Regissør Martin Scorsese har nytta eit langt liv på å lage mange – fantastiske – filmar. Karrieren hans tok av i 1976 med Taxi Driver, og gjennom åra har han no rukke å bli 71 år gammal. Ikkje at det nødvendigvis forhindrar han i å ha eit stort lass med prosjekt på ein gong, men på Marrakech internasjonale filmfestival har han i år signalisert at det byrjar å nærme seg slutten.

– Eg har eit ynskje om å lage mange filmar, men akkurat no er eg 71 år, og det er berre eit par filmar igjen om eg får laga dei, seier Scorsese ifølgje IndieWire.

Leonardo DiCaprio og Martin Scorsese. (Foto: AFP PHOTO / TIZIANA FABI)
Leonardo DiCaprio og Martin Scorsese. (Foto: AFP PHOTO / TIZIANA FABI)

Nyleg gav han eit endeleg nei til at han skal regissere Jo Nesbøs «Snømannen», som det lenge ha vore uvisse om. I staden skal han vere produsent, og håper ifølgje BA å møte Jo Nesbø i tida som kjem.

Les også: Dårlege utsikter for «Snømannen»-filmatisering

DiCaprio tente filmgleda

For tida promotorar han The Wolf of Wall Street, hans femte film med Leonardo DiCaprio (Titanic, Blood Diamond) i hovudrolla. Og det var nettopp DiCaprio som førte til at gleda over å lage film blussa opp på nytt på byrjinga av 2000-talet – i ein periode då Scorsese byrja å merke køyret.

– Det vert fysisk vanskeleg, spesielt med businessen – dei finansielle spørsmåla. Du er ansvarleg for mykje pengar, om du får dei. Det er mykje trykk, men kan du gjere det? Entusiasmen og gleda hans hjelpte meg verkeleg, framleis no i denne femte filmen.

Hans nyaste film er ein tre timar lang svart komedie om børsmeglarmiljøet i New York på 90-talet, inspirert av aksjesvindlaren Jordan Belfort si bok om tida før han vart arrestert.

Anmelding: Shutter Island: – Regissør Martin Scorsese og skuespiller Leonardo DiCaprio er glade i hverandre

Har følt seg «fanga» i filmar

Scorsese nemnde òg at det ikkje er alle regiprosjekta han har følt seg heilt heime i. På grunn av blant anna lovnadar og finansiell støtte har han hatt filmar han har forsøkt å kome seg ut av, men har enda opp med å regissere likevel:

– Då gjeld det å lage noko verkeleg spesielt. Eg måtte verkeleg finne ein måte å bli i prosjektet, halde meg interessert, og finne noko spesielt. Det har hendt eit par gongar dei siste ti åra, seier Scorsese, utan å nemne spesifikke filmar.

Han håper no at Silence vert den neste filmen hans, ei historie om ein spansk jesuittprest som på 1600-talet reiser til Japan for å finne att mentoren som har blitt mystisk borte.

Scorsese har hatt lyst til å adaptere boka med same namn sidan 80-talet, men den har ikkje kome på plass før no. Andrew Garfield (Amazing Spider-Man) og Ken Watanabe (Inception) er blant skodespelarane knytt til prosjektet.

Les også: Andrew Garfield til Scorseses «Silence»

Kva synest du om Scorseses filmar?