Skodespelar Michael Fassbender (Shame, Prometheus) er populær for tida, spesielt i Oscar-buzzen som omringar hans komande film 12 Years A Slave, der han spelar ein sadistisk slavedrivar. Men for nokre videospelfans er kanskje hans komande rolle i filmatiseringa av Assassin’s Creed-spela like interessant.

I eit intervju med The Daily Beast avslører han at han aldri hadde spelt spela før han takka ja til hovudrolla.

– Me utviklar manuset for augneblinken. Eg hadde høyrd om det, men aldri spelt spelet. Eg har ikkje ein slik videospelspelar – det er ikkje det det heiter. Eg møtte folka frå Ubisoft og dei fortalte meg historia bak det, og eg synest det verka veldig interessant – ideen om å gjenoppleve minner.

Spela omhandlar bartendaren Desmond som får vite at han er siste skot på stammen i ei lang rekkje av historiske snikmordarar. Attlevningane av assassinerordenen – som gjennom årtusena har kjempa ein maktkamp mot tempelriddarane – hukar tak i han fordi han er av dei einaste som kan gå attende i tid for å hente fram minna om forfedra sin kamp, gjennom ein maskin som heiter Animus.

Les også: Michael Fassbender skal spele i «Assassins Creed»

Alex Hutchinson, kreativ leiar for Assassin’s Creed 3, fortel om researchprosessen bak den historiske delen av spelet.

Skodespelarar som er fans av eigen figur

Ikkje at det gjer noko eigentleg. Det er alltid artig når skodespelarar er enorme fans av opphavsmaterialet – Andrew Garfield som Spider-Man, eller Nicolas Cage som Ghost Rider – som kan nerdeglede seg saman med fansen. Sistnemnde eksempel er dog kanskje det beste eksempelet på at fandom ikkje nødvendigvis fører til eit bra resultat.

Evanna Lynch som Luna Lovegood i Harry Potter er kanskje det beste eksempelet på positivt utfall. Ho var enorm fan av bøkene før filmane kom, og hadde sendt mange fanbrev til forfattar Joanne Rowling, som i ettertid har uttalt at Lynch var «perfekt» i rolla som Luna.

Evanna Lynch som Luna Lovegood. (Foto: Warner Bros)
Evanna Lynch som Luna Lovegood. (Foto: Warner Bros)

Over filmane som heilheit hadde ho kanskje ikkje så mykje kraft, i den grad ho berre var ein bifigur, men absolutt ei god rolletolking.

Fassbender har òg spelt figurar basert på popkulturelle figurar før, til dømes i teikneseriefilmane frå X-Men og Jonah Hex-universet. Sistnemnde fekk dårleg mottaking, og i 2011 uttalte Fassbender at han ikkje ein gong hadde sett filmen sjølv, til trass for at han meinte figuren han spelte var interessant. Heilt ukjend i spelverda er han likevel ikkje, han var blant anna stemma til den onde kong Logan i Fable 3.

Anmelding: «X-Men: First Class»: – Fassbender er en herlig skuespiller med et stort register!

– Pretty awful, was it? I haven’t seen it myself

Filmar basert på spel har i det store og heile vore dårlege skjermopplevingar, men storskodespelarar som Michael Fassbender gir likevel eit visst håp til Ubisofts første eigenproduserte spelefilm. Dog, fantastiske Bob Hoskins var med i Super Mario-filmen frå 90-talet – utan at det hjalp noko særleg.

12 Years a Slave, som er hans tredje film med regissør Steve McQueen (Hunger, Shame), er allereie før kinodistribusjon (den byrjar så smått utanfor festivalar i dag) spådd til å vere ein sterk utfordrar i neste års Oscar-race, og Fassbender har ikkje tenkt å stanse samarbeidet med det første.

– Me inspirerar kvarandre. Me likar båe å ta risikable val, og er ikkje redd for å feile, seier han til The Daily Beast.

Allereie seinare i oktober kjem det neste spelet i Assassin’s Creed-serien, som tek stad på det karibiske hav blant historiske piratar. Black Flag kjem til Noreg 29. november. 12 Years a Slave dukkar ikkje opp på norske kinoar før 31. januar til neste år.

Kva forhold burde skodespelarar og filmskaparar ha til opphavsmateriale? Må dei vere fans?