nrk.no

Er det ein hype å kutte ut ultraprossesert mat?

Etter å ha høyrt ein podkast om ultraprossesert mat, droppa Hege Saxeide (25) proteinpuddingen.

I ein matbutikk i Kristiansand skranglar ei handlevogn bortover det flislagde golvet. Hege Saxeide (25) skal handle inn matvarer til resten av veka, og i dag planlegg ho også å lage eigne rundstykke.

Hege går rett forbi seksjonen med brød og tek med seg grønsaker og naturell jogurt.

Om denne handleturen hadde skjedd for tre år sidan, ville ho ha stoppa for å plukke med seg proteinpudding, proteinbarar og varer som var merkt med «magert».

Hege hadde nemleg eitt mål: å bygge musklar. Heile livet hadde ho vore høg og tynn, og det ville ho gjere noko med.

Kutta ut eggeplomma

Hege er opphavleg frå Sola utanfor Stavanger, men bur no i Kristiansand. Og for tre år sidan, medan ho studerte folkehelsearbeid, blei ho oppteken av å telje kaloriar.

– Eg blei veldig påverka av youtubarar, fortel ho til P3.no.

  • Hege ser ned i mobilen, medan ho går forbi brød-hylla på butikken. Ho har langt, blondt hår og svart jakke.
  • Bilde av ei handlevogn full av matvarer, dom spinat, mjølk, bananar, cattage cheese og brokkoli.
  • To hender held tre varer på butikken. Det er lett kesam men vaniljesmak, sjokoladepudding med protein og vita hjertego lett smør.

Eit måltid inneheldt ofte proteinpulver og redusert feitt.

Ein rett ho ofte lagde til frukost var arme riddarar, som er brød lagt i egg, som du steiker i steikepanna. Hege kutta ut eggeplomma og erstatta sukkeret med Sukrin gold eller sukkerfri sirup for at dei skulle bli meir kalorifattige.

– Det var veldig kjekt med dei ultraprosesserte matvarene, fordi mange av dei hadde lite kaloriar og mykje protein, seier ho.

Ultraprosesserte matvarer kan vi forklare som mat laga gjennom industrielle prosessar. Ein kan kjenne dei igjen ved at fleire av ingrediensane dei er laga av, ikkje er vanlege å ha på kjøkkenet. Varer som kan hamne i denne kategorien, er margarin, brus eller pølser.

Mat blei matte

Framgangen til Hege var god, og musklane vaks. Men det gjorde også plassen maten tok i hovudet hennar.

Særleg ein tanke dukka stadig opp: «Går det an å ikkje tenke på mat?»

Eg kunne vere misunneleg for at andre ikkje visste kor mange kaloriar som var i maten, seier ho.

Etter nokre få månadar med kaloriteljing, gjekk kvart måltid frå å vere ein normal del av dagen til å bli ledd i eit reknestykke som skulle gå opp. Og dei gongane ho sleppte taket i teljinga, enda det ofte med at ho ikkje greidde å stoppe å ete.

Hege følte ikkje på kjensla av mettheit på veldig lenge. I eit heilt år var signalet for å slutte å ete at ho kom til eit bestemt tal kaloriar. Ho høyrde ikkje lenger på kroppen.

– Eg følte at det var kaloriteljinga som fortalde meg kor mykje eg skulle ete.

Ho skjønte at dette forholdet til mat ikkje var bra for henne.

– Det var veldig vanskeleg å slutte, fortel Hege.

NØYEN: Hege kunne telje kaloriar per smågodt på dei dagane ho var «flinkast». Foto: Runar Lindseth, NRK P3

Etter kvart greidde ho å venne seg av å telje kaloriar, men mykje av det ho åt, var framleis ultraprosessert.

Det var først i 2021 ho fekk auga opp for prosessering av matvarer, gjennom ein podkast med ernæringsbiolog Marit Kolby.

Berre ein hype?

I vår gjekk fedmeekspert Jøran Hjelmeseth ut og kalla tematikken, som Kolby har sett fokus på, «ein rein hype». Han meinte at ultraprosessert mat ikkje var godt nok forska på, og at det berre var eit moderne omgrep nokon hadde funne på.

Det er uvisst om ultraprosessert mat er dårleg for deg eller ikkje, og kvifor det eventuelt er helseskadeleg. Ein teori er at det ikkje er prosesseringa i seg sjølv som er usunn, men at produkta ofte inneheld mykje feitt og sukker.

Eilin Lundekvam By, ernæringsekspert i opplysningskontoret Matprat, trur denne «hypen» kan føre noko bra med seg.

– Det er nok ein trend no at fleire ønsker å ete råvarebasert eller lite prosessert, som eg tenker er positivt av ei lang rekke grunnar, seier ho.

Vi veit at dei aller fleste av oss et altfor lite grove kornprodukt, grønsaker og frukt. Å bytte ut næringsfattige, ultraprosesserte produkt med dette kan vere bra for helsa vår.

– Det er brei einigheit om at store mengde ultraprosessert mat med mykje kaloriar og lite næring ikkje er helsefremjande, seier By.

Likevel trur ikkje By at å kutte ut all ultraprosessert mat er løysinga.

Eilin har langt, brunt hår, kvit genser og svart blaser. Ho står framfor ein trevegg og smiler til kamera.
GROVBRØD: Eilin Lundekvam By meiner framleis at ultraprosessert mat kan vere sunt. Foto: Sara Johannessen, MatPrat

– Vi menneske har ein tendens til å setje likskapsteikn mellom «naturleg» og sunt, forklarar By.

Lett å få dårleg samvit

Vi vil gjerne tenke at ultraprosessert er det same som usunt, og uprosessert er det same som sunt. Men det er ikkje alltid det er så svart-kvitt.

– Mat som er omfattande prosessert via metodar vi ikkje forstår, står fram som unaturleg, og derfor er det lettare å tenke at han ikkje kan vere bra for oss, forklarar By.

Ho trur det kan vere lett å bli stressa og få dårleg samvit når ein ofte ser dei dramatiske overskriftene og bastante råda om kosthald og ultraprosessert mat.

– Det er fornuftig å ikkje dukke ned i verken den eine eller andre skyttargrava. Å stemple nokre matvarer som «nei-mat» du aldri skal ete, er verken nødvendig eller bra for helsa, råder By om.

– Mykje stress og bekymring på grunn av mat er heller ikkje bra for oss, seier ernæringseksperten.

Les også: Ueinig om ultraprosessert mat: – Det må vera lov å kosa seg

Lyttar til svoltkjensla

Inne på kjøkkenet til Hege er det varmt og godt.

Alarmen på mobilen ringer, så ho hentar ein gul gryteklut og tek rundstykka ut av omnen. Når ho opnar døra, siv lukta av nysteikt bakst ut i den vesle Sørlands-leilegheita.

Å bake eige brød er noko Hege nyleg har starta med. Då slepp ho å kjøpe brød på butikken, som ofte er klassifisert som ultraprosessert.

Etter at Hege sette seg inn i dette med ultraprosessert mat i 2021, begynte ho å endre kosthaldet. No fekk ho føle på noko ho ikkje hadde følt på lenge: mettheitskjensle.

– Eg er tilfredsstilt etter måltida og har ikkje lenger kjensla av at eg kan ete veldig mykje meir, seier 25-åringen.

Til forskjell frå tidlegare tenker ikkje Hege lenger på middagen med ein gong lunsjen er eten opp.

Hege bøyer seg ned og tek ut eit brett med rundstykker frå omnen.
HEIMELAGA: Hege trur det er betre å bake eige brød enn å kjøpe det dei sel i butikken. Foto: Runar Lindseth, NRK P3

– Eg har blitt veldig avslappa, sidan eg kan lytte til svoltkjensla, blir skikkeleg mett av maten, og har rom for litt av alt, forklarar Hege.

Ingrediensane ho tidlegare var redd for å få i seg, slik som feitt, er no ein naturleg del av kosthaldet hennar. No kjøper Hege gjerne heilmjølk framfor lettmjølk og vanleg cottage cheese framfor lett.

Ho meiner sjølv ho fekk god effekt av å kutte ut dei ultraprosesserte varene ho åt så mykje av tidlegare.

Skummel mat

Hege, som heile oppveksten hadde eit veldig avslappa forhold til mat, blei sjølv påverka frå ulike sosiale medium om både å telje kaloriar og å slutte å ete ultraprosessert mat.

Ho deler aktivt om kosthaldet sitt på TikTok og Instagram, men er tydeleg på at det kan vere vanskeleg å vite kva som er bra, når det er så mange ulike meiningar over alt.

– Eg har sjølv fått erfare at det kan vere stressande å lage strenge reglar rundt kosthald, seier 25-åringen, som likevel meiner det er viktig med informasjon om det vi et.

VEKEHANDEL: Hege et stort sett lite ultraprosessert mat, men er oppteken av at ein kan ete litt av det som unntak innimellom. Foto: Runar Lindseth, NRK P3

Hege prøver no å ete mest mogleg råvarer og lite prosessert mat, men er ikkje lenger redd for matvarene ho ikkje torde å ete tidlegare.

No ser ho på dei ultraprosesserte matvarene som unntak, heller enn ein hovudregel.

– Den viktigaste maten er den eg et mesteparten av tida, fortel ho. 

Har du eller nokon du kjenner eit vanskeleg forhold til mat, og vil snakke med nokon anonymt? Då kan du chatte med ROS her .

MEIR SOM MAT OG HELSE:

Siste fra P3.no: