nrk.no

Derfor er førsteinntrykket viktig: – Kan skape moglegheiter

Førsteinntrykket betyr mykje, men slaget treng likevel ikkje vere tapt sjølv om du har dumma deg ut.

Du har kanskje høyrt at det tar sju sekund å gjere eit førsteinntrykk? Du kjem ikkje unna eit førsteinntrykk, verken om du møter svigers for første gong, om du er på eit jobbintervju, eller om du skal bli kjend med dei nye studiekameratane dine.

Folk ønsker sjølvsagt å bli likt, og ein vil gjerne gi eit så godt første møte som mogleg. Korleis gir du eigentleg eit godt førsteinntrykk?

Ikkje kom for seint

Maria Kleven (22) har både jobba som butikksjef og sjølv vore på mange jobbintervju. Derfor veit ho spesielt godt kor viktig eit førsteinntrykk kan vere. No arbeider 22-åringen på treningssenter og i butikk, samtidig som ho studerer kroppsøving og idrettsfag.

– Førsteinntrykket handlar jo om korleis ein viser fram seg sjølv, og eit godt førsteinntrykk kan skape moglegheiter for deg seinare i livet, seier ho.

Når du møter nokon for første gong, veit du sjeldan kven dei er eller kva dei driv med. Denne personen kan kanskje vere nøkkelen til ei karrieremoglegheit eller bli ein god ven?

– Om dei får eit godt inntrykk av deg første gongen de møtest, vil dei hugse deg til seinare. Då vil dei kanskje møte deg igjen. Spesielt no rundt studiestart er det nok mange som gjerne vil bli kjend med nye folk, og gjere eit godt førsteinntrykk, seier ho.

Biletet viser Maria Kleven, ei ung kvinne med langt lyst hår og kvit genser. Ho ser i spegelen medan ho sminkar seg.
PASSAR PÅ: Når Maria skal møte nye folk legg ho litt ekstra innsats i å stelle seg først. FOTO: Marit Eide, NRK P3

Som butikksjef på Pizzabakeren var Maria med på å tilsetje nye folk. Då merka ho kor mykje førsteinntrykket hadde å seie for resten av intervjuet.

– Om du kjem for seint eller møter opp i joggebukse og hettegenser, då får du ikkje jobb hos meg. Det tenkjer eg nesten med ein gong, for det verkar så slapt. Det verkar som om du ikkje tek det seriøst, forklarar ho.

Om du er veldig nervøs, så er det også noko som kan trekke ned, seier Maria.

– Det gjeld å få kontroll på nervane, å vere positiv og glad og å vere førebudd på å svare på spørsmål.

Største feil er å tenke på seg sjølv

Psykolog Kristian Fjellskaalnes i Lian & Fjell Psykologtjenester seier det er best å vere seg sjølv. Han trur folk intuitivt er ganske gode til å merke det når nokon lèt som dei er nokon andre enn dei eigentleg er.

– Eg trur ein er litt på villspor dersom ein i sosiale samanhengar arbeider hardt for å gi nokon eit godt førsteinntrykk, skriv han i ein e-post til P3.no.

– Dersom ein er ein klumsete person, er det kanskje betre å eige dette, heller enn å late som det er første gong ein søler kaffi på t-skjorta.

Psykolog Kristian Fjellskaalnes ser inn i kamera og smiler. Han har brunt kort hår, blå auge, blå skjorte og ei gul t-skjorte under.
POSITIVT ELLER NEGATIVT: Førsteinntrykket dannar grunnlaget for korleis vi tolkar personar ved seinare anledningar. Foto: Lian & Fjell Psykologtjenester

Psykologen meiner den største feilen vi gjer når vi vil skape eit godt førsteinntrykk, er å tenke for mykje på å ikkje gjere feil. Når ein brukar all energi på det, vil ein kanskje bli nervøs og engsteleg, og då blir det vanskeleg å skape eit godt inntrykk.

– Dei som har god sjølvtillit og sjølvkjensle, bryr seg ofte ikkje så mykje om kva andre sitt førsteinntrykk av dei er.

Derfor meiner Fjellskaalnes at ein bør prøve å tenke utover i staden for innover. Det vil seie at du tenker meir på det som skjer rundt deg, enn på deg sjølv.

Psykologen forklarar at når ein flyttar fokuset, kan det opplevast lettare å vere seg sjølv utan å overtenke det.

– Så lenge du er god med andre, interessert i det dei har å seie og stiller interessante spørsmål til dei, vil førsteinntrykket ofte bli positivt.

Handlar om å vere open

Då Maria sjølv skulle på jobbintervju tidlegare i år, laga ho ein TikTok-video om nettopp førsteinntrykk. Der snakka ho om korleis ho kledde seg til intervjuet.

– Når du søkjer jobb, har arbeidsgivar allereie fått ein søknad og CV frå deg, men det ordentlege førsteinntrykket skjer ikkje før ein møtest. Sidan eg søkte jobb på treningssenter, kunne eg jo tenkt at det var lurt å møte opp i treningstøy, forklarar ho.

Maria valde likevel å ta på seg ei dressbukse og ei pen t-skjorte.

– Det var veldig enkelt, men ser meir ordentleg ut. For det første ville eg skilje meg litt ut. Men også, om eg tenkjer over kva jobben inneber, så er det ikkje å trene. Det er å sitje i resepsjonen, snakke med medlemmar og å rydde og vaske.

Ho enda opp med å få jobben.

Biletet viser ein iPhone. På mobilen visast TikTok-videoen som Maria Kleven spelte inn. På skjermen står det "Tips til førsteinntrykk på jobbintervju".
FØREBUDD: Det luraste ein kan gjere er å førebu seg godt når ein skal på jobbintervju, seier Maria. FOTO: Marit Eide, NRK P3

Det viktigaste du kan gjere, er å sørgje for at du ser ordentleg ut, møte opp i god tid og vere hyggeleg og positiv. Då gir du uansett eit godt førsteinntrykk, meiner Maria. Det gjeld uavhengig av om det er jobbintervju eller fadderveke du førebur deg på.

– Det handlar om å vere open. Sjølv om du kjenner nokon frå før, er det lurt å bli kjend med alle, og så kan du finne dine folk etterpå. Smil og ver glad, tipsar ho.

– Og så handlar det ein del om korleis ein kler seg og ser ut. Ein må jo ta på seg noko ein føler seg fin og komfortabel, men også sjå litt ordentleg ut.

MARIAS TIPS TIL Å GJERE EIT GODT FØRSTEINNTRYKK

Ver open for absolutt alle

Bli kjend med folk sjølv om du allereie kjenner nokon frå før. Gå bort til folk som ikkje har nokon å snakke med, og inkluder dei. Det er mange som ikkje kjenner nokon, og dei blir nok glade om du kjem bort til dei.

Ver deg sjølv

Ikkje spel ei rolle, vis kven du er frå starten av. Om du spelar, vil det uansett skine gjennom etter kvart.

Start med eit kompliment

Har personen på seg noko fint, eller er det noko anna du legg merke til? Sei det med ein gong. Det er ein fin samtalestartar, og då blir folk glade.

Still spørsmål

Still den andre personen spørsmål om seg sjølv. No i fadderveka kan du til dømes spørje om kvar dei kjem frå, kvifor dei har valt dette studiet eller kva dei likar å gjere på fritida.

Kjelde: Maria Kleven

Inntrykket endrar seg

Det er vanleg å overvurdere kor «dårleg» ditt eige førsteinntrykk er. Men dersom ein ikkje får til å gi det inntrykket ein ville gi, er det også greitt, meiner psykologen.

– Det er ikkje alle vi kan komme like overeins med.

Og heldigvis: Når ein møter nokon fleire gongar, vil som regel inntrykket endre seg etter kvart som ein blir meir kjend. Derfor treng ikkje slaget å vere tapt om du har fortalt ein dårleg vits, eller dumma deg ut i fadderveka.

– Eit førsteinntrykk er basert på mykje meir enn den eine kommentaren du no kvernar på etter møtet, og som oftast er du den einaste som tenker på det. 

Biletet viser Maria Kleven. Ho har langt lyst hår, kvit bluse og svart bukse. Ho ser rett i kameraet og smiler. I bakgrunnen ser ein grøne tre.
BETYR MYKJE: Førsteinntrykket betyr mykje, men ikkje alt, seier Maria. Ho har sjølv opplevd at det kan endra seg. FOTO: Marit Eide, NRK P3.

Det kan også Maria bekrefte. Ho har både hatt tilsette og vener som gjorde eit dårleg førsteinntrykk, men som så retta det opp.

– I fadderveka møtte eg ein fyr som eg syntest var ein ordentleg dust. Han verka så cocky og hadde veldig høg sjølvtillit. Så vart vi veldig gode vener, og det viste seg at det berre var ein måte han tulla på, seier ho.

– Nokre treng berre meir tid. Så blir ein kjend, og inntrykket endrar seg.

LES MEIR:

Siste fra P3.no: