Bigbang - Epic Scrap Metal
Terningkast 5

Ut av skrapet

Amerikaopphald og skilsmisse til trass: Bigbang kjennes akkurat passe trygge på seg sjølve på sitt siste album.

I samband med utdelinga av årets Statoil-stipend, som er meint å fremja norsk musikkeksport, skisserte juryformann Knut Schreiner det han såg på som føresetnadar for norske bands suksess i utlandet. Eitt av punkta han trekte fram, var dyrkinga av eit særare musikalsk uttrykk, på sida av mainstreamen. Eit anna var å i mindre grad enn det engelskespråklege artistar kan tillate seg å fokusera på det tekstlege innhaldet i låtane.

I arbeidet med sitt siste studioalbum verkar det på ingen måte som Øystein Greni og resten av Bigbang har tenkt i liknande baner, sjølv om dei i dei siste åra i stor grad har konsentrert seg om den amerikanske marknaden. Epic Scrap Metal er blitt ei lyttevennleg og sterkt amerikainspirert plate, med Grenis tekstunivers i sentral posisjon. Lytta til frå ein norsk ståstad er det heldigvis inga grunn til å klage.

Etter instrumentalintroen “How things rot” slår andresporet “Everybody And Their Broken Hearts” an tonen for resten av plata – i alle fall innhaldsmessig. Greni har ikkje lagt skjul på at ein vanskeleg periode i privatlivet har danna bakteppet til låtskrivingsprosessen til Epic Scrap Metal, men med tekstlinjer som “Messing up in love everyone should do / And then we get better at it” og “But I´m coming back againg /Almost healed ironed and smooth” førebur Greni lyttaren på det som istaden for å vere ei introvert sjølvransaking av ei plate, er ei feiring både av Bigbangs musikalske førebilete, og av deira eigne røtter som band.

Se Lydverkets ferske intervju med Øystein Greni:

Det er ikkje til å kome utanom at USA-opphaldet har satt djupe spor i Bigbang, og Epic Scrap Metal er full av klare nikk i retning 1970-talets rockescene. Her er både solstrålene og støvet frå Los Angeles sine gater teke med, med eit svært dynamisk album som resultat. Frå den neddempa “Cities Of The Plain”, som sender tankane heilt tilbake til dei fyrste Bigbang-albuma, til nabosporet “Kill My Buzz”, der Thomas Seltzer har satt eit umiskjenneleg preg, til det storslagne tittelsporet som avsluttar det heile – Bigbang viser akkurat kor langt dei kan tøya seg som band, utan at det kjennes som om dei nokon gong går på kompromiss med seg sjølve.

Det er denne tryggleiken på seg sjølv som gjer at Epic Scrap Metal er blitt eit såpass vellukka album, og som gjer at det kjennes så godt å vera tilbake i deira musikalske famn.