Fekk juling av Dropkick Murphys

Då Dropkick Murphys trakk opp ein flokk med fans på scena mot slutten av konserten, nytta ein sjansen til å visa nazi-helsinga til publikum. Han fekk juling.

Det heile skjedde under ein konsert i New York 13. mars. Dropkick Murphys har for vane å trekka opp så mange frå publikum som mogleg på scena mot slutten av konserten. Denne konserten var ikkje eit unntak, og ein mildt sagt inkluderande cover av AC/DC sin «TNT» var godt i gang då musikken brått stoppa.

Blant publikum på scena hadde ein bestemt seg for å spreia sin bodskap, i form av ei nazi-helsing.

Ein strak arm som spratt ut frå brystkassen fekk Ken Casey til å reagera sterkt. Casey er bassist og vokalist, og ein av grunnleggjarane av bandet.

Vår anmelder diggar Dropkick Murphys: Aldri for gammel

– Nazistar er ikkje velkomne!

Medan Dropkick-vokalisten Al Barr lirer av seg refrenget til «TNT», ropar Casey ut i bannskap og undring til konserten stoppar.

Han og eit par andre fans gir så den helsande mannen litt juling og kastar han av scena.

– Nazistar er ikkje velkomne på ein Dropkick Murphys-konsert, ropar Casey, før publikum eksploderer i jubel.

Det er kanskje ekstra artig at låta Dropkick Murphys spelte før «TNT» var «Skinhead on the MBTA» – ei låt som ofte blir tolka som anti-nazistisk. Låta refererer heller til skinhead-kulturen, som har ingenting med nazisme å gjera.

Les meir om Dropkick Murphys på p3.no/musikk

Heile hendinga vart fanga på film, du kan sjå det her. Artikkelen held fram under

[youtube http://www.youtube.com/watch?v=QGubnoMqPxM]

 

Liam Gallagher vil lage plata Oasis aldri gjorde (Foto: Promo)
Liam Gallagher fika til ein som storma scena under ein Oasis-konsert i 2008 (Foto: Promo)

Ikkje åleine

Sjølv om mannen som viste nazi-helsinga førebels er ukjend, er han ikkje åleine om å få juling av stjernene på scena. I Toronto i 2008 klarde ein fan å komma seg på scena under ein Oasis-konsert. Om han faktisk var ein fan er vel heller usikkert, då målet for turen var å skapa litt kvalme.

Les meir om Oasis på p3.no/musikk

Den ukjende når fram til gitaristen Noel Gallagher og dyttar han hardt i ryggen, før han jobbar seg vidare mot broren Liam Gallagher.

Her når dyttaren diverre ikkje fram, før han blir stoppa av scenevaktene. Liam sjølv svarar med å fika til dyttaren.

Har du fleire døme på klammeri mellom artistar og fans? Del dei gjerne i kommentarfeltet.

Sjå videoen der Noel Gallagher blir dytta på scena i Toronto:
[youtube http://www.youtube.com/watch?v=0cAVEmZL044&w=741&h=421]