BYGDEKJÆRLEIK: – Den kollektive omsorga er nok ikkje noko ein ville opplevd på same måte i ein større by, skriv Miriam. Foto: Maud Lervik, NRK P3
MENING:

– Derfor vil eg at barna mine skal vekse opp på bygda

Miriam smiler og ser inn i kamera. Hun har på seg en rutete skjorte og et skjellsmykke. Foto: Maud Lervik
Miriam Flo (24)Lastebilsjåfør
Publisert 07.11.22 08:00 / Oppdatert 23.10.23 20:58

Lastebilsjåfør Miriam (24) er frå Stryn og bur i Lesja. Dette er hennar personlege meining.

Eg er fødd og oppvaksen i Stryn, ein liten stad i Sogn og Fjordane med heile 7000 innbyggjarar. Stadig fleire flyttar frå slike plassar. Dei vil heller bu i dei store byane. Eg er ikkje ein av dei.

Når eg får barn, vil eg heller at ungane mine skal vekse opp på bygda enn i byen. Det er det fleire årsaker til.

Eg meiner til dømes at dei som veks opp på bygda, er meir praktisk anlagt. Eg trur dei har mange fordelar når det kjem til å planlegge og strukturere ulike ting, og eg trur dei har mykje større kjennskap til landet vårt enn byfolk har.

Dette vart endå tydelegare for meg under pandemien. Då fekk eg verkeleg sjå kor heldig ein er som kan boltre seg i naturen. Ungane kunne leike med kvarandre ute medan foreldra hadde heimekontor. Kvardagen til folk i blokk midt i byen er nok ikkje like fri.

Ofte snakkar ein om «bønder i by’n», men det er nesten meir morosamt med «byfolk på bygda». Dette var også noko eg fikk observere under pandemien. Då noregsferie var eit faktum, storma det ein gjeng unge vaksne til Stryn.

Dei hadde aldri sove ute ei natt i sitt liv. Det vart tydeleg. Dei visste ikkje korleis dei skulle kle seg etter forholda eller at ein ikkje bør gå på fjellet i skodde.

Men eg klandrar dei ikkje. Kven skulle ha lært dei det i byen? På bygda kjem det meir naturleg.

Når ein veks opp på bygda, er det ikkje sånn at ein kan gå ut døra, hoppe på neste trikk og så er ein framme på ein blink. Nei, på bygda er ein faktisk nøydd til å planlegge. Slikt trur eg ein lærer mykje av.

Mistar ein skulebussen, går det ikkje ein ny buss før om nokre timar, i verste fall ikkje før dagen etter. Då må ein stille seg i vegkanten og haike. Og har ein flaks, kjem det ein kjenning og tar deg med. Viss ikkje, er ein kanskje nøydd til å ta beina fatt.

På bygda veit folk kven du er. Ein får kanskje eit smil eller «hei» når ein møter nokon på gata. For mange kan det vere nok til å føle seg litt mindre usynleg. Folk tar vare på kvarandre, og ein stiller opp og ser dei rundt seg. Eg trur det er lettare å fange opp utanforskap når ein er så tett på kvarandre.

Jo, nokre gonger er det svært slitsomt at nabokjerringa veit nesten alt du driv med, men samtidig er det veldig trygt og godt. Dette samhaldet og den kollektive omsorga er nok ikkje noko ein ville opplevd på same måte i ein større by.

Ei anna side ved å velje bygda framfor byen er at ein er med på å halde bygda si i live. Mange mindre plassar i Noreg opplever at folketalet minkar og at folk flyttar til meir sentrale strøk. Men eg tenker at ein må prøve å snu tankegangen.

Viss alle trur at det ikkje er noko å hente på bygda, då klarer ein ikkje å halde ho i live. Men kva om ein heller tenker at ein skal vere att i bygda nettopp for å halde ho i live? Då har eg trua på at folketalet vil stige.

Så klart er det nokre fordelar ved å vekse opp i byen også. Men alt i alt meiner eg at å vekse opp på bygda, gjer deg meir robust, både med kunnskap om natur, eit stort nettverk og ein god praktisk sans – då er ein godt rusta for livet, både på bygda, i byen og ut i verda.

Einig eller ueinig med Miriam? Sei meininga di i kommentarfeltet.

Kommentarer