BEREKRAFT: Når er det ikkje lenger greitt at ein gjer alt for å vinna? spør Torstein (26). Foto: Maud Lervik, NRK P3
MENING:

– Når er det ikkje lenger greitt at ein gjer alt for å vinna?

Torstein (26) har mørtk krøllete hår og et seriøst blikk. Han ser i kamera med et alvorlig blikk.
Torstein Bakketun Kyte (26)Student
Publisert 16.10.23 08:00 / Oppdatert 23.10.23 20:56

Torstein (26) er frå Voss på Vestlandet, men studerer i Sogndal. Han har nyleg skrive master om fotball og berekraft. Dette er hans personlege meining.

Den spanske VM-skandalen rundt Jennifer Hermoso og Luis Rubiales føyer seg inn i rekkja av skandalar i fotballen dei siste åra. Frå økonomiske uregelmessigheitar til omfattande seksuell trakassering,

VAR

Videodømming
-trøbbel til menneskerettsbrot.

Det er mange utfordringar i fotballen, men kva er eigentleg den største?

Eg har lenge undra meg over eit underleg paradoks. Omgrepet flyskam dukka opp for eit par år sidan. Det vert som oftast brukt om ferieturar eller jobbturar som kan verka unødvendige.

Det vert sjeldan nytta om fotballturar.

Norske supportarar tek ofte turen til det store utland for å heia fram eit lag som dei i utgangspunktet ikkje har noko som helst tilknyting til.

Eller meir aktuelt: Stjernespelarar vert henta av store passasjerfly for å signera kontraktar med gullskrift, som Neymar i sommar .

Eg veit dette er å banna i kyrkja. Nordmenn er lidenskapeleg oppteken av fotball, særleg engelsk fotball. Og nordmenn er også blant dei turistane som oftast kjem nettopp for å sjå fotball .

Torstien sitter på en boks i Klimahuset ved Naturhistorisk museum. Han ser ned til siden med et seriøst blikk og holder hendene på venstre legg.

Eg har ikkje noko ynskje om å sverta norske fotballsupporterar unødig. Sjølv er eg ein av dei som sett fotballkampar høgt på lista øve grunnar til å forlate landet. Eg er nok ikkje aleine om å ynskje å sjå Luton Town denne sesongen.

I vår har eg skrive ei masteroppgåve om fotball og berekraft, og fotballturismen var blant fleire ting eg såg på undervegs.

Gjennom arbeidet vart det tydeleg for meg at den moderne fotballen står for fall. Spørsmålet er berre om ein vil møta utviklinga eller la den komma brått og opprivande?

Ein ser allereie effektane av klimaendringane og med stadig vanskelegare levehøve kan underhaldningsindustrien fort verta overflødig eller grundig nedskalert.

Det betyr at jobben som profesjonell fotballspelar kanskje ikkje vil eksistera lenger om 25, 50, 75 år, slik utviklinga rundt klimaendringane er no.

Fleire hundre klubbar sine anlegg står i fare for å flauma over fordi banane ligg lågt i terrenget eller nær elver. Hete kan øydeleggje graset. Vassmangel hindrar vatning. Straumprisar vil påverka bruken av anlegga. I tillegg kjem storm og ekstremvêr.

Så er det sjølvsagt ikkje berre supporterane som har skulda.

Torstein står uten for Klimahuset ved Naturhistorisk musuem. Han har på seg treningsdress. Det regner.

Fleire profesjonelle fotballspelarar tek privatfly mellom kampane, sjølv ved korte avstandar der reisetida elles ville vore nokre få timar. Flyselskapa stiller også villige opp som sponsorar og innbyr til meir reising.

FIFA er blant aktørane som er kritisert for grønvasking og å gjera minimalt for å oppnå klimaendringar. At FIFA utvidar fleire turneringar både i tid og antal lag er kritisert ettersom det vil auke klimautsleppa av kvar turnering.

Det er utvikling i fotballen, men den går smått og trått. Football for the Goals-prosjektet til FN er eit døme på dette, samt Action Now-prosjektet til Bodø/Glimt, som begge skal jobba med berekraft i norsk fotball.

Organisasjonar som FossilFreeFootball og Morten Thorsbys WePlayGreen er også på ballen

Det er store spørsmålsteikn ved kva som er drivkrafta og om klubbar og forbund gjer so mykje dei kan eller så lite som dei kan sleppa unna med utan å mista omdøme.

Det positive for Noreg og norsk fotball er at ein no er i gong med å jobba med berekraft, i alle fall på øvste nivå. Det negative er at det same gjeld få andre land.

Berekraft er ikkje eit naturleg omgrep i fotballen, og det er heller ikkje naudsynleg prestasjonsfremjande.

Kvifor skal då klubbar og forbund jobba med det? Kor kjem initiativa frå? Korleis får ein fram fordelane sånn at alle vil bidra? Korleis vert innsatsen med arbeidet og kven fylgjer det opp?

Det er ikkje noko enkelt å svara på.

Torstein ser litt til siden med et alvorlig blikk. Over han henger det en slags utstoppet forhistorisk fisk.

Det er mange små og store tiltak som monnar. Det kan vere å samkøyre poden på trening, droppa å kjøpe ein eller to av årets nye drakter eller kjøpa brukt utstyr eller drakter.

Men ikkje minst: å nytte stemma si til å setja krav til klubbane, forbunda og dei som har fått den største æra: å få styre litt av fotballen.

Må stjernesigneringa verkeleg ha privatfly eller eit enormt passasjerfly aleine? Kan klubben nøya seg med å byta drakt annakvart år? Må laga og spelarane spela 70 kampar kvart år i 5-6 ulike turneringar?

Kva skal klubbar, forbund, statar og spelarar eigentleg få lov å gjera med fotballen vår? Når er det ikkje lenger greitt at ein gjer alt for å vinna?

Fotballen møter nye utfordringar i framtida, og ein må gjere ein stor jobb om fotballen skal bestå som verdas mest populære amatør- og proff-idrett.

Tida vil syna framtidas fotballverd. Eg håpar på det beste.

Torstein (26) har mørkt krøllete hår og markerte øyebryn. Han har på seg treningstøy. Han lener seg mot en vegg mens han ser til siden. Til venstre for han står det en utstoppet isbjørn. De er på Naturhistorisk museum.

Kommentarer