Ludvig tømmer dassen til Jay-Z

Som P3 og Hovefestivalens uoffisielle HMS-ansvarleg, ser Ludvig det som si oppgåve å sjekke hygieneforholda på do. Også backstage hos superstjernene.

Hoves HMS ansvarleg Ludvig Løkholm Lewin

Som P3 og Hovefestivalens uoffisielle HMS-ansvarleg, ser Ludvig det som si oppgåve å sjekke hygieneforholda på do. Også backstage hos superstjernene.

I går testa han om sunne, miljøbevisste festivaldeltakarar var klare for fisk på pinne. Dagens oppdrag, som Osenbandens lyttarar bestemmer over, var eit skikkeleg drittoppdrag, skjønt intet mindre viktig. Ludvig måtte bli med renovatør Audun Johannessen på jobb i dag tidleg for å tømme doane:

Ludvig fann også Silje sitt kort i do. Så heiter du Silje og manglar eit kort, kan dette vere ditt.

Her er noko av det renovatør Audun har funne i festivaldoar:

Visakort

600 kroner

gifteringar (dei vil ikkje folk ha tilbake, underleg nok)

I morgon må Ludvig teste eit nytt oppdrag. Følg med på p3nett og i Osenbanden.