nrk.no

Ti år med «P3 Gull»: Hugsar du da Live Nelvik hang naken frå taket?

Nakenheit, lapdance, støyt og andre uforgløymelege augeblikk. 26. november har «P3 Gull» tiårsjubileum!

Kvart år sidan 2013 har P3 arrangert ei storfeiring av den norske musikken, og heidra både nykommarar og etablerte artistar.

Sidan den gong har til saman åtte programleiarar vore vertskap, nesten 60 liveopptredenar har funne stad, og det har ikkje minst vorte delt ut 36 gjeve prisar. Dette har resultert i uforgløymelege minne.

La oss ta ein titt på ti augeblikk vi aldri kjem til å gløyme.

«P3 Gull» 2022 er 26. november klokken 22:00. Her kan du lese om alt om årets prisutdeling!

Naken programleiar

Under første «P3 Gull» nokosinne kasta programleiar Live Nelvik kleda. Tydeg inspirert av musikkvideoen til «Wrecking Ball» av Miley Cyrus, ein av dei største hitane dette året, oppsummerte ho musikkåret 2013 med vill jubel og plystring frå salen.

Når P3.no pratar med Live ni år seinare, kan ho fortelje at stuntet ikkje var nokon «big deal» for ho personleg.

– Eg oppfatta det aldri som veldig drøyt. Det var heller kvardagsleg.

Live påpeikar at det ikkje var nokon som faktisk såg hennar edlare delar.

– Den einaste som såg meg naken, var han stakkars rekvisitøren som måtte halde stigen for at eg skulle kome meg opp på ballen, fortel Live.

I etterkant er det ho hugsar best frå denne kvelden, ei stoltheit som følgje av alle positive tilbakemeldingar på verdas fyrste «P3 Gull».

– «P3 Gull» 2013 er for meg definert av nyskapinga eg fekk vere ein del av – ei prisutdeling utanom det vanlege der alt mogleg rart kunne skje, seier Live.

Niklas Baarli ga Jenny Skavlan lap dance

I 2014 fekk sjåarane moglegheit til å engasjere seg i «P3 Gull»-sendinga ved å stemme over om anten Ronny Brede Aase eller Niklas Baarli ikledd kvar sin sexy BH, truse og blondestrømpar, skulle gi ein lap dance til Jenny Skavlan. Dette på bakgrunn av at dette musikkåret hadde vore prega av mykje rumpe både i tekst og musikkvideoar.

– Internasjonalt har 2014 vore eit rævva musikkår, sa programleiar Live Nelvik.

Niklas vann avstemminga og måtte danse inspirert av «Anaconda»-musikkvideoen til Nikki Minaj.

På dette tidspunktet hadde ikkje Jenny og Niklas møtt kvarandre enno, men det blei raskt god kjemi med twerking frå Niklas si side og eit breitt glis frå Jenny si side.

– Det var heilt fantastisk, du må jo drive med dette, sa ei engasjert Jenny. 

Tix fekk kjenne på kroppen kor støytande tekstene hans er

2015 var året da Andreas Haukeland (Tix) vart populær med sine russelåtar. Samtidig fekk han mykje kritikk for dei grove tekstene i låtane sine. Dette valte Niklas Baarli å markere ved å kåre Andreas til vinnar av prisen «Mest støytande tekster».

– Dette skal vi feire på todelt vis – med både ein premie og ein straff, forklarte Niklas.

Ronny Brede Aase framførte låta hans «Habbo club», mens Silje Nordnes var elektrisk bøddel. For kvart støytande element i teksta fekk Andreas støyt gjennom eit elsjokkband, som han mottok flust av med rykninger og utrop.

I dokumentaren «Tix» seks år seinare reflekterer Andreas rundt dette augeblikket.

– Eg tenkte at opptredenen på «P3 Gull» 2015 kanskje var augeblikket der eg slapp inn i musikkbransjen. Men det var det mildt sagt ikkje.

Ronny fortel i den same dokumentaren at han hadde sett for seg at dette skulle bli eit gøyalt innslag, men at dei raskt skjønte at det ikkje blei heilt som dei hadde sett for seg.

– Eg kjenner at det knyter seg i magen når eg høyrer at du Andreas hadde ein skikkeleg kjip kveld, seier Ronny.

– Det tek jo litt tid før ein forstår det som er nytt, slik som russelåtar var på den tida, så eg er ikkje bitter. Det gav meg i staden ein enorm drivkraft til å motbevise alle som trudde at eg berre var han som skulle lage kjipe russelåter, reflekterer Andreas.

Leo Ajkic i full klikk

I 2015 var det Christine Dancke og Leo Ajkic som leia «P3 Gull». Da programleiarane kom opp på scena igjen etter at Honningbarna hadde vunne prisen «Årets liveartist», gjekk det tilsynelatande i svart for Leo.

– Eg seier berre «whatever», liksom. Eg har late som at eg har hatt det cool her oppe og late som at eg synest all musikk er bra, men fuck denne jobben, og fuck P3.

Christine forsøker å roe han ned, men det gjorde ikkje nytta.

I etterkant gjekk Leo ut med at det var eit PR-stunt, men er det eigentleg sanninga?

– Mange trur det er ekte til den dag i dag. Folk kan kome bort til meg og seie: «Eg er heilt einig. Det blir berre spelt drittmusikk. Det var bra du sa det som det var», fortel Leo til P3.no sju år seinare.

Men ifølgje han var det planlagt, med blant anna programleiarkollega Christine i ryggen. Målet var eit stunt inspirert av cocky artistar, som Justin Bieber og Kanye West.

– Folk trur vel det var ekte sidan eg ikkje bokstaveleg sa: «Nå er det raud nase-dagen, nå skal vi tulle». I tillegg til at eg er flink skodespelar, ler Leo.

Brannalarmen gjekk

Året er 2016, og «P3-prisen» har blitt delt ut til Röyksopp. Plutseleg startar ein illevarslande alarm å ule i dei staselege lokala på Sentralen. Ljosa blir tende, og årets programleiarar, Live og Ronny, kommuniserer bekymra med ein produsent.

Men før vi veit ordet av det, blir vi tekne med inn i eit anna rom der Matoma og Becky Hill framfører ein av årets største hittar – nemleg «False alarm». Det blei med andre ord litt av ei avslutning på «P3 Gull» 2016.

Kanalverten hoppa på sjøen

Frå tidenes avslutning skal vi til tidenes opning av «P3 Gull». I 2017 introduserte kanalvert Bjørn Johann Rief årets «P3 Gull», tilsynelatande frå NRK-studio.  

– Sidan eg ikkje akkurat er ungdom sjølv lenger, har eg tenkt at min inngangsbillett skal vere det kulaste, iallfall noko av det kulaste, ungdom veit, nemleg å ta bomba, sa han før han reiv av seg dressjakka.

Det skulle vise seg at han sto på ei kai ved Oslofjorden iført ein gullfarga sykkelshorts.

I slutten av november skulle ein tru dette var bitande kaldt, men Bjørn Johann kan fortelje at det slettes ikkje var det.

– Dette var eit veldig annleis oppdrag for meg, så eg var så fylt med adrenalin at eg ikkje fraus – heller strake motsetninga, fortel han til P3.no nå fem år seinare.

Bjørn Johann følte dette humoristiske oppdraget var ærefullt – eit «generasjonstiltak». Han hadde i tillegg sett for seg at det berre skulle bli komisk, men at det viste seg at opninga blei skikkeleg fin, sett saman med blant anna Astrid S si framføring av «Vi er perfekt men verden er ikke det».

For tida er han aktuell med P3-serien «Norske Beefer».

– Når eg har jobba for P3, har eg nesten vore enda meir meg sjølv enn eg er i den vanlege arbeidskvardagen min. Det er enklare å vere naturleg i dei rollene enn det er å få til dramaturgien som kanalvert, seier Bjørn Johann.

Blodfan fekk intimkonsert

Eit augeblikk vi alltid vil hugse frå «P3 Gull» 2018 er da ein av Emilie Nicolas sine største fans fekk si livs overrasking.

Freddy Holden trudde han berre skulle gi eit intervju om favorittartisten sin, men plutseleg viste det seg at Emilie sat klar til å spele ein eksklusiv intimkonsert. Berre for han.

«Feel fine» blei sunge mens dei to såg kvarandre djupt inn i auga. Litt flakking med blikka var det rett nok.

– Den umiddelbare tanken da Emilie Nicolas sat bak forhenget var: «Kva faen!». Eg hadde inga peiling på at det kom til å skje – eg blei rundlurt, fortel Freddy til P3.no fire år seinare.

For han er det eit hav av kjensler knytt til dette augeblikket. På den eine sida var det småkleint, men samtidig er det eitt av dei topp ti finaste minna i livet hans.

– Det er eit augeblikk eg kjem til å hugse og bere med meg for alltid.

Emilie Nicolas skal også spele under «P3 Gull» 2022, 26. november!

Balestrands mataste fest

I 2019 hadde Per Áki Sigurdsson Kvikne (Kjartan Lauritzen) etablert seg godt i Musikk-Noreg og blei med dette heidra under «P3 Gull» gjennom ein «dokumentar» – om han, familien og livet i Balestrand (heimstaden).

I denne sketsjen av ein dokumentar fekk vi innblikk i livet på det ærverdige Kviknes hotell som faren eig – ein far som forventa at Per skulle overta familiebedrifta, men ein Per som hadde ein lidenskap for musikk og heller ville drive med det. Framfor å konsentrere seg om hotelldrifta, startar han og broren planlegginga av «Balestrands mataste fest».

Dette er ein kortfilm vi seint vil gløyme, men som med hell kan sjåast på nytt.

Kjartan Lauritzen skal spele saman med Brenn under «P3 Gull» 2022, 26. november!

Tix «kledde av seg»

Under «P3 Gull» i 2020 dukka Tix opp for å skape eit uforgløymeleg augeblikk – denne gongen med eit noko anna preg enn i 2015.

Han kledde av seg uniforma i form av briller, pelskåpe og bandana, og fortalde ærleg til oss sjåarar om ein tøff oppvekst. Eit liv med tourettes, tics og OCD, med påfølgjande mobbing.

Etter den rørande blottlegginga framførte Andreas for fyrste gong «Tusen tårer» i ei like rørande framføring.

– «P3 Gull» 2020 var det første store kapittelet i den nye historia om Tix. Og den historia handla om psykisk helse, fortel Andreas i dokumentaren «Tix».

I ettertid har det vist seg at dagen før sendinga rykte ambulanse og politi ut til huset til Andreas. Han hadde eit alvorleg angstanfall og måtte beskyttast mot seg sjølv.

– Eg fekk beskjed om at eg måtte leggast inn, men framføringa eg skulle ha på «P3 Gull» dagen etter, var så viktig for meg at eg bestemde meg for ikkje å gå med på det. Orda eg sang under framføringa dagen etter, har aldri vore så sanne før, fortel Andreas i «Hver gang vi møtes» tidlegare i år.

Fistbump med statsministeren

I fjor var det Stig Brenner som var mottakar av den høgthengande «P3-prisen». Og det var ingen ringare enn statsminister Jonas Gahr Støre som overrekte han.

Eit så formelt møte ville mange kanskje løyst med ei standard handhelsing. Men i staden møtte Stig Jonas med ein «fistbump», som såg ut som den mest naturlege helsinga i verda.

– Små ting, stor mann, fantastisk musikk, var blant orda statsministeren brukte om Stig.

Hamar-artisten var glad for å ha motteke sin fyrste «ordentlege» pris, men avslutta takketalen med eit alvor i blikket:

– Takk for at du gav meg prisen. Så håpar eg verkeleg at vi kan få ein ny og betre rusreform, for det treng vi meir enn noko anna, sa han til Jonas mens salen kokte av applaus og jubel.

Eitt år seinare seier Stig til P3.no at rusreform er noko han prøver å vere høglydt om.

– Eg vil bruke stemma mi så godt eg kan. Det er mange som ikkje kan eller tørr å bruke sin eigen stemme – da må eg gjere det som står i min makt.

Stig kan fortelje at han fekk mykje bra respons i etterkant av oppfordringa til statsministeren. Det var rett nok nokre negative kommentarar òg, blant anna frå folk som kalla han «narkoman og «junkie», men dette er noko han toler.

– Kvelden var rå. Eg var stolt av meg sjølv. Eg skulle berre ønskje Støre høyrde etter, konkluderer Stig.

Sjå «P3 Gull» 2022 laurdag 26. november på NRK1 og NRK TV.

Journalist: Ragnhild Marie Kjosbakken
Illustrasjoner: Veronica Falsen Hiis

MER OM «P3 GULL»:

Siste fra P3.no: