Når var første gong Filmpolitiet rapporterte rykte og nyheiter om at Independence Day 2 var på veg? Svaret er 11. januar 1998 (høyr klippet i avspelaren i saka), i vår første radiosending. Heile 16 år etter er filmen framleis ikkje på plass, men tydelegvis stadig nærare gjennomføring.

I juni i fjor kom nyheita om at Bill Pullman og Jeff Goldblum – henholdsvis president og datahacker – var med på prosjektet.

Regissør og katastrofefilmspesialist Roland Emmerich (2012, The Day After Tomorrow) uttalte då at Will Smith i dagens Hollywood nok var «for dyr» for oppfølgjaren, men at det var ein pågåande prosess.

Deadline melder no at Will Smith skal ha takka nei til Fox om å vere med på nytt som kaptein Steve Hiller.

Les også: Topp 5: Alieninvasjoner: – De beste filmene om besøk fra utenomjordiske «venner»

Ny invasjon frå verdsrommet i 2016

Undervegs skal manusforfattar James Vanderbilt (Zodiac, Amazing Spider-Man) har skrive på to ulike versjonar av filmen – éin med Will Smiths figur i hovudrolla, og ein anna der jagarflypiloten hans ikkje har ei rolle i det heile teke. Sistnemnde er vel no mest aktuell.

Bill Pullman og Jeff Goldblum i «Independence Day». (Foto: SF Norge)
Eg må innrømme at eg er nøgd så lenge Jeff «.. ehm, altså.. Jeff, øh, øh, øh» Goldblum (t.h.) er med. (Foto: SF Norge)

Filmen skal handle om ein ny invasjon frå verdsrommet (overrasking!), der menneska slår tilbake med romteknologien dei adopterte frå romvesena i den første filmen.

Independence Day 2 er planlagd for premiere den 4. juli 2016, 20 år etter premiera på den første filmen i serien.

I juni i fjor uttalte Smith at han ynskja å fokusere meir på mindre filmar, noko som òg var årsaka til at han har takka nei til ei rolle i ein komande Men in Black-film, etter Sony Pictures i fjor uttalte at dei ynskja å reboote blant anna den og Bad Boys-serien.

Smiths neste premiere er ei mindre rolle i Winter’s Tale frå regissør Akiva Goldsman (I am legend, Et vakkert sinn), som kjem til norske kinoar neste veke.

Er det for seint å lage ein oppfølgjar 20 år etter, eller kan tenkepausen ha vore god for Emmerich og co.?