Ron Moore har skrive manus på tre ulike Star Trek-seriar, og var hovudet bak den vellukka gjenskapinga av Battlestar Galactica i 2004. Sidan den gongen har han stort sett laga forslag til ulike TV-konsept som aldri har komt lenger enn ein pilotepisode – alt frå westernseriar, til ein serie omtala som «Harry Potter for voksne».

Tidlegare i år plukka derimot kanalen SyFy – som for tida får mest merksemd for å lage billege B-filmar med gale utgangspunkt (haiorkanar, sjøvampyrar, megahaiar mot gigablekksprutar) – opp Ron Moore-prosjektet Helix.

Seriens utgangspunkt er ei gruppe vitskapsmenn som undersøkjer eit mogeleg sjukdomsutbrot på ein arktisk forskningsanlegg, som kan vise seg å vere meir verdsomgripande enn dei først antok.

– Me bryt ikkje berre internasjonalt lovverk, me kludrar med naturens lover!

Merkar du nokre likskapstrekk med andre filmar som omhandlar unatur i arktiske områder? Vel, kanskje ikkje så rart, Ron Moore skreiv første versjon av manuset som seinare vart 2011-versjonen av The Thing.

Les også: Topp 5: Sci-fi-TV-serier: – Ja, «Battlestar Galactica» er med

13 episodar frå januar 2014

Blant dei framfor kamera av litt tyngde er Jeri Ryan, som blant anna spelte i Star Trek: Voyager. Hovudpersonen Alan Farragut vert spela av Billy Campbell (The Killing). Med seg på laget bak kamera har Moore det som i traileren vert omtala som produsentane av Lost, X-Files og Contact – rettare sagt to personar, Steven Maeda og Lynda Obst.

Syfy har ikkje like mykje pengar å rutte med som fleire av dei andre storkanalane, noko som òg kanskje visest igjen i den litt sterile traileren. Dog, det ville ikkje ha vore første gong at lågbudsjett blir ei styrke i science fiction – Ron Moore har tidlegare framheva spenninga i manuset som det beste med serien.

Serien vart plukka opp for ein 13 episoders-sesong i januar ifjor, og får premiere i januar til neste år. SyFy har allereie tenkt på ein andre sesong, spesifikt at dei kan late den same tidsperioden utspele seg frå eit anna synspunkt. Lat oss berre håpe det ikkje blir nok ein zombieserie.

Kva trur du om traileren?