Det har liksom blitt ei sanning at gjenskapingar av gamle filmhistorier – såkalla remakes – er ein dårleg ting. Det er sjølvsagt ikkje sanninga, men me kan forstå reaksjonen – for det finst absolutt dårlege nyskapingar av gamle historier.

Neste veke kjem ei oppdatering av Robocop, med svenske Joel Kinnaman i hovudrolla, som det er knytt mykje forventningar til. Positive eller negative, den kjem uansett kva ein synest. I den samanhengen har me samla både dei verste og beste remakes.

Gjenskapingar av filmar er på ingen måte ein ny ting. I 1903 kom storfilmen The Great Train Robbery, som for si tid var revolusjonerande med tanke på ei faktisk historie. Faktisk var den så populær at det året etterpå vart laga ein ny versjon av same historie – den var ikkje like god.

Deretter har det gått i bølgjedalar, og anten grunnen har vore for å få det på andre språk – som i tilfellet med Olsenbanden-filmane – eller i trua på at ein kan gjere det betre i ein oppdatert versjon – som i Scarface, så har det hendt i over eit århundre allereie.

Det er mange boblarar her, blant dei beste filmane finn ein Dawn of the Dead, Oceans 11, Hairspray og nemnde Scarface. På den andre sida av skalaen finn ein Planet of the Apes, The Fog og dei nye Pink Panther-filmane.

Men dette er dei filmane me synest er best – og verst – blant filmgjenskapingane.

Best

The Magnificent Seven (1960)

The Magnificent Seven. (Foto: SF Norge)
The Magnificent Seven. (Foto: SF Norge)

Andreas: Eit av kroneksempela på ein film som tek ei historie inn i eit heilt anna miljø, og framleis fungerar. Ensemblet i Kurosawas Syv samuraier har blitt til cowboyar. Landsbyen som må forsvarast frå årlege plyndringar er framleis i utgangspunktet det same.

Originalen var delvis inspirert av cowboyfilmane til John Ford, så overgangen kjennest veldig naturleg. Kanskje seier ikkje remaken så mykje om det japanske samfunnet som originalen, men det har blitt ein ikonisk westernfilm i ettertid.

Ved sidan av eineståande sentralskodespelarar – Wallach, Brunner, McQueen, Bronson, Vaughn, Buchholz, Dexter, og Coburn – så er musikken noko av det beste med filmen. Elmer Bernsteins musikalske bidrag er fantastisk som stemningsskapar, og øyresnop på eigen hand i tillegg.

Les også: Tarantinos «Magnificent Seven»-hyllest på is

The Thing (1982)

Et godt eksempel på overbevisende effekter i The Thing (Foto: Universal Pictures).
Smil! (Foto: Universal Pictures).

Andreas: – Se til helvete å komme dere vekk. Det er ikke en bikkje! Det er en slags TING! Det imiterer en bikkje. Det er ikke virkelig! Kom dere vekk, IDIOTER!

Opninga på The Thing er sentral i å byggje spenninga for resten av historia. Ei skummel nerve som vert halden gjennom heile filmen, og berre vert sterkare etter kvart som tida går. E.T. kom ut det same året, og det er eit litt anna romvesen frå det ytre rom som kjem denne gongen.

I gjenskapinga av ei av 50-talets kraftigaste sci-fi-grøsserar klarte Carpenter å utnytte dei nyvunne effektteknologiane som 80-talet kom med for å gjere ei allereie god historie betre. Det monotone livet på polarbasen satt opp mot dei ville hendingane etterpå er flotte.

I 2011 vart filmen gjenskapt på nytt.

Les også: Kinosommeren 1982: The Thing

The Departed (2006)

The Departed. (Foto: Warner Bros. Norge)
To begeistra gutar i «The Departed». (Foto: Warner Bros. Norge)

Andreas: Det er denne filmen eg peikar på kvar gong nokon seier «Æsj, Hollywoods mange remakes er kun eit teikn på kreativ tørke!» (noko som hender overraskande ofte). Scorseses historie om politi og gangsterar i Boston som båe infiltrerar kvarandres arbeidsstand er basert på Hong Kong-serien Infernal Affairs.

Filmen gav endeleg Scorsese hans første Beste film-Oscar – og klarar å gjere noko nytt med ei allereie god historie. Kanskje mister filmane litt av den kulturelle konteksten, buddhistiske underliggande tema er kanskje ikkje det Scorsese hadde lyst til å gjere, og det er dermed hovudsakleg rammeverket som manusforfattar Monahan har behaldt vidare.

«Kunne det egentlig gå galt?» spurte Birger i si anmelding av filmen. «Nei. Filmen er akkurat så god som stamtavlen tilsier.»

Les også: Topp 5: Martin Scorsese

Verst

Pathfinder (2007)

Karl Urban i «Pathfinder». (Foto: Fox Paramount)
Karl Urban i «Pathfinder». (Foto: Fox Paramount)

Andreas: I likskap med Magnificent Seven er dette ein film som tek originalhistoria til eit heilt nytt miljø. Den samiske ungguten frå Veiviseren har blitt ein ung vikinggut, oppfostra av indianarar, som må bekjempe nye, slemme vikingar.

I hovudrolla finn ein ein nyleg Ringenes Herre-ferdige Karl Urban som indianar-vikingen Ghost, ein tidlegare svak gut som slår til for fullt når han har blitt vaksen. Historia frå Nils Gaups originalfilm er ugjenkjenneleg.

Også den norske originalfilmen var prega av lite dialog, men denne versjonen tek det til det ekstreme – året før kom visuelt sterke 300, og det var tydelegvis nokon som likte det dei såg då. I stor grad kan du sjå traileren like under, og få med deg absolutt heile filmen – det er ikkje så mykje poeng ellers.

Anmelding: Dredd: – B-film-testosteron

Taxi (2004)

Jimmy Fallon og Queen Latifah i «Taxi».
Jimmy Fallon og Queen Latifah i «Taxi».

Rune: Slik Joni Mitchell sårt skildrer tapet av uskyld i låta Big Yellow Taxi (pun intended) håper jeg Luc Besson nå føler den tyngende skammen over å ha produsert den amerikanske nyinnspillingen av hans Taxi (orig. fransk, 1998, regissert Gérard Pirès).

Frédéric Diefenthal, Samy Naceri og en fersk Marion Cotillard utgjør en herlig og frekk gjeng gatesmarte mennesker med tonnevis av sjarm i originalen. I 2004-nyinnspillingen kommer ei brautende Queen Latifa, en desperat Jimmy Fallon, og ei malplassert Giselle Büdchen. I jakten på å tilpasse filmfortellingen til et amerikansk publikum har Besson fjernet nærmest alt det som gav genuin troverdighet til figurene i 1998 – alt er galt med 2004-filmen.

Ut av den heftige røyken fra svidde drosjedekk i 1998-versjonen har Besson selv ansvaret for denne kommersialiserte haugen med dritt.

Anmelding: Farvel til mafien

Psycho (1998)

Gus van Sants «Psycho». (Foto: Univerrsal Sony)
Gus van Sants «Psycho». (Foto: Univerrsal Sony)

Andreas: Det har gått over 15 år, men eg skjønar framleis ikkje greia. Den suksessrike regissøren Gus Van Sant, som året før hadde laga Good Will Hunting og seinare skulle lage blant anna Milk, kræsjar totalt i si nyskaping av Hitchcocks Psycho.

I staden for å ta historia og skape noko nytt og eiget ut av den, bestemmer han seg for å lage ein «shot-for-shot»-remake – ein så nøyaktig kopi som han klarar med omtrent det same manuset, omtrent den same musikken, men med nye skodespelarar.

Resultatet er kjønnslaust, omtrent blotta for personlegheit, og svakare enn originalen på så godt som alle måtar. Sjølv Van Sant har i etterkant sagt at filmen viste at ein ikkje kan gjenskape magien frå tidlegare filmar gjennom kopiar.

Anmelding: Restless: – Litt dødt om livet