Det byrjar å bli heitt! 98 superheltar er stemt ut av Filmpolitiets lesarar og igjen står fire semifinalistar som kjempar om din gunst for å bli kåra til Verdas Beste Superhelt.

I denne semifinalen finn du to ansvarsfulle herremenn av den gamle skulen superheltar. Journalistar er dei faktisk båe to!

Trykk på knappen for å stemme på din favoritt, eller les mer om Spider-Man og Supermann først!

Spider-Man

Spider-Man (Bilde: Marvel).

Alter ego: Peter Parker
Skaper: Stan Lee
Første opptreden: Amazing Fantasy #15, 1962
Født: ?
Forlag: Marvel

Til vanleg er han fotojournalisten Peter Parker, men etter å ha blitt bitt av ein radioaktiv edderkopp utviklar han edderkoppliknande krefter og kan svinge seg frå hustak til hustak gjennom New York.

I teikneserieuniverset er Spider-Man i tillegg like rappkjefta som han er smidig, noko som gjer kampane hans desto meir underhaldande.

Parker følgjer sin avdøde onkels prinsipp, «Med store krefter kjem stort ansvar». Dette står ekstra sterkt sidan onkelen døydde fordi han sjølv oversåg ei kriminell handling.

Spider-Man var nemleg oppteken med å vere stjerne i eit TV-program, og lot ein tjuv springe forbi utan å gjere noko. Seinare same kveld vart onkelen drepen av den same tjuven. Peter bar lenge skuldkjensla av det.

I si tid vart han skapt for å vise at sjølv superheltar kan ha fullstendig vanlege problemer som sitt alter ego. Når han ikkje bekjemper ondskap må han slite med dei same kvardagslege kjærleiksproblema som alle andre.

Supermann

Supermann. (Foto: DC Comics).

Alter ego: Clark Kent
Skaper: Jerry Siegel, Joe Shuster
Første opptreden: Action Comics #1, 1938
Født: ?
Forlag: DC Comics

Kal-El kom til jorda fra planeten Krypton som barn. I ein åker vart han funne ar mor og far Kent som tok vare på han gjennom oppveksten.

Men Kal-El var ikkje kven som helst. Han har røntgensyn, kan flyge, er raskare enn ei kule og har overmenneskeleg styrke. Med andre ord, han er ganske super!

Når Supermann ikkje er Supermann er han journalist (kven vil vel ikkje det? – journ.anm.) for The Daily Planet, dette er eit fint påskot for alltid å vere på rett stad når ei ulukke eller ei kriminell handling tek stad.

Supermanns erkefiende er Lex Luthor – eit ondt kriminalgeni som ikkje skyr nokre midler for å ta knekken på vår kappekledde ven. Berre éin skurk har derimot teke knekken på superhelten, Doomsday slo han tilsynelatande i ærleg nevekamp i 1992 (han kom sjølvsagt attende etterpå).

Supermann er rekna for å vere den første ordentlege superhelten med superkrefter, det krever nesten ein applaus uansett.

Journalist mot journalist

To klassikarar går hovud mot hovud, men kven tek sigeren heim? Er det Supermann med sin viljestyrke og kraft, eller Spider-Man med sin smidigheit og intellekt?

Fungerar Spider-Mans forutanande kraft på Supermanns fart? Har Spider-Man tilgang på kryptonitt i sin vitskapelege omgangskrets? Eller er Supermann rett og slett kulare enn Spider-Man?

Det er det opp til deg å bestemme. Trykk på knappen under for å stemme på din favoritt, og hjelp han til siger i kåringa av Verdas beste superhelt!