Santigold - Master Of My Make-Believe
Terningkast 4

Glimt av gull

Santigold stiller med sterkt låtmateriale, men rotar seg av og til vekk på andrealbumet.

Fire år er gått sidan Santi White albumdebuterte som Santogold. Med knyttneven heva, produsentnamn som Diplo og Switch i ryggen og eit hav av ulike sjangersamansetningar for sine føtter, var framtida gullskimrande og M.I.A.-samanlikningane aldri meir enn ei handsbreidd unna. På andrealbumet Master Of My Make-Believe har Santo- vorte Santigold. Knyttneven står kanskje ikkje lenger like strak, men lista over produsentar har est ut til å omfatta mellom anna TV On The Radios Dave Sitek og tidlegare Yeah Yeah Yeah-gitarist Nick Zimmer. Samstundes har White forsona seg med ei sterkare orientering mot popen.

Singeltospannet “GO!” (med Karen O som temmeleg overflødig gjest) og “Disparate Youth” opnar ballet, med sistnemnde som det klart mest minneverdige innslaget. Med sine høgspente gitarar, seige reggae-rytmar og slepande hooks er dette eit greitt steg opp frå ein debut som trass alt lente seg tyngre på tidsand enn på eit solid låtmateriale.

“Disparate Youth”:

I ei høgst kledeleg vending kan det faktisk verka som om dei siste fire åra har gjort Santigold til ein, i mangel av eit betre uttrykk, mildare artist. Melodiøsiteten på spor som den reggae-sprettande “Pirate In The Water”, eller den born-av-revolusjonen-vibrerande”The Keepers” er i alle fall ikkje til å ta feil av, for ikkje å snakka om det overraskande høgdepunktet som kjem i form av den smakfullt dempa balladen “This Isn’t Our Parade”. Den vert fulgt opp av “The Riot’s Gone”, som, med artistens noko tvetydige politiske engasjement in mente, vert som ein stillferdig resignasjon.

Hadde Santigold vald køyre denne vegen til endes, kunne Master Of My Make-Believe vorte ståande som eit ganske så sterkt popalbum – ikkje overvettes originalt, men skreddarsydd for eit publikum som ikkje berre har vorte van med, men forventar eit bredt spekter av påverknadskjelder og krysseksperimentering. At ambisjonane til White strekk seg forbi dette er verken uforståeleg eller uventa, men diverre fungerer ikkje albumets meir kompromisslause spor optimalt.

“Freak Like Me” gjev meg til dømes svaret på det usannsynlege spørsmålet om kven av Santigold og Gwen Stefani si radbrekking av “Om eg var ein rik mann” eg vil føretrekkja – og det er altså Gwen som stikk av med sigeren. Munndiaréen som slepp laus på “Look At These Hoes” kjennes verken som eit friskt pust eller eit velretta spark, medan avslutningssporet “Big Mouth” berre er masete.

Master Of My Make-Believe endar såleis opp med å dra i litt ulike retningar. Eit knippe sterke poplåtar held albumet oppe, men nokre blindspor tyngar heilskapen.

Maria Horvei