Eit aude og attgrodd Tokyo, urøyvd av menneskehand på lang tid. Og for ein gongs skuld er du ikkje ein marinesoldat eller ein anna uvaska helt.

I staden er du ein liten veskehund, mot naturens harde bit. Dette er Tokyo Jungle, og du skal freiste å overleve midt i det tjukkaste kulturlandskapet verda har å by på, heilt utan menneskeleg hjelp.

Spelet er ein nydeleg idé, og viser dyras samfunn frå ei litt mekanisk, men absolutt nådelaus side. Diverre vert heilheitsinntrykket forstyrra av klossete spelmekanikk.

To hovudmoduser

Spelet har to modusar. I overlevingsmodusen må du velje blant eit stadig veksande utval dyr, som du skal ete, overleve, kjempe og formeire deg med så lenge som overhovud mogeleg.

Først kan du velje mellom ein pomeranier eller ein hjort, og låser med tida opp nye dyr som du kan spele med – alt frå kvardagslege kyllingar og kattepusar, til meir eksotiske bjørnar og elefantar.

I tillegg er det sjølvsagt mogeleg å kjøpe kule dyr, som sabeltanntigrar eller pandaer, frå Playstation Store.

Etter kvart som du spelar låser du òg opp kapittel du kan spele i ein eigen historiemodus. Desse er meir spesifikke og ber deg til dømes om å finne ein make i eit område fullt av ting som helst vil ete deg som mellommåltid. Sakte men sikkert byggjer det opp mot ei forklaring på kvifor alle menneska er vekke.

Les også: Dragons Dogma: — Generell heltereise – med heidundrande kampsystem

Tokyo Jungle (Bilete: SCEE Japan).
Tokyo Jungle (Bilete: SCEE Japan).
Dog eat dog

Tokyo Jungle er eit spel som kjem til å øydeleggje all tru på at kjæledyra dine er søte dydsmønster. Observer ulvens nære slektning rive ut strupen på ein alligator, eller ein katt klore opp augo til ein uskuldig hare.

Dyra du kontrollerer – som tydelegvis alltid er hanndyr – kan òg parre seg med det spelet omtalar som «prime, average or desperate» hodyr for å auke overlevingssjansane dine. Kvar gong du føder eit kull, får du ein liten gjeng høgst levande ekstraliv springande i flokk bak deg. Om du døyr, hopper du vidare til nestemann.

Til ei kvar tid må du balansere mellom å ekspandere til nye område og få fleire poeng, eller å halde bestanden i live ved å lage nye kull.

Gi dyra dine capsar, støvlar, og gensrar for å gi dei sterkare eigenskaper (Foto: SCEE Japan).
Gi dyra dine capsar, støvlar, og genserar for å gi dei sterkare eigenskapar (Foto: SCEE Japan).
Dyret du styrer lever nemleg berre cirka 15 år, uavhengig av rase (det vil seie, om du ikkje vert eten før det da).

Eit spel er eit spel er eit spel

Dette er ein morosam nok idé, faktisk på grensa til veldig interessant. Då er det berre synd at presentasjonen ikkje fungerer like godt.

Verda kjennest veldig kontrollert og mekanisk ut. Mykje hjelpt av heismusikk og veldig klinisk visning av dyra i menyar gjekk tankane mine oftare til bilspel som Gran Turismo enn til ei framstilling av eit vilt samfunn.

Spelet veit i inst inne at det er eit spel, noko som vert ekstra forsterka av ein tutorial som kjennest teken frå 1998. Når drepne fiendar inneheld store gåvepakker med spelhint eller søte capsar til dyret ditt vert det ytterlegare merkeleg. Dette er som ein arkadeversjon av Darwins «den sterkastes rett».

Les også: Mark of the Ninja: — Et røverkjøp av et spill

Poengjaget er i fokus, ikkje historia

Dette er eit av få spel eg har vore borti der overlevingsmodusen er førsteprioritet. På dei første overlevingsforsøka låser ein gjerne opp eit par kapittel av historiemodusen, men når ein så har kome inn i pomeranierkvalpens livsførsle vert ein tvungen tilbake til overlevinga for å låse opp meir.

Sjå trailer for spelet her (Video: SCEE Japan).
Hadde ein i staden kunne fått spele historia uavbrote, og heller ha overlevingsmodusen (som òg er fleirspelar) ved sidan av, hadde ein kunne kome vekk frå den evige loopen av gjentakande – og ofte relativt korte – speløkter.

Når grafikken i tillegg ikkje kjennest ut som den har nådd PS3-nivå klarar det aldri å overtyde meg. Det er mykje innhald her (spelets 4,5GB har iallfall gått til ei stor mengd figurar, ikkje til grafisk polering), men gjentakingane spelet legg opp til vert trått i lengda.

Tokyo Jungle hadde nok overlevd betre på ein handholdt konsoll som Vitaen, kva stad er vel betre å utforske ti minutt med Hobbesiansk naturtilstand enn når du pendlar på bussen?

Tilgjengeleg via Playstation Network frå 26. september.

  • http://www.facebook.com/PrinceRalis Ole Alexander Groth Harbosen

    Jeg kan si meg enig i noe av det som blir nevnt her, men ikke alt.
    Først og fremst synes jeg tutorialen er rask, enkel å forstå og veldig velgjort.. Den viser deg alt du trenger for å gå ut i den store, åpne “jungelen”, uten å røpe for mye av spillet.

    Videre følte også jeg en viss frustrasjon da jeg ikke fikk fortsette “Story mode”, men det å måtte jobbe for å få lov til å fortsette gjør meg ingen ting. Det gjør at man faktisk har en grunn for å spille “Survival mode”. Ved å benytte scenarioet forklart over her, er jeg redd for at spillet ville bestått av en rask gjennomgang av “Story mode”, for deretter å prøve en runde eller to med “Survival mode”, før man la spillet på den virtuelle hyllen.Når det gjelder grafikken må jeg dessverre si meg enig. Den kunne vært mye bedre. Allikevel synes jeg ikke dette trekker spillet nevneverdig ned. Det gir en følelse av et “casual game” og det føles mindre seriøst, noe som iallefall ikke er negativt.
    Jeg har heller ikke opplevd noen form for klossete spillmekanikk. Om noe, så savner jeg muligheten til å justere kameraet etter eget ønske. Enda mer skulle jeg ønske at byen var bygd opp mer som på GTA, at man kunne reise i alle retninger, og ikke bare bytte “sone” i endene av hvert område.I tillegg kunne kanskje revirene man overtar vært mindre, slik at man ikke nødvendigvis hadde kontroll på hele “sonen”, men kun en liten trygghetssone.

    Hadde de til sist klart å implementere en nettbasert flerspiller modus, så hadde dette spillet vært virkelig storartet.Selv vil jeg gi Tokyo Jungle karakteren 9/10