Dialekter engasjerer stort i Noreg – òg i film og TV. Språket vårt er noko som kan glede og skape harme, avhengig av kor nøgde folk er med det som vert vist på skjermen.
I denne vekas premierefilm Solan & Ludvig – Jul i Flåklypa, seier filmskaparane at dei nytter dialekta slik Aukrust skreiv den. Til hjelp har regissør Rasmus Sivertsen hatt skodespelar Ingrid Vollan som dialektkonsulent – som kjem frå Alvdal, området der både det fiktive og det ekte Flåklypa finst.
Sjå dei første minutta av «Jul i FLåklypa» her.
– Garva alvdøler vil kanskje seie det er feil
Vollan gjorde liknande arbeid for Aukrust-animasjonsfilmen Gurin med Reverompa frå 1998. Først omsatte ho teksten til dei ulike rollene, spesielt Solan og Ludvig, og las inn replikkane deira for å gjenskape alvdalsdialekta.
– Først tenkte dei at dei kunne etterape det i studio, men det vart vanskeleg. Det vart lettare når eg sat i studio saman med skodespelarane, seier Vollan.
I Kjell Aukrusts bøker er det derimot ikkje 100 % alvdalsdialekt – språket til Solan, Ludvig og Reodor har éin bestemt skilnad frå det Ingrid Vollan kallar si dialekt:
– Aukrust sier «je», men i Alvdal sier vi «ei». Så då vart det slik at Sivertsen og resten av dei som laga filmen ville at dei skulle seie «je» òg. Eit eksempel på at ein må finne kompromiss i møte med teksten. Garva alvdøler vil jo kanskje seie at det er heilt feil, medan Aukrust-kjennarar vil seie at det er i tråd med hans tekstar, seier ho.
– «Eg» er jo det viktigaste ordet i språket vårt. Då eg var på teaterhøgskulen, var det orda «eg» og «ikkje» som var verst for folk å omstille seg til.
Se video: Sjå dei første minutta av «Jul i Flåklypa»
– Får dialektkjeft uansett
I fjor fekk NRK-serien Halvbroren kjeft for sin dialektbruk, då Røst-dialekta til Jon Øigardens Arnold-figur vart kraftig underkjent av lokalbefolkninga. Regissør Per-Olav Sørensen svarte at hovudfokuset var på skodespelarane, og forsvarte det med Arnolds fråflytting frå bygda i ung alder.
Regissør og manusforfattar Rune Denstad Langlo valde i filmen Jag etter vind å blåse i dialektkøyret. Historia finn stad på Stokkøya i Sør-Trøndelag, men innbyggjarane snakkar både nordnorsk, austlandsk, svensk og trøndersk. Det var eit bevisst val:
– Det er slik i Noreg, at når det gjeld dialekt, så får ein kjeft uansett. Men ein får mest kjeft om dei ikkje snakker dialekta bra nok, så me tok eit valg – me valde å få minst kjeft, sa regissøren i ei intervju då.
Dialektforskar Øystein Vangsnes ved Universitetet i Tromsø seier seg samd med Langlo:
– Eg trur på han. Nettopp på grunn av det som hende med Halvbroren. Ein kan godt seie at det er utfordrande for regissørar når dei har skodespelarar som klarar det godt, men ikkje godt nok for publikum.
Vangsnes nevner filmatiseringa av Landstrykere frå 1990 som eit eksempel. Der lærte svenske Marika Lagerkrantz seg trøndersk for å spele figuren Lovise Margrete, men fekk etterpå mykje kjeft for dårleg dialektbruk.
– Det er eit større medvit om dialektar og for kva som er korrekt og ikkje korrekt dialekt i Noreg.
«Jag etter vind»-regissøren: – Når det gjeld dialekt, så får ein kjeft uansett
Meir dialekt dei siste åra
Ifølgje Vangsnes er ikkje landets mange ulike dialekter unike. Det som derimot er spesielt er forholdet me har til talemålet vårt.
– Det har ein større status, ei høgare aksept, det er den viktigaste skilnaden til andre land. På kor avvikande dialektene er frå standardmålet er det jo mange andre land som kan vise til større skilnader. Ein kan seie at det er stoltheita som folk har til si dialekt som er viktigast, seier han.
– Det har kome dei siste 30-40 åra. Eg trur at det ein del av denne 68-generasjonen – med den kulturelle omveltinga som hendte då. Dels så byggjer jo heile målrørsla på at nynorsk er folkemålet, men så hadde jo òg målrørsla ei kampanje som heitte «Snakk dialekt – skriv nynorsk».
Skodespelar Ingrid Vollan har merka det same i arbeidet sitt – deriblant i rolla som Britt på NRK-serien Himmelblå:
– Dei seinare åra har eg fått spørsmål om å nytte dialekta mi på TV-seriar, det hadde aldri hendt før. Dialekta er sterkt knytta til identitet. Korleis er det mogeleg at det ikkje er det, dialekta er jo den vogga vi er byssa i!
Har nokon på TV/film i Noreg nokosinne fått til di dialekt ordentleg?