Den standhaftige boksaren Rocky Balboa var blant Sylvester Stallones første store roller, no skal han gi stafettpinnen vidare, og det til ingen ringare enn sin tidlegare motstandar/ven Apollo Creed sitt barnebarn. MGM arbeider no med manuset på spin-off-filmen Creed, ifølgje blant anna Deadline.

Nyleg har regissør Ryan Coogler og skodespelar Michael B. Jordan (Chronicle, Friday Night Lights) gjort suksess med Fruitvale Station, og vunne prisar både i Cannes og på Sundance-festivalen, noko som tydelegvis har gjort inntrykk på MGM som har hyra duoen inn som høvesvis regissør og hovudrolle.

Michael B. Jordan i «Fruitvale Station». (AP Photo/The Weinstein Company)
Michael B. Jordan i «Fruitvale Station». (AP Photo/The Weinstein Company)

Topp 5: Kristofer Hivju legg fram sine Sylvester Stallone-favorittar

Sylvester Stallone skal framleis spele Rocky Balboa, men inntek i staden rolla som trenerveteran for den unge Creed.

– Drøymeprosjekt

I dei tidlegare filmane er Apollo Creed ein av Rockys argaste motstandarar, som seinare vart hans ven og trenar i Rocky III, før kampen mot Ivan Drago (Dolph Lundgren) i Rocky IV.

Coogler skildrar filmen som «eit drøymeprosjekt», og skal sjølv ha foreslått tanken for selskapet. Barnebarnet voks opp i gode kår på grunn av bestefarens pengar, men byrjer å bokse – trass familiens motstand – og oppsøkjer ein pensjonert Rocky for å få opplæring.

Anmelding: Rocky Balboa: – Et hyggelig farvel med en populær figur

I utgangspunktet kan det høyrest litt ut som gangen i Rocky V – som ikkje er ein fantastisk film – men forhåpentlegvis kan friskt blod tilføre Rocky-historia noko som ikkje har blitt fortalt med dei seks andre filmane i serien. Stallone skal produsere filmen saman med Irwin Winkler og Robert Chartoff, som blant anna produserte den første Rocky-filmen.

Burde Rocky ha gitt seg etter den sjette filmen?