PÅ PRIME VIDEO: «Cross» er ein dyster storbykrim der ein djupt plaga detektiv jagar ein stormannsgalen seriemordar i Washington D.C..
ANMELDELSE: Kids in Crime S2 – Eksplosiv overdose
Serieskapar Ben Watkins byr på overdriven og vellaga sjangerunderhaldning frå eit velkjent krimterreng – og det er og ein velkjend krimhelt i hovudrolla. Serien er basert på James Patterson sine bøker om politimannen Alex Cross, ein etterforskar blant anna Morgan Freeman tidlegare har spelt i filmane «Kiss the Girls» (1997) og «Along Came a Spider» (2001).
Det luggar i truverdet fleire stader. Her må realismen vike både når det gjeld Cross sine val og i plottvriar med for utrulege tilfelle. Det er og nokre langdryge parti i løpet av dei åtte episodane.
Men det fenger likevel som psykologisk og makaber seriemordarkrim. Aldis Hodge leverer ei sterk hovudrolle, og politimannen Cross ruvar karismatisk i eit farleg og korrupt krimunivers med potensial for mange gode sesongar i TV-ruta.
Jagar makaber seriemordar
Eit år etter at Alex Cross (Aldis Hodge) mista kona si, er han i ferd med å slutte som politietterforskar. Men føreseieleg nok, kjem det ei heilt spesiell sak som berre Cross kan løyse.
Ein lokal borgarrettsleiar blir funnen død. Han var aktiv i kritikken mot rasisme i politiet, og mange mistenker at han vart myrda for meiningane sine. Det trur ikkje Cross. Han finn godt skjulte spor som avdekker ein seriemordar med mektige forbindelsar.
Og som om den oppgåva ikkje var vanskeleg nok, så har skjulte fiendar frå fortida begynt å kontakte barna til etterforskaren. Spora peiker i retning av det uløyste drapet på kona.
Nok ein fengande krimadapsjon frå Amazon
Strøymetenesta Prime Video har hatt stor suksess med serieversjonar av populære krimheltar frå bokverda.
Det starta med «Bosch» i 2014. Så kom «Jack Ryan» i 2018 og «Reacher» i 2022. Alle tre er Amazon-produserte seriar som har blanda solid spenningskrim med enkle popkorngleder, og som har valt svært passande skodespelarar for tittelrolla.
«Cross» er nok ein vellykka krimadapsjon med teft for effektiv spenning, lettbeint systemkritikk og eit rollegalleri med relasjonar og konfliktar som kan bere serien i fleire sesongar på TV-skjermen.
I Aldis Hodge («One Night in Miami», «Black Adam») har serien ein sindig og kul hovudperson. Han speler Cross med ei psykologisk innsikt som gjer han til ein meisterdetektiv, samtidig som helten har ei gatesmart tilnærming til problemløysing som gir sjarm og slagkraft.
ANMELDELSE: Gladiator 2 – Vil underholde de blodtørstige
Eg blir ekstra underhalden av at serien kombinerer fleire populære sjangergleder i referansar og stemningsmarkørar. Her er det spor av psykologiske thrillerar frå 90-talet, som «Seven» og «Nattsvermeren». Vi får bli med på ikoniske Washington-stader som Ben’s Chili Bowl, og det er lett å sjå element av nordisk noir i både skurkar og i den visuelle stilen. Til saman rullerer «Cross» så godt på desse fengande styrkane, at eg toler både drygt sensasjonelle plottvriar og ein del føreseielege detektivklisjéar.
«Cross» har premiere med heile sesongen på Prime Video 14. november.