Portrett av Daniëlle og datteren på 1,5 år. Daniëlle har på seg en gul jakke og smiler bredt med tennenene. Datteren er ikledd en rosa buksedress og har på seg en rosa lue.
LANG REISEVEG: Det er jo ikkje slik at det berre finst lesbiske par på Austlandet, skriv Daniëlle. Foto: Markus Indrebø-Langlo, NRK P3
MEINING:

– Kvifor må eg dra til Oslo for å få barn?

Foto:
Daniëlle Christine van Stee (24)Mamma
Publisert 27.10.22 08:00

Daniëlle (24) er frå Nederland, men bur i Eikefjord på Vestlandet. Ho jobbar også i barnehage. Dette er er hennar personlege meining.

Eg har alltid drøymt om å få barn.


Men sidan eg er lesbisk, har det ikkje vore enkelt.

I fjor vart draumen til verkelegheit.

No har eg og kjærasten min ei dotter på 1,5 år.

Vegen dit var både vanskeleg og kosta mykje.

Kvifor skal det vere slik for lesbiske?

Så la meg ta deg med på reisa vår.

Om ein i dag som eit lesbisk par ønskjer barn gjennom det offentlege, er det berre ein stad i landet ein får gjere det. Det er ved Oslo Universitetssjukehus. Så viss ein bur på Vestlandet, slik som vi gjer, er det utruleg tungvint.

Vi ønskte å starte prosessen ganske fort. Vi undersøkte litt og skjønte ganske raskt at det offentlege ikkje var eit alternativ. Vi hadde rett og slett ikkje lyst til å vente så lenge.

I det offentlege kan ventetida fort vere på over eitt år. Det er mellom anna fordi det er få sæddonorar. Så med andre ord: Vi var nøydde å vente over eitt år og dra over 40 mil til Oslo om vi skulle gå gjennom det offentlege.

Så vi valde å gjere det hjå ein privatklinikk i Bergen. Her måtte vi betale for fertilitetssjekk, konsultasjonar, fleire forsøk og ikkje minst donorsæd. Då kjem beløpet fort opp mot 50.000 kroner.

Vi hadde bestilt tre forsøk med sæd. Berre det kosta oss 23.000 kroner. Vi var så heldige at vi blei gravide på andre forsøk, så vi slapp å punge ut med nye 23.000 kroner. Det er ikkje alle som er like heldige, og då kan prislappen fort bli ordentleg stiv.

Da vi såg den positive graviditetstesten, blei vi utruleg glade. Vi er stolte over å ha klart å bli gravide som lesbiske. Men samtidig var vi utruleg letta for at vi ikkje trong å bruke meir pengar på fleire forsøk.

Eg får vondt av å tenke på alle som ønskjer å bli gravide, men som ikkje har midlar.

Gjennom heile graviditeten til sambuaren min kjente vi ofte på ein følelse av kor heldige vi var som faktisk blei gravide. For det er jo absolutt ikkje ei sjølvfølge for lesbiske. Eg får vondt av å tenke på alle som ønskjer å bli gravide, men som ikkje har midlar.

Men til sjuande og sist er det jo så utruleg verdt all tida og pengane vi har brukt på å bli gravide. Då Kristine blei født 28. januar i fjor, var alt dette gløymt. Eg har aldri vore stoltare og lykkelegare.

Eg har full forståing for at det er krevjande med assistert befruktning. Og det er utruleg viktig at det er kvalifiserte folk som gjer det. Men det er noko latterleg med at det berre er Oslo Universitetssjukehus som tilbyr assistert befruktning til lesbiske par.

Kanskje ventetida hadde vore litt kortare om ein hadde tilbydd dette fleire stader i landet? Det er jo ikkje slik at lesbiske par finst berre på Austlandet.

I framtida ønskjer eg at det skal bli lettare – og ikkje minst billigare – å bli gravid for lesbiske par. Uansett kvar ein bur i det langstrekte landet vårt. Å få eit etterlengta barn er noko eg unner alle.

Bilde av Danielle og kjæresten som bærer datteren i mellom seg.
Foto: Markus Indrebø-Langlo, NRK P3

Kommentarer