Av og til dukkar det opp seriar som set spor i TV-verda, med stilmerker og uttrykk som dukkar opp lenge etter den originale serien. Thirteen er ikkje heilt ein av desse, men den fastset Broadchurch som den trendsetjaren den var.

I ei dramatisk historie – som blant anna låner frå den verkelege verdas Natascha Kampusch – handlar Thirteen om Ivy Moxam, som rømmer etter å ha vore i fangenskap i tretten år, sidan ho sjølv var tretten. Det første spørsmålet politiet må stille seg er om ho er den ho seier ho er:

– Menneske er bedritne, men er dei bedritne?

Det skal vise seg å ikkje bli det siste hodebryet ho skapar.

Anmelding: Top of the Lake: – En rystende krimserie

Thirteen. (Foto: BBC)
Empatiske Carne og skeptiske Merchant er politietterforskarane som driv krimplottet framover. (Foto: BBC)

Halvanna time unna Broadchurch

Jodie Comer (My Mad Fat Diary) gjer ei sterk hovudrolle som Ivy. Store auge og eit raskt endrande lynne befestar figuren som eit mysterium som politiet kanskje har rett i å betvile. Det er meir bak den ville hårsveisen enn eit enkelt offer.

Tonen minner absolutt om Broadchurch (det er til og med i same område), eit kaldt sør-England i nordic noir-lys, der ingen er heilt uskuldige. Første episode gjer ei veldig god etablering av familien Moxam, som allereie hadde byrja å rakne før Ivy kom att.

Det er ikkje det at resten av episodane ikkje er gode, men dei første femten minutta er veldig godt samanskrudd, og etablerar eit godt grunnlag for resten av serien å stå på. Det er mykje uvisst som blir sakte avslørt i dei komande episodane.

Sentralt i historia er òg to politietterforskarar, empatiske Carne (Richard Rankin) og skeptiske Merchant (Valene Kane), som får saka i fanget – «utan presedens» som politisjefen så fint seier det. Dei er seriens engel og djevel, og driv serien framover. Som politipar er dei ganske standard, men gjer fine roller som skil seg nok frå mangfaldet av kompiskonstablar der ute.

Anmelding: Bloodline: – Familiehemmelighetene blir mørkere

Thirteen. (Foto: BBC)
Møtet mellom to ungdomskjærastar i Thirteen gir ordet «ungdomsskulereunion» ein litt anna klang. (Foto: BBC)

Zoomar inn på offeret etter kidnappinga

Venegjengen frå ungdomstida er eit anna viktig element. Kva gjer ein ungdomskjærast (Aneurin Barnard, Krig og fred) som ikkje har sett veninna si sidan ho var tenåring? Spesielt når ho ikkje har fått utvikle seg sidan då, og han har rukke å bli gift.

– Så kva har endra seg? Alt? Ingenting?, spør Ivy.

Det er møtet med kvardagen Thirteen prøver å finne ut av. Jakta på den kriminelle er eit viktig spenningsmoment, men sjølve forbrytaren er i stor grad i bakgrunnen, iallfall i dei tre første episodane. Etter kvart som politiet kjem nærare, kjem også vi nærare – men det er i større grad Ivy som blir avdekt enn skurken.

Det er livet etter kidnappinga serien zoomar inn på – tematisk for så vidt ikkje ulike Unbreakable Kimmy Schmidt, men mørkare britisk.

Lyddesignet er tett og nært, actionmusikken følast som blod som pumpar i øyra, med tidvis anmassande strykarar ved sidan av. Elles er musikken prega av musikksmaken til Tim, og denne Dark Dark Dark-låta som ligg over heile serien.

Anmelding: The Night Manager: – Elegant britisk spionkrim med en smak av Bond

Don’t say sorry

Serien vart skapt for ungdomskanalen BBC Three, som etter sparetiltak vart gjort til ein rein nett-kanal i mars, med lågare totalbudsjett, og tankar om kortare og meir fokusert innhald. Thirteen sine hendingsfylte fem episodar er ei reflektering av dette.

Etter å ha skrive TV-manus her og der i nokre år – blant anna for såpesuksessen Hollyoaks – er dette Marnie Dickens første prosjekt som sjefsserieskapar. Ho har laga eit tett thrillerdrama i ein veldig tidsriktig stil, som hittil stiller fleire spørsmål enn det besvarar.

Variantar av «Don’t say sorry» er eit gjentakande replikk i Dickens penn – ikkje berre frå Ivy, men også andre figurar. Det er tydeleg at ein tanke om forlating er sentralt når det byggjast opp mot ei løysing, og før slutten er her er Thirteen ein spennande, om enn litt «lånt», krimserie som tek offeret sitt på alvor.

Thirteen har norsk premiere på TV2 onsdag den 8. juni, dei to første episodane blir vist 21.45 og 22.50.

Om SERIEN

Thirteen
  • Thirteen
  • Slippdato: 08.06.2016
  • Sesong: S01 E01-03
  • Utgiver: BBC, i Noreg på TV2
  • Serieskaper: Marnie Dickens
  • Sjanger: Drama, Krim, Thriller