Det har lenge vore sikkert at regissør og manusforfattarQuentin Tarantino planlagde å lage ein ny westernfilm etter Django Unchained. For ei tid tilbake lakk eit rykte om at filmens namn var The Hateful Eight og var ein slags hyllest til westernklassikaren The Magnificent Seven.

No har manuset tydelegvis lekt ut, noko som gjer han sint:

– Eg er veldig, veldig deprimert. Eg gjorde ferdig eit førsteutkast, og tenkte ikkje å spele det inn før neste vinter, seier Tarantino til Deadline.

Django Unchained (Foto: The Walt Disney Company Nordic)
Tarantino er kjend som ein visuell filmskapar som gjerne låner frå andre filmar. Her frå «Django Unchained» som låner visuelle uttrykk frå ei rekkje filmar. (Foto: The Walt Disney Company Nordic)

– Eg likar at folk likar tinga mine, og at dei går omvegar for å finne det, og lese det. Men eg gav det til seks jævla folk!

Les også: Kjære Tarantino – lag denne filmen!

Dei seks inkluderer blant anna tre av skodespelarane han tenkte i roller – Michael Madsen (Kill Bill), Tim Roth (Reservoir Dogs), og nyleg Oscar-nominerte Bruce Dern (Django Unchained) – samt tre produsentar.

Tarantino mistenkjer at ein av desse (men tydelegvis ikkje Tim Roth) har gitt det vidare til ein agent, som så har pitcha det til ulike skodespelarar i Hollywood. Resultatet er at Quentin Tarantino no ynskjer å gå vidare til andre prosjekt.

– Om eg ikkje kan stole på folk såpass, så har eg ikkje lyst til å lage den. Eg får det utgitt i staden. Eg er ferdig. Eg flytter meg til neste prosjekt. Eg har ti til der den kom frå.

Anmelding: Django Unchained: – Kraftig kost fra Amerikas mørke slavehistorie

Ynskjer å gi ut historia som bok i staden

Også Django Unchained vart lekt til internett før filmen kom, men dette var på eit seinare tidspunkt i innspelinga.

Ifølgje Deadline planlegg han no å få ein vidareutvikla versjon av manuset utgitt i bokform, og har planlagt møter med forlag. Tarantino er jo ein visuell mann, som òg er glad i lange monologar, og snirklete dialogar. Korleis dette kan fungere i bokform gjenstår å sjå.

Bilete av Robert Blake som Baretta, saman med kakaduen Fred. (Foto: Pubic domain)
Bilete av Robert Blake som Baretta, saman med kakaduen Fred. (Foto: Public domain)

Tarantino legg uansett ikkje prosjektet heilt ned:

– Sjølvsagt kan eg endre meining; eg eig heile jævla greia. Men dette kan eg fortelje deg, det blir ikkje det neste eg gjer. Det er min baby, og om musen kallar meg til å gjere det seinare, så gjer me det.

Les også: Tarantino vil pusse opp kung-fu-klassiker

Eit av hans komande prosjekt kan vere historia om Baretta-stjerna Robert Blake, som i 2005 vart funne uskuldig for drapet på kona si. Tarantino skal ha kontakta agentane til den tidlegare skodespelaren om eit mogeleg prosjekt, ifølgje The Wrap, og det er sannsynleg at Bruce Dern er ein del av denne filmen også.

Blir Tarantinos neste film ei historie om ein manusforfattar som hemnar seg på slibrige Hollywood-agentar, som ein hyllest til 80-talets jappefilmar?