Videorama!

Lykke Li, Tinie Tempah, Nicki Minaj, Sleigh Bells og Robyn er blant artistane i oppsummeringa av vekas beste nye musikkvideoar.

Lykke Li  la ut ein nokså kryptisk “Untitled”-video på heimesida si i forrige veke. I den var det ikkje mykje musikk, men om du følte deg snytt: Fortvil ikkje. Den offisielle videoen til “I Follow Rivers” er no klar. Dette er andre singel frå Wounded Rhymes”, og videoen er spelt inn på eit snødekt Gotland. Dei aller fleste vil nok dra kjensel på Lykke Lis mannlege motskodespelar: Fares Fares dukkar opp i ein litt meir stoisk rolle enn det me er vane med å sjå han i.

(Via Dazed & Confused)

Tinie Tempah er travelt opptatt med å slå an i USA for tida, men har likevel funne tid til å spele inn musikkvideo til sin siste singel “Wonderman” saman med landskvinne Ellie Goulding. Videoen er ein hyllest til den amerikanske 70-tals serien “The Six Million Dollar Man” – ganske vidunderleg:

(Via We Are Pop Slags)

“Bad Gal” er låta Robyn spelte inn med Savage Skulls og Douster for ei tid tilbake, og no har samarbeidet fått sin egen video. Robyn danser, gutane speler tennis. Blant anna.

(Via Pitchfork)

Endå eit fint samarbeid: Magnetic Man ft. John Legend. Låta, “Getting Nowhere”, er fantastisk, og videoen muligens den beste som har vore i omløp så langt i år (er Lykke Li den sterkaste konkurrenten? Kanskje). Få med deg denne!

(Via Pop In Stereo)

Britane i Noah and the Whale har komme med ein ganske sjarmerande ny singel. “L.I.F.E.G.O.E.S.O.N” er henta frå deira tredje studioalbum Last Night On Earth (eit navn som strengt tatt passar veldig dårleg med singeltittelen), som kjem ut i mars i år. Det er mogleg du får følelsen av å ha sett videoen før, men den òg er fin nok:

(Via Pop In Stereo)

Sleigh Bells spelte konsert i Oslo denne veka – den koselege musikkvideoen til “Rill Rill” kan du sjå under. Ah, blødande telefonar..

(Via MTV)

No Age gjer oss denne videoen til “Fever Dreaming” frå fjorårets Everything in Between. Den er filma i eitt, i eit rom som på klaustrofobisk vis krympar rundt bandet. Naturleg nok vert det morsommare og morsommare, så vent på slutten.

(Via Pitchfork)

Nicki Minaj og Drake går ikkje spesielt hardt inn for å avliva romanseryktene i denne heilt ferske videoen til “Moment 4 Life”. Ein litt lengre versjon (i betre kvalitet) enn den under kan du sjå her. Eventyrlig hip hop er det uansett:

(Via MTV)

Store forventningar er knytt til Whiz Khalifas Rolling Paper, som kjem ut i slutten av mars. Videoen til “On My Level” (ft. Too Short) kan du sjå her:

(Via Pigeons & Planes)