Håkan Hellström - Du gamla du fria (Anmeldt av Daniel fuckings Kvammen)
Terningkast 5

– Som å kysse ein gamal eks

Rusten kjærleik blir som ny når Daniel Kvammen anmeldar sitt store idol Håkan Hellströms nye album – eksklusivt for P3.

dugamladufriaDet er liksom alltid eit litt ambivalent fyrste stadium ein må gjennom kvar gong ei ny Håkan-plate kjem. Som om ein kysser ein gamal eks for fyrste gong på mange år og må finne ut om ein fortsatt er dei samme.

Det er jo med denne eksen som det er med ei Hellström-plate: Ein står klar med så store forventningar og minner frå tidlegare liv at ein går inn i det med nådelaus vurdering. Hellström har jo laga soundtracket til livet ditt. Og no skal du måle nye låtar opp mot den favoritten du spelte etter du endeleg fekk kline med ho du likte i 2011, eller den låta du alltid høyrde på kvar gong du kava deg heim frå fylla semesteret 2009.

Så du går nervøst og usikkert inn i det. Du veit jo at ikkje det kan bli slik som det var sist gong. Men ein hiv seg i det fordi alternativet ikkje eksisterer. Det er jo tross alt du og meg, liksom.

Den første samtala er jo sjølvsagt sjukt keitete og rar. “Kjennes ikkje låtane meir strømlinjeforma enn ved forrige vegskille?”. “Er tekstane meir upersonlege?”. “Har lydbiletet blitt altfor stort no?”. For det er jo akkurat her, i det første nye møtet med våre største artistar og heltar, at ein kan bli så sjukt beinhard. Fordi ein rett og slett gløymer at Håkan si største utfordring ikkje ligg i at han ikkje lagar gode låtar, men i korleis tida har kanonisert vår oppfatning av hans gamle songar.

Så kva kan ein seie om Håkan anno 2016? Har han blitt kommersiell og kalkulert, slik som mange skulle ha det til då han slapp forgjengaren til denne plata, 1974 EP, rett før sommaren? Vel, om eg som Daniel fuckings Kvammen kan driste meg til å seie dette: Om ein prøver å definere denne ranglete 70 og 80-talls inspirerte skranglepopplata som eit overstadig forsøk på å treffe ein predefinert standard i 2016-marknaden, foreslår eg at vedkommande som gjer det tek seg ein liten kikk rundt om i denne underlege verda.

Dette er umiskjenneleg Hellström som trakterer det landskapet han personleg har gjort til eit av nordens mest populære uttrykk i løpet av dei siste 16 åra. Frå jangly, ranglete indie i 2000 til jangly, ranglete stadionrock i 2016. Når sant skal seiast er det jo verkeleg meir U2, stadionrock og ikkje minst bibelske referansar i monitor denne gongen. Det har eskalert i størrelse, både musikalsk og tekstleg. Men mannen spelar jo for Guds skuld på stadionar for 140 000 personar. Slapp av, la mannen ta litt plass.

“Din tid kommer”:

Eg kjenner no at det er så utruleg mykje eg kunne ha sagt om musikken på denne plata. Korleis det ligg eit slags overordna teatralsk narrativ som vekslar mellom tre hovudtema: Politiske strømningar, Hellstrøm sitt eige liv og tekstlege univers, og sist, men ikkje minst, eit valdsamt bibelsk fokus. Eller at han som vanleg, enten heilt klårt eller meir subtilt (kall det enten tjuveri eller hommage), tjuvlånar frå andre artistar som Chicago, Byrds, U2, Queen og fleire (og er ikkje riffet på “Runaway” mistenkeleg likt “Her kommer vinteren” med Jokke?).

Men alt i alt betyr dette så lite, då magien i Hellstrøm mest av alt ligg i korleis han innlemmar alt dette i sitt heilt eige narrativ, og at stemma hans har ein slags fantastisk primal klang som uttrykker rein desperasjon. Plata står i sin heilskap førebels ikkje som hans sterkaste, men Håkan har strengt tatt berre laga to tilnærma perfekte og fullverdige popalbum i sin karriere (Känn ingen sorg för mig Göteborg og 2 steg från Paradise).

Alt eg veit er at det eksisterar fantastiske poplåtar på denne plata, som på alle hans andre utgivingar. Og at om du tar deg tid, så vil du litt etter litt, steg for steg, og med eskalerande fart, kanskje få auge på mennesket du ein gong kjente, inne i alt det nye, akkurat som når du treff denne eksen. Eg veit også at desse låtane kjem til å skinne gjennom på eit viktig tidspunkt i ditt liv, og akkurat når du treng det som mest kjem teksten til «Jag utan dig» til å stå så mykje klarare for deg, enn nokon som helst EDM-låt klarar.

Til slutt kjem du til å vere sjukt skeptisk til neste plate med Håkan Hellstrøm, fordi du er heilt banna sikker på at dei nye låtane ikkje kan bety like mykje for deg som låtane på denne plata gjorde. Det er jo tross alt ikkje så ofte du finn tilbake til ein gamal eks.

Daniel Kvammen