Sonys konsoll har fått ein liten tjuvstart her i Norden etter at Microsoft valde å dele Europa-lanseringa si i to tidlegare i haust. Der Xbox One ikkje kjem til landet før tidleg 2014, vart Playstation 4 lansert fredag 29. november. No har dei solgt 2,1 millionar konsollar på verdsbasis, derav 700 000 utanfor Nord-Amerika, skriv Sony i ei pressemelding.
– Etterspørselen er enorm og held fram med å vere sterkare enn tilbodet over heile verda, men me arbeider hardt for å møte den aukande etterspørselen for å levere fleire PS4-maskiner til butikkane våre no i julesesongen, seier Sony-sjef Andrew House.
Anmelding: Playstation 4: – Starten på et nytt spilleventyr
Dei omtalar det som den beste lanseringa i Playstation-historia (kanskje ikkje så rart), godt starta av eit salg på 1 million konsollar i USA og Canada løpet av det første døgnet – noko Xbox One seinare kopierte på si lansering i 13 ulike land.
– Me har fått indikasjoner på at det er så godt som utsolgt, seier Nils Bråfelt – marknadsansvarleg for Nordisk Filmdistribusjon, som distribuerar Playstation 4 i dei nordiske landa.
Så godt som utsolgt i Noreg
Her i Noreg er det meldt om tomme hyller over helga, og ventelister som strekk seg til minst januar for dei som ikkje allereie har fått tak i ein konsoll. Sony har tidlegare uttalt at dei forventar å selgje 3 millionar eksemplar av Playstation 4 i løpet av 2013, og er dermed på god veg til å nå målet sitt.
– Vi hadde vel høge forventingar, men det er ein enormt stor etterspørsel. Ein ekstrem etterspørsel i dei nordiske landa, slår Bråfelt fast.
Auka kjøpekraft og teknologiinteresse førar til at stadig fleire kjøper maskiner som dette, og årets globale lanseringar knusar sjølvsagt tidlegare konsollgenerasjonar. Playstation 3 selde rundt 200 000 dei første vekene i Japan, medan Xbox 360 klarte 326 000 på sine to første veker i USA
Nintendos Wii U nådde derimot ikkje opp til tala som Wii-en klarte i si tid – Wii Us 400 000 på den første veka slo aldri Wiis 600 000 i løpet av dei første åtte dagane.
Dette får sjølvsagt nokre bieffekter, noko som til dømes har ført til at Sony-lanseringsspelet Knack – som har fått heller laber mottaking av spelpresse – har solgt betre enn det flotte Wii U-spelet Super Mario 3D World i Storbritannia.
Les også: August i år: Wii selger bedre enn Wii U
Fleire tenester i 2014
Sonys streamingtenester, som blant anna gir deg tilgang til å spele Playstation 3-spel, er bekrefta tilgjengeleg i USA i 2014.
Europa har ikkje ein fastsatt dato enno, men i eit nyleg intervju med Filmpolitiet sa Playstation-sjef Andrew Ryan at det er «logisk å starte der infrastrukturen er mest robust», så det er nok ikkje utenkjeleg at Noreg er blant dei som vil vere tidleg ute.