OnklP har fått orden på livet, men fryktar at det plutseleg går gale

Pål «OnklP» Tøien (35) er ein glad fyr om dagen, og lever det gode liv på halvøya Nesodden utanfor Oslo. Samstundes tenker han på kva som ligg bak neste sving.

– Eg har ei slags ro som eg ikkje har hatt før. Eg jobbar meir fokusert, vil ikkje kaste vekk tid på fyll.

OnklP og P3X-programleiar Abiel Tesfai pratar om familieliv, karriere og frykta for at ting plutseleg kan gå gale i siste episode av P3X.

https://www.youtube.com/watch?v=SdKpYyrlPTk

Som ein av dei største artistane i landet har OnklP ein mektig katalog å sjå tilbake på, inkludert samarbeid med: «Jaa9 & OnklP», «OnklP og De Fjerne Slektningene» og «Dirty Oppland».

Han har levd artistlivet fullt ut med fest og mykje alkohol. Før sov han ofte i studio og brukte musikken til å fylle det han beskriv som eit tomrom.

Alltid redd for at det kan gå gale

Det var i eit slikt tomrom at han laga sin aller største hit «Styggen på ryggen». Men OnklP syntest ikkje at låta var god nok, og det heile blei nesten ikkje noko av.

– Mi kjensle var at dette gidd eg ikkje gi ut, dette er berre sutring og syting. Det er ikkje han eg vil vere.

– Kven var din «styggen»? spør Abiel Tesfai.

– Det er den kjipe følelsen du har, når alt er feil og du ikkje ser lyset i enden av tunnelen. Så er det ein eller annan «ting» som fortel deg at:

– Du får ikkje lov til å ha det bra.

Alle kan vel kjenne seg igjen i det, trur OnklP. I dag klarar han å sleppe «styggen» til ei viss grad. Men slit med å tru på at det varar.

– Eg tillét ikkje meg sjølv å ha det bra. Er det ei moglegheit for at noko kan gå gale, så fokuserer eg på det.

– Ein veit aldri kva som skjuler seg bak neste sving.

Namnet på den nye plata til OnklP heiter «Pål Tøien», som er det han eigentleg heiter. Foto: Rune Bendiksen/PRESSEBILDE

Sjølv om ikkje livsstilen hans er like heseblesande lenger, må han framleis gjere ting på sin eigen måte. OnklP jobbar mykje og effektivt. Han skriv fort og spelar det inn med ein gong.

Ferdig.

Han likar ikkje å tenke for mykje over det han gjer.

– Eg må ha gode folk rundt meg som fortel meg om ei låt funkar eller ikkje. Eg høyrer jo no i ettertid at «Styggen på ryggen» er bra, ler han.

TV-spel og råning

For to år sidan blei OnklP pappa. For han er det ei lukke at han kan fokusere på farsrolla.

– Å vere forelder handlar om noko anna enn meg sjølv. Eg må vere der for dotter mi, levere i barnehagen.

Etter at han blei far innser han kor egoistisk han har vore. Den nye motvekta meiner han er bra, i tillegg til å flytte ut av Oslo sentrum. Her er han forresten rask med å forsikre oss om at det berre tek tjuefem minutt å kome seg inn til byen igjen.

– No har eg sunne hobbyar som tv-spel og råning, smiler han.

OnklP er faktisk heilt fersk sjåfør. Han tok lappen for ikkje lenge sidan og kjenner seg som ein baron i sin nye, kule, men også praktiske bil.

– Eg køyrer rundt og rundt på Nesodden og gjer meg kjent i området.

Sjølv om OnklP ikkje torer å stole heilt på at det skal gå bra, rir han på ei positiv bølge akkurat no. På spørsmål frå Abiel Tesfai i P3X om kva lukke er, svarar han:

– Det er å vakne opp i eige hus saman med dottera mi og ha fri.

OnklP vann P3-prisen på P3 Gull 2017. – Den prisen heng høgt, fortel ein takksam OnklP når han snakkar med P3X-programleiar Abiel Tesfai. Foto: Tom Øverlie, NRK P3

LES FLEIRE SAKER FRÅ P3X: