serien om den kreftsjuke kjemilæraren Walter White (Bryan Cranston) som byrjer å framstille metamfetamin for å støtte familien, byrjar å nærme seg slutten.

No har prøvefilminga til Aaron Paul, som speler narkotikadealeren Jesse Pinkman i serien, dukka opp. Det er eigentleg veldig tydeleg kvifor han fekk plass – og blei der.

Opphavleg var planen at Pauls rollefigur skulle bli drepen i niande episode av første sesong, men serieskapar Vince Gilligan (The X-Files) endra planane då han såg skodespelararbeidet og dynamikken til Paul.

Sjå videointervju: Bryan Cranston om «Breaking Bad»: – Dette er mitt livs rolle
Sjå videointervju: Dean Norris om Hanks utfordringer: – Den eneste med moralen i behold

– Berre lat som du er nokon andre

Aaron Paul kom frå ein bakgrunn med deltaking i reklamefilmar og gameshows, og har ingen formell skodespelarbakgrunn. I ein spørsmålsrunde på nettstaden Reddit avslørte han nyleg den store hemmelegheita bak skodespelarteknikken sin (ved sidan av å ha nytta tid saman med metamfetaminavhengige):

– Då eg kom til L.A. var eg 17 år, og var med i to ulike [skodespel-]kurs. Det eg såg der var merkelege skodespelarøvingar som eg ikkje skjønte.

– Eg tenkte alltid «hei, berre lat som du er nokon andre, og det er det». Det er eigentleg det. Eg tvinger meg sjølv til å verkeleg tru at eg lever i situasjonen gjennom figuren.

Dette er ein metode som populært vert kalla Sir Ians metode, etter Ian McKellen (Ringenes Herre), frå satireserien Extras (sjå video til høgre).

Etter denne sesongen av Breaking Bad er Aaron Pauls neste prosjekt dramaet A Long Way Down basert på Nick Hornby-novella, og bilfilmen Need for Speed basert på spelserien med same namn.

Les også: «Breaking Bad»-stjerne til «Need for Speed»-film

Kva synest du om Breaking Bad?