Feist - Metals
Terningkast 5

Det er ikkje gull alt som glimrar…

…men Feists Metals er ikkje langt unna å vera av den edle sorten.

Leslie Feist er ei av dei artistane som, nokså uventa, brått var allemannseige. Med gjennombruddsalbumet The Reminder hamna ho midt i krysningspunktet mellom brei kommersiell suksess og kunstnerisk pop, og la seg dermed lageleg til for verbale hogg av typen “kaffebarartist” og “middagsselskapsmusikk”. Bruken av singelen “1234” i ein reklame for iPod Nano gjorde òg sitt for at Feist enda opp i ein viss identitetslimbo som artist, som fort kunne ført til at oppfølgjaralbumet enten blei ein slags unnskyldning for, eller eit forsøk på å leva opp til, populariteten ho oppnådde i forrige runde. Metals er heldigvis ingen av delane.

Samanlikna med The Reminder, inneheld Metals mindre umiddelbart hitmateriale à la “1234” – det næraste ein kjem er nok dei spretne vokallinjene i singelen “How Come You Never Go There” – men spinn samstundes vidare på mange av trådane frå det forrige albumet. Metals inneheld kjenslevar og gjerne mjukt orkestrert popmusikk, med klare innslag av folk, jazz og artrock, og vil dermed skuffa dei som hadde håpt at albumtittelen var eit varsel om ei hardare musikalsk linje frå artisten.

Takka vere ein nærmast organisk dynamikk, fullt i stil med albumets markerte naturtematikk, glir Metals likevel aldri over i den slumrande keisemda. Det kan i det eine augeblikket esa ut i teatralske arrangement og hoggande rytmer, som på den Lykke Li-møter-Nick-Cave-aktige “A Commotion”, før det like etter går over i det nydelege albumhøgdepunktet “The Circle Married The Line”. Det kan godt vera lett fordøyeleg, men ikkje utan å gje ein viss tyggemotstand.

Metals er eit tett befolka album, men dei overlappande laga med strykarar, kor og treblås framstår subtile, og fungerar som utfyllande, heller enn overlessande, element til Feists skjøre vokal. Chilly Gonzales, Mocky og Valgeir Sigurðsson står for ein heilskapleg produksjon, som balanserar fint på grensa mellom det nakne, det skjøre og det kraftfulle.

Ingen av låtane på Metals peiker seg ut som openbare kandidatar til å reklamera for komande Apple-produkt. Derimot er albumet samla sett det flottaste Feist har gjort til no.

Maria Horvei