nrk.no
Ei kvinne med langt brunt hår og kvit gensar står ved ein fjord. Ho har ryggen til kamera, og hovudet er vendt litt mot venstre. Over ansiktet og deler av landskapet er det lagt inn foto av det rosa godteriet Love heart. På godteriet står det ting som "All yours", "how sweet", "in love" "all mine".
SINGELPRESS: Jamila meiner at det er dumt at unge opplever eit press om å vera singel. Foto: Marit Eide, NRK P3 / Grafikk: Veronica Falsen Hiis

Jamila (23) er «seriemonogam»: – Vennane mine såg meg som litt svak

«Du burde vera litt singel no, sånn at du kan finna ut av kven du eigentleg er.» Dette er ei setning dei fleste seriemonogamistar er godt kjent med, men stemmer det?

Evig singel eller aldri singel. Me kjenner alle nokon som fell inn under dei to vidt forskjellige kategoriane.

Korleis er det eigentleg å vera den som på eit eller anna mirakuløst vis greier å finne kjærleiken igjen og igjen? Å aldri oppleva korleis det er å vera skikkeleg singel over ein lengre periode?

P3.no har prata med to personar som vil dela sine opplevingar og ta opp fordommane dei møter som «seriemonogamistar».

– I sommar lova eg kompisane mine at eg skulle vera ordentleg singel i eit år eller to, men så går det nokre månadar, og så … Dei flirte seg jo i hel då eg fortalde at eg hadde hamna i eitt nytt forhold, fortel ein mann med djup røyst.

Kortreiste kjærastar

28-åringen skal bretta ut om kjærleikslivet sitt og ønsker derfor forståeleg nok å vera anonym. Me kallar han for «Sondre».

Med brei dialekt som står til den djupe røysta, fortel Sondre om korleis han aldri har vore på ein Tinder-date i heile sitt liv. Likevel har han hatt seks kjærastar sidan han var 14, og mellom desse har han data ulike jenter i månadar av gongen.

– Dei første fem kjærastane eg hadde, budde i ein sykkelradius på seks minutt frå barndomsheimen min, kjem det frå andre enden av røyret.

Den fyrste kjærasten vert det slutt med etter ni månadar.

– Dagen eg skulle senda ut konfirmasjonsinvitasjonar, tenkte eg: «Ønsker eg eigentleg å ha ho i konfirmasjonen min?» Så det vart slutt den dagen, seier han og ler ein klukkande latter.

Rosa love hearts ligg hulter til bulter på ei rekka. På dei står forskjellige klissete kjærleikserklæringar som "all yours", "real love", "in love" osv.

Men singelstatusen til unge Sondre skal ikkje vara lenge. På tampen av ungdomsskulen møter han ei som han er saman med i tre og eit halvt år. Når det tar slutt, går dei neste åra med på å deita ulike jenter i månadar av gongen.

Men aldri utan mål og meining.

– Det har aldri vore berre ein eller to deitar med ei jente, det har alltid vart i nokre månadar. Eg har ikkje søkt etter spenninga med å deita berre for å deita, bevisst eller ubevisst søker eg tilbake til det å ha ein kjærast.

I løpet av 20-åra er han i tre forskjellige forhold, som alle varar i to–tre år. Sondre er ikkje singel særleg lenge mellom dei ulike kjærastane.

No, i ein alder av 28, er han eit halvt år inn i sitt (forhåpentlegvis) siste forhold.

Men kva er det med forhold som gjer at Sondre alltid hamnar i dei?

– Eg likar følelsen av å kunna vera nokon sin, det får meg til å føla meg veldig bra med meg sjølv. Eg likar tanken om at ein formar livet saman i ei retning. Og så synest eg det er hyggeleg å varta opp og dulla med nokon, svarar han.

Forholdsflukten

Sondre er ikkje den einaste seriemonogame P3.no har vore i kontakt med. 23 år gamle «Jamila», som også ønsker å vera anonym, møtte sin første kjærleik på handballbanen då ho var 13. Ti år seinare har ho aldri vore singel i meir enn eit halvt år.

For Jamila vert forhold ei flukt frå ein kaotisk oppvekst.

– Det var mykje usikkerheit på heimebane, så eg og bror min flykta. Han flykta til venner, og eg hadde denne gode, trygge kjærasten, forklarar ho med ei roleg stemme.

Ungdomsskulejenta skjønte raskt at forholdet med handballspelaren gav ho noko anna enn det ho fekk frå venner.

– Kanskje eg trong nokon som eg kunna vera kjær med på andre måtar enn det du kan vera saman med ein venn? spør Jamila retorisk.

Psykolog Kristina Moberg smiler til kamera. Ho sit med beina i kryss, kviler begge armane på låret, mens den eine handa har eit tak i haka hennas. Ho har brunt hår i hestehale, ein kvit bluse, svart skjørt og svart strømpebukse. Ho har blå auger og bakgrunnen er mørkegrå. Rundt bildet er ei ramma av rosa lovehearts.
TRUA: – Det positive med seriemonogamistar er deira evne til å tru på kjærleiken gong på gong. Det krev jo optimisme og tillit, meiner psykolog Kristina Sjøberg Moberg. Foto: Bjørnar Strømsholm / Grafikk: Veronica Falsen Hiis

Psykologspesialist Kristina Sjøberg Moberg forklarar at det kan vera fleire grunnar til at unge lett hamnar i forhold.

– Nokon er meir søkande, tillitsfulle og romantiske av seg, og tar heller ein smell med å velja feil enn å la ein sjanse gå. Nokon har naturlegvis også meir «draget». Ein annan grunn kan vera frykt for å vera aleine og at ein kjenner på einsemd.

Ho legg til at det er heilt normalt å ha eit behov for å kjenna seg ønskt og elska.

– Men det kan gjera at enkelte hastar inn i nye forhold i staden for å tola å bruka litt tid med seg sjølv og på å finna ein ny match. Dersom ein skiftar ofte og parforholda ikkje er så gode for deg, er det verdt å stoppa litt opp, synest eg. Kjenn litt på kva du treng i livet og kvifor du hastar av garde til ein ny, rår ho.

Singel i to dagar

Etter tre år saman begynner Jamila og kjærasten på vidaregåande. Festing vert ein del av livet, og Jamila føler på behovet for å ikkje vera bunden.

– Eg ville vera singel som alle dei andre venninnene mine – flørta og utforska. Det var berre derfor eg gjorde det slutt, for eg var framleis veldig glad i han, forklarar ho.

Men Jamila angrar raskt på brotet. Singellivet var ikkje slik som ho håpa.

– Noko av det fyrste eg gjorde då eg slo opp, var å lasta ned Tinder og andre datingappar, berre for å ha nokon å snakka med. Eg sakna denne tryggleiken. Det var derfor eg var med så mange folk, for å prøva å finna ein rebound.

Jamila står framfor ein blå garasjeport, med ryggen til. Ho har på seg blå dongeribukse, kvit gensar og har langt brunt hår. På garasjeporten er det grafisk lagt på "tagging" av rosa lovehearts.
KRESEN: Jamila meiner at ho ikkje er mindre kresen enn andre, sjølv om ho fort hamnar i forhold: – Eg har alltid hatt ein standard, men eg er òg ein menneske-person. Foto: Marit Eide, NRK P3 / Grafikk: Veronica Falsen Hiis

I dette halve året deitar Jamila fleire gutar. Ho blir saman med ein fyr, men det varar berre ei kort stund. Ikkje lenge etterpå blir ho i lag med ein som ho omtalar som «tidenes idiot». Etter ni månadar gjer ho det slutt, men heller ikkje denne gongen skal singellivet vara lenge.

Berre to dagar seinare møter ho ein kjenning frå ungdomstida på fest. No er dei saman på sjette året.

Kan vera sunt med ein periode aleine

Ifølge Jamila har ho ikkje søkt seg inn i forhold, det har berre skjedd.

– Eg trur ikkje eg såg etter noko seriøst, men når du har det behovet etter intimitet og tryggleik, så blir det plutseleg veldig seriøst.

23-åringen er klar i sitt svar på kva det er med forhold som gjer at ho blir dratt mot dei.

– Det er tryggleik. Å ha den faste personen som alltid er der, liksom. Eg trur at mitt behov for tryggleik og faste forhold ligg i at eg sjølv er ein utrygg person med høge toppar og låge botnar. Forholda mine er liksom det som held meg innanfor linjene og som sørger for at eg aldri treng å vera aleine.

Sjølv om ho ikkje angrar på forholdet ho er i no, ser Jamila at det kan vera nokre problematiske sider av aldri å ha vore skikkeleg singel.

– Eg har ikkje fått den tryggleiken til å vera aleine. Eller, den har komme no, men det har tatt veldig lang tid, seier ho og legg til at kjærasten hennar også har bidratt med å styrka den mentale helsa hennar.

Rosa love hearts ligg hulter til bulter på ei rekka. På dei står forskjellige klissete kjærleikserklæringar som "all yours", "real love", "in love" osv.

Psykolog Moberg fortel at det er bra for helsa å vera i parforhold som vaksen, men at det å ha fast forhold allereie frå tidleg ungdomsalder nok er litt annleis.

– Dette er fordi hjernen er i enorm utvikling, hand i hand med sjølvutviklinga og identitetsutviklinga. Noko kan tyda på at det å ha ein viss periode på «eiga hand» i ung alder er sunt.

Moberg fortel at forholda du har som ung, kan påverka di personlege utvikling ganske mykje.

– Så ver litt obs på å sjå etter fine folk å vera med, så det kan forma deg på ein god måte, rår psykologen.

– Kva er poenget med å vera singel?

Jamila trur at ho i framtida kan angra på at ho aldri har vore skikkeleg singel.

– Eg trur det handlar om at det å vera singel er noko alle gjer, eigentleg. Det er meir unormalt heile tida å vera i eit forhold. Det eg trur kunne ha vore ganske kjekt med singellivet, er å ha denne spenninga med å vera ute på byen. For eksempel har eg aldri hatt ein one night stand, forklarar Jamila over telefonen.

Sondre trur også at han i framtida kan komma til å angra på at han ikkje «herja» meir då han var ung.

For å prøva å unngå slik tankegang i framtida, skriv han notat på mobilen der han minner seg sjølv på at han aldri eigentleg utnytta singellivet dei gongane han faktisk har vore singel.

– Eg har prøvd å ta litt grep, slik at når den dagen kjem, så skal eg ikkje laga eit romantisert bilde av meg sjølv som singel. Kva skulla ha vore poenget med å vera singel, liksom?

For Sondre har sjekking og spenning aldri høyrt saman.

– Altså, den spenninga med å reisa ut på byen og sjekka opp folk … Natt til søndag er kanskje det tidspunktet eg er minst interessert i å søka etter ein partnar, seier han smått oppgitt, etterfølgt av klukkande latter.

– For mange handlar Tinder og moderne datingliv om spenningssøk, men for min del er det nok litt det motsette. Eg søker spenninga i alt anna, og så ønsker eg å ha ei trygg hamn i forhold, på ein måte.

«Kvifor klarar du ikkje å vera aleine?»

Både Jamila og Sondre har følt på at dei må forsvara forholda sine. Vennar og familie har «mast» om at dei burde vera singel over ein lengre periode.

– Dei blei ganske leie til slutt. Særleg pappa meinte eg måtte finna meg sjølv og ikkje alltid vera knytt til nokon. Du går liksom glipp av ein viktig del av det å utvikla din identitet og kven du er. Vennane mine såg meg som litt svak. «Kvifor klarar du ikkje å vera aleine?» liksom, fortel Jamila.

Nærbilde av handa til Jamila som kviler i bukselumma bak på buksa. Ho har blå dongeribukse, kvit strikkegenser og ei kvit t-skjorte stikker så vidt ut under gensaren.
SINGELSUGET: Det var mest i russetida at Jamila kjente på at ho skulle ønskt at ho var singel. No set ho pris på å ha den eine faste personen i livet sitt. Foto: Marit Eide, NRK P3 / Grafikk: Veronica Falsen Hiis

Det å kjenna si «indre stemme», velja retningar og læra å stå på eigne bein er noko me i vår kultur verdset høgt, meiner psykolog Moberg.

– Det er vel kanskje derfor vaksne kan bli litt bekymra dersom ungdommen etablerer seg tidleg som del av ein «duo». Men ein kan øva på dette dersom ein er i parforhold òg. Det krev berre noko meir bevisstgjering og innsats.

– Det kan vera viktig å hugsa på at uansett kva andre synst, så er det ein menneskerett å velja sjølv, legg ho til.

– Du er ikkje ein svak person

Også Sondre har kjent samfunnshaldningane på kroppen.

– Å vera seriemonogam i dag kjennest ut som noko ein må rettferdiggjera. Eg opplever det som om singellivet blir hylla og sterkt romantisert, meiner han.

For dei som meiner at ein må vera singel for å finna ut av kven ein er, er Sondre ganske ueinig med.

– Eg meiner at ein blir godt kjent med seg sjølv i eit forhold. Der er når ein legg all sin tillit i nokre andre sine hender at ein begynner å kjenna på sine eigne styrkar, sårbarheiter og svakheiter. Medan når ein er aleine, kan ein skjønnmåla eller svartmåla bildet av seg sjølv, meiner 28-åringen.

Mens Jamila er redd for at presset rundt å vera singel kan øydelegga for unge som er i lykkelege forhold.

– Det er ikkje feil å vera i eit forhold, og du er ikkje ein svak person. Du kan faktisk utvikla deg som person sjølv om du er i eit fast forhold, så lenge det er den rette personen for deg. Det er ikkje ein identitet å vera i eit forhold, du er framleis den du er, meiner ho.

MEIR OM KJÆRLEIK:

LES MEIR FRÅ P3.NO:

Siste fra P3.no: