nrk.no

Ny duo skal leie «P3 Gull»: – Eg vil sjå Lars klikke og lage skandale

Årets prisutdeling står i fare for å bli prega av freestyle, spirituelle innspel og eit stort engasjement for musikk.

– Lars er 100 prosent ung og kul nok til å leie «P3 Gull». Og det at vi ikkje er akkurat same alder, gjer at vi kan utfylle kvarandre på ein god måte, seier Annika Momrak (23) om sin kommande kollega Lars Berrum (36).

26. november skal dei for første gong leie «P3 Gull» 2022 på H3 Arena på Fornebu!

Men trass Annikas positive innstilling, har Lars fleire bekymringar for sendinga.

Redd for å bli «canceled»

– Å bli «canceled» er det verste som kan skje for min del som programleiar. Enno står eg ikkje i fare for å bli det og har vore veldig klar på at vi droppar blackface i år, seier Lars med ein latter.

Kanskje er det bra at Lars, saman med Martin Beyer Olsen, fekk selt ut billettane til Oslo Spektrum før «P3 Gull». Han meiner nemleg at det ikkje skal så mykje til å bli «canceled» for tida.

– Det er vanskeleg å følgje med. Eg kan finne på å gå i ei dressjakke produsert av ein leverandør som folk har bestemt seg for å boikotte, men det har ikkje eg fått med meg, og plutseleg har eg ikkje nokon karriere lenger. 

Lars er òg bekymra for å gå for langt utanfor manus.

– Eg har lett for å improvisere og intuitivt stole veldig mykje på ein idé eg får der og da, og det er farleg når ein skal leie ei livesending. 

– Om Lars byrjar å freestyle på sending, så trur eg berre det blir gøy. Det blir kanskje eit problem for meg å henge med. Men eg vil gjerne sjå Lars klikke og lage ein skandale på sending, seier Annika.

Ho tenkjer at moglegheita for at ting går gale, er noko med sjarmen ved live-TV. Det gjer sendingar levande og spennande. 

– Da blir det noko å snakke om og noko folk hugsar, seier Annika.

Seinast under årets «P3aksjonen» fekk Annika seg ei overrasking på livesending, då ein date med henne blei auksjonert bort til nesten 40 tusen kroner.

aNNIKA GÅR I EN HVIT LANGARMA OG HOLDER SEG TIL ANSIKTET.
DYR DATE: Under «P3aksjonen» kunne sjåarane by på ein date med Annika. Foto: «NRK 4 ETG»

Ein alternativ duo

Sett bort ifrå dei 34 centimeterane og dei 13 åra har programleiarduoen overraskande mykje til felles.

– Vi er veldig nysgjerrige begge to og opne for å lære om ting vi ikkje kan. I tillegg har vi ei felles interesse for meditasjon og yoga, seier Lars.

Annika trur både ho og Lars er glade i å gruble over livet, og ho synest det er artig å prate med han om djupe spørsmål.

– Vi har begge ei alternativ side. Eg gler meg til eg og Lars skal på yoga saman, fortel Annika. 

Eit anna likskapstrekk ved Lars og Annika er at dei begge brukar musikk som terapi.

For Lars er musikk ein viktig stemningskalibrator, både på gode og dårlege dagar.

– Eg er ikkje alltid så god til å høyre på teksta på låtar. Eg kan finne på å sende ein låt til ein person eg er nyforelska i og seie: «Denne låten minner meg om oss.» Deretter kan eg oppdage at refrenget seier: «I still don’t know what love is.»

Lars Berrum står på en scene i bar overkropp med en mikrofon.
ALT KAN SKJE: – Eg har lett for å improvisere og intuitivt stole veldig mykje på ein idé eg får der. Foto: Espen Borge

– Eg kan legge mange eigne kjensler i låtar utan at dei stemmer overeins med kva låta faktisk seier, så eg har blitt flinkare til å sjekke teksten, fortel 36-åringen. 

Annika fortel at ho høyrer på veldig mykje forskjellig musikk, og at val av låtar i stor grad er styrt av kjensler ho har der og da.

– Eg må ha musikk som kan hjelpe meg å gå djupare inn i kjenslene mine. Eg får panikk om eg går ute og har spelelista på shuffle og det plutseleg dukkar opp ein låt som ikkje matchar kjenslene mine. Da blir eg usikker på kva eg føler og kva sinnstilstand eg er i. 

Hemmeleg ønske om artistlivet?

Annika og Lars har begge ei fortid innan musikk, den eine i meir profesjonell grad enn den andre.

Lars spelte i eit band på SFO som faktisk ikkje er oppløyst enda – «Blauschimmelkäse Spielerverband». Dei hadde farga håret raudt og spelte «Proud Mary» av Credence Clearwater, for det var den einaste låten dei kunne.  

– Eg drøymer om å vere artist kvar dag. Det er derfor eg driv med standup, det var det næraste eg kom. Grunnen til at eg driv med humor, er berre tilfeldig, da eg heile livet har prøvd å bli artist, men så har alle berre ledd.  

Om Lars skulle vore ein norsk artist, ville han vore Sondre Justad.

– Han ser så glad ut heile tida når han spelar. Han har ein slags nordnorsk Woodstock-/hippieenergi inn i det han driv med. Han er vel bifil også? Det er dessverre ikkje eg, men det hadde vore fint å vore tiltrekt av alle, uavhengig av kjønn. Stigen hans ser òg gøy ut.

Sondre har klatret opp på en stige som står midt i folkehavet. Han har på seg en hivt jakke mes rysjer som svinger til alle kanter. Han lener seg over stigen og roper. Nedenfor ser vi hendene i publikum som strekker seg opp etter han.
SONDRE JUSTAD: Stigen har vore eit fast innslag i mange av Nordlands-artisten sine konsertar. Foto: Morten Skogly, NRK P3

I motsetnad til Lars, som gjerne kunne tenke seg å rocke på ei scene, saknar ikkje Annika artistlivet. Ho har allereie prøvd det ut, da ho vann MGPjr i 2013 saman med bandet Unik 4, men det var ikkje for henne.

– Da eg dreiv med musikk og spelte konsertar, hugsar eg at den artigaste biten var å snakke mellom låtane. No får eg jo lov til å berre gjere det, og så er det andre som spelar. Eg vil heller stå og heie på dei som driv med musikk, og klappe, danse og synge med frå sidelinja. 

Klare for ein skikkeleg musikkfest

Lars og Annika er klare på at dei ønsker å løyse programleiaroppdraget annleis enn fjorårets trio.

– Strategien for årets sending er å ikkje toppe det dei tre pubertale, vaksne gutane Jonis, Martin og Henrik gjorde i fjor. Dei leia «P3 Gull» med overtenning, underbygd av at alle har ein diagnose i botn, i tillegg til null skam i livet. Så vi prøver å løyse det på ein annan måte, seier Lars.

Jonis Josef, Martin Lepperød og Henrik Farley står på scena på Det gamle biblioteket. Alle står med kvar sin mikrofon og smiler. Jonis og Henrik har programleiarkort i handa. Jonis har på seg antrekk i raudfargar, Martin har på ein dress som er svart- og burgunderruta, og Henrik har på ei blåspragla dressjakke og er svartkledd elles. Alle har på seg sele etter å ha vorte fira ned frå taket. Martin heng fortsatt i eit tau frå taket.
TO ÅR PÅ RAD: Martin Lepperød, Jonis Josef og Henrik Farley leia «P3 Gull» i 2020 og 2021. Foto: NRK P3

I år feirar «P3 Gull» tiårsjubileum!

Prisane som skal delast ut, er juryprisane «Årets gjennombrot» og «P3-prisen», samt publikumsprisane «Årets låt» og «Årets artist».

Dei som skal spele live er:

Ramón

Brenn + Kjartan Lauritzen

Michelle Ullestad

Luna + Jonas Benyoub

Broiler + Kamelen

Ballinciaga

Emilie Nicolas

Sjå «P3 Gull» laurdag 26. november på NRK1 og NRK TV!

Journalister: Marie Blindheim og Ragnhild Marie Kjosbakken
Foto: Kim Erlandsen
Grafikk: Veronica Falsen Hiis og Tom Øverlie

LES MEIR OM «P3 GULL»:

Siste fra P3.no: