nrk.no

«P3AKSJONEN» 2023:Slik blir nye «P3aksjonen»

Dei 100 aksjonstimane blir ganske annleis enn før. Finn ut alt du treng å vita, her!

18. oktober kl. 15.30 startar 100 timar med galskap for Redd Barna, men med ein litt annleis vri.

Dei siste åra har fire programleiarar gått igjennom storslegne forvandlingar, smerte og mentale prøvelsar i eit glasbur på Solsiden i Trondheim. Men slik blir det ikkje i år.

Det vil seia: Programleiarane skal få testa grensene sine i år også, men denne gongen blir det utan publikummet på Solsiden.

For denne gongen skal gjengen sperrast inne i 100 timar på NRK Tyholt. Dei skal leva utan mobil, utan kontakt med omverda og med eit kontor som soverom.

Og det er ikkje den einaste endringa i årets aksjon – men først: programleiarane!

HER KAN DU FÅ MED DEG «P3AKSJONEN»

Livestreamen går døgnet rundt frå 18. oktober kl. 15.30 til 22. oktober kl. 20.10!

Følg oss på P3.no, i NRK TV eller NRK P3!

Du kan også sjå oss på NRK3:

Onsdag til laurdag kl. 19.30–06.00
Søndag kl. 19.30–20.10

«P3ligaen»-profilane Anna Nor Sørensen (27) og Henning Bang (22) leia aksjonen for første gong i fjor, og dei blir med også i år.

– Det kan bli gøy på både godt og vondt. I fjor la eg ned veto på omskjering, men det har eg ikkje gjort i år. Så om dei har lyst til å omskjere meg, skal dei få lov til det, melder Henning.

TILBAKE SOM PROGRAMLEIARAR: Anna Nor Sørensen og Henning Bang nyt ein siste dag ute i det fri. Foto: Kim Erlandsen, NRK P3

– Det er mykje nytt, og eg veit ikkje så mykje. Det gjer det jo veldig spanande, tilføyer Anna om det nye konseptet.

Egil Andreas Skurdal (27) frå «P3morgen» og Galvan Mehidi (34) kjent frå «Med all respekt» har vore innom aksjonen som gjestar før, men denne gongen skal dei vera med i alle 100 timane.

Galvan er nøgd med årets endringar – trur han.

TO NYE PROGRAMLEIARAR: Galvan Mehidi og Egil Skurdal gler seg til å bli utfordra. Foto: Kim Erlandsen, NRK P3

– Eg har vore med som gjesteprogramleiar dei tidlegare åra, og då har eg tenkt: «Nei takk.» Det har vore gøy å komma innom og vera gjest, og så seia: «Okei, du får fortsetta å henga i dei krokane, så snakkast me.» Så eg er glad for at det blir litt annleis i år, sjølv om eg ikkje veit så mykje.

Hendinga han refererer til, er sjølvsagt aksjonen i 2020, då Martin Lepperød trædde kjøttkrokar gjennom huda og hang frå taket.

Ny oppgåve kvar time

Aksjonen har altså ikkje berre flytta på seg, men sjølve konseptet har også blitt fornya. Det blir framleis forvandlingar og utfordringar, men i år skal programleiarane ikkje berre få eit par utfordringar kvar.

I år blir det nemleg: «100 oppgåver på 100 timar»!

I det ein ny time startar, får ein eller fleire av programleiarane ei ny oppgåve dei må fullføra i løpet av timen. Slik vil det fortsetta også gjennom heile natta.

FEM MÅTAR DU KAN BIDRA

1. Vil du senda melding eller be om ei ønskelåt? Skriv beskjeden din og gi 30 kroner i Spleis-meldingsfeltet på P3.no!

2. Følg med på utfordringane undervegs i sendinga og hjelp programleiarane med å løysa oppgåvene ved å bidra på Spleis.no/p3 eller P3.no.

3. Bli med på Spleis-laget til Anna, Henning, Galvan eller Egil: Trykk på lenkja eller skriv «Spleis.no/programlerens fornamn» i nettlesaren!

4. Vipps til 26606!

5. Overfør til kontonummer 8382.08.05200. Hugs å merka med «P3»!

Oppgåvene skal anten løysast inne i studio eller ute i trondheimsområdet. For kvar oppgåve som blir løyst, vil programleiarane sanka poeng. Personen som sankar flest poeng, vil stikka av med tittelen «Årets P3aksjonist».

Og denne konkurransen har allereie begynt: Det er om å gjera å samla inn mest mogeleg pengar til sendestart. Du kan støtta programleiaren du vil skal vinna, ved å bidra på «spleis.no/programleiaren sitt fornamn»!

Årets sak og program

Innimellom tøys og vas skal programleiarane bevisstgjera publikum på årets sak, som er «100 timar for krigsramma barn».

Innsamlinga går til Redd Barna, som skal hjelpe barn ramma av krig og konflikt. Målet er at barna skal få leika, læra og leva i fred. Pengane blir fordelt mellom prosjekt i Ukraina, Syria, Bangladesh, Sør-Sudan, DR Kongo og Noreg.

I fjor blei det samla inn over 6,5 millionar kroner til Leger utan grenser og deira arbeid med å overvinna gløymde epidemiar i DR Kongo, Den sentralafrikanske republikken, Bangladesh og Sierra Leone.

Les også: På dette fotballaget har de fleste én ting til felles – de har vokst opp i krig

PROGRAM FOR «P3AKSJONEN»

ONSDAG

Kl. 15.30: «P3aksjonen 2023: 100 timar for krigsramma barn» startar

Kl. 18.00: Ramón spelar live

Kl. 00.00: Nattesending med komikar Nora Svenningsen og Egil


TORSDAG

Kl. 08.00: Gjesteprogramleiar Annika Momrak sjekkar inn

Kl. 08.00: Peder Elias spelar live

Kl. 12.00: Kapteinen spelar live

Kl. 19.00: Metteson spelar live

Kl. 23.00: Nattesending med komikar Maria Stavang og Henning


FREDAG

Kl. 14.00: Victoria Nadine spelar live

Kl. 16.00: Gjesteprogramleiar Steinar Klouman Hallert sjekkar inn

Kl. 19.00: Bausa spelar live

Kl. 23.00: Nattesending med Arian og Nate frå «StudioP3», med Anna


LAURDAG

Kl. 07.00: Gjesteprogramleiar Karsten Blomvik sjekkar inn

Kl. 12.00: Bargee spelar live

Kl. 16.00: Tyr spelar live

Kl. 23.00: Nattesending med «utlendingmemes»-komikar Javad El Bakali og Galvan


SØNDAG

Kl. 11.00: Gjesteprogramleiar Julie Bergan sjekkar inn

Kl. 16.00: Whammyboy spelar live

Kl. 20.10: «P3aksjonen» er ferdig for i år og gir stafettpinnen over til «TV-aksjonen»

Tidlegare år har me blant anna sett Ingrid Simensen bli forvandla til sitt store idol frå bandet Tokyo hotel og Anna Nor Sørensen bli til den mest kjende gingeren gjennom tidene.

Markus Neby her ete ein ispinne laga av Vida Lill sitt tiss, og Martin Lepperød hang i kjøttkrokar.

Sjølv om konseptet blir nytt i år, blir det minst like mange ville ting å følga med på og mange gode grunnar til å bidra med pengar til ei god sak!

Lad opp til årets aksjon med høgdepunkta frå i fjor!

Desse skal løysa 100 oppgåver på 100 timar

Galvan smiler forsiktig til kamera. Han har kort brunt hår og skjegg. Han har briller med gjennomsiktig ramme. Han er iført en grå fleecejakke og mørk tskjorte. Bakgrunnen består av masse fargerik grafikk.

Namn: Galvan Mehidi

Alder: 34

Kjem frå: Mysen, Indre Østfold

Kjent frå: «Med all respekt»

Vore med på aksjonen før? Har vore gjesteprogramleiar på dagtid

Set ned foten på: – Det er veto av ein grunn, så eg skal ikkje seia offentleg kva det er, he he he.

Om årets formål: – Redd Barna står mitt hjarte ganske nært, for eg er jo sjølv eit flyktningbarn. Eg har fått eit fint liv på grunn av slike organisasjonar som har hjelpt meg som barn, så eg er ekstra glad for at pengane går til dei.

Anna har rødt hår, blå øyne og fregner. Hun smiler forsiktig til kamera. HUn er ikledd en beige jakke og en hvit t-skjorte. I bakgrunnen er masse fargerik grafikk.

Namn: Anna Nor Sørensen

Alder: 27

Kjem frå: Larvik, Vestfold og Telemark

Kjent frå: «P3ligaen»

Vore med på aksjonen før? Ja

Set foten ned på: – Eg er ikkje superkeen på å få beskjed om å ta på meg korsett og strømper og lage kabaret. Noko sånt «sexy» håper eg verkeleg at eg slepp!

Om oddsen for å bli «Årets P3aksjonist»: – Eg har ingen særlege styrkar inn i ein konkurranse. Eg er ikkje veldig fysisk sterk, ikkje god på logikk og taklar ikkje press så godt. Og eg vart alltid valt sist i gymtimane på barneskulen …

Egil roper ut i et gledeshyl. Han har kortklip blondt hår, korte skjeggstubber og føflekker i ansiktet. Han har på seg en lys beige skjorte og en hvit t-skjorte. Bakgrunnen består av masse fargerik grafikk.

Namn: Egil Andreas Skurdal

Alder: 27

Kjem frå: Oslo, Oslo og Viken

Kjent frå: «P3morgen»

Vore med på aksjonen før? Har vore gjesteprogramleiar på natta

Set foten ned på: – Om eg må eta ei bøtte med rosiner. Det er det verste eg veit! Elles er eg ganske open. Eg har lyst til å bli utfordra.

Om å leva utan mobilen i 100 timar: – Eg trur det blir kjempefint, eg! Det er jo berre mas.

Henning gliser til kamera. Han har grønne øyne og halvlangt, brunt, krøllete hår. Han er iført en mørkeblå skjorte. Bakgrunnen består av masse fargerik grafikk.

Namn: Henning Bang

Alder: 22

Kjem frå: Tjongsfjord, Nordland

Kjent frå: «P3ligaen» og «P3morgen»

Vore med på aksjonen før? Ja

Set ned foten på: – Det einaste eg har lagt ned veto på, er håret, for eg har nokon viker som begynner å bli temmeleg høge.

Om å skulle bu på NRK-kontoret i Trondheim: – Eg trur at eg og Anna har ein fordel, for me jobbar på Tyholt til vanleg, så me veit kvar dusjen er. Det satsar eg på at me ikkje informerer Galvan og Egil om, og at dei roter seg litt bort i pausen. Kanskje det vil gagna oss i konkurransen!

Fleire kjende fjes dukkar opp

Anna, Galvan, Henning og Egil blir sjølvsagt ikkje dei einaste folka me skal glana på i 100 timar.

Dei får besøk av fleire gjesteprogramleiarar!

På torsdagen kjem «Vettskremt»-programleiar Annika Momrak, og på fredag kjem Steinar Klouman Hallert frå NRK-podkasten «Både Erlend og Steinar».

På laurdag får me besøk av «P3morgen»-profil Karsten Blomvik, som var programleiar for aksjonen i fjor.

Siste hjelpande hand på dagtid: Artisten Julie Bergan kjem innom på søndagen!

AVLASTNINGA: Steinar, Annika, Karsten og Julie kjem innom kvar sin dag under aksjonen. Foto: Herman Henriksen / Kim Erlandsen, grafikk: Jonas Bødtker

I løpet av nettene får programleiarane besøk av gjesteprogramleiarane Arianrhod «Arian» Engebø og Nate Kahungu frå «StudioP3», som begge har vore innom «P3aksjonen» på fleire måtar tidlegare!

Nate har vore med på nattesendingane før, og dei siste to åra har Arian vore programleiar for aksjonen. I fjor måtte ho blant anna levera ein burgar til Tore på sporet og ha seksualundervisning for 16-åringar.

Også komikarane Nora Svenningsen, Maria Stavang og Javad El Bakali kjem innom på natta.

Nattesendingane er vel verdt å få med seg dersom du har stamina til å halda deg vaken, for desse har ein tendens til å gå litt av skaftet.

Her har me sett alt frå Henning som blindsmakar på kjønnshår, til komikar Mohammed Basafer som får navlepiercing. Og lat oss ikkje gå inn på spyvaflene til Maria og Martin for to år sidan!

Gir deg opp til årets aksjon med høgdepunkta frå i fjor:

LES MEIR:

Siste fra P3.no: