Kjapt! Nemn éin stad der Marvel ikkje allereie har fullt av medieprodukt. Originale TV-seriar for strøymetenester, seier du? For seint! Marvel/Disney og Netflix annonserte i dag eit samarbeidsprosjekt der dei skal lage fire TV-seriar frå Marvels «Hells Kitchen, Manhattan»-univers – med den blinde superhelten Daredevil i spissen, melder Netflix i ei pressemelding.

Luke Cage og Iron Fist, frå Marvel-teikneseriene. (Foto: Marvel)
Luke Cage og Iron Fist, frå Marvel-teikneseriene. (Foto: Marvel)

Først Daredevil, så Jessica Jones fulgt av Iron Fist og Luke Cage – før ei samanslåing i ein The Defenders-miniserie (ei gruppe alle dei føregåande heltane har vore innom i teikneserie. Dermed stemmer rykta om fire TV-seriar frå omtrent ein månad sidan, i ein ambisiøs plan for Marvel.

– Denne seriebaserte historia utvidar mogelegheitene i forteljinga på «on demand»-TV og gir fansen fleksibiliteten i å fordjupe seg korleis og når dei vil i det som sikkert vil bli eit spennande og innhaldsrikt eventyr, seier Marvel-sjef Alan Fine.

Jessica Jones. (Foto: Marvel)
Jessica Jones. (Foto: Marvel)

Det kan verke som om Marvel no ynskjer å gjere det same for The Defenders som dei har gjort for The Avengers dei siste åra – dog med litt mindre superheltar.

Les også: Rykte om store TV-planar hjå Marvel

4 X 13 episodar, minst

I utgangspunktet er avtala 13 episodar i kvar av dei fire TV-seriane, som skal byrje i 2015. Det er ikkje sagt kva rytme seriane vil kome i, men det er ikkje utenkjeleg at dei slepp heile sesongen på ein gong slik dei har gjort med alle sine originale seriar.

Sist Daredevil var på skjermen var det i filmen med Ben Affleck i hovudrolla, ein film som måtte tåle mykje kjeft. No har Ben Affleck blitt Batman, filmrettane for Daredevil har gått attende til Marvel (dei var før hjå 20th Century Fox), og dei kan ende opp i store planar.

Frå før av skjer både superheltfilmane og TV-serien Agents of S.H.I.E.L.D. (hjå kanalen ABC) i same univers – det er sannsynleg at dei fire Netflix-seriane òg vil krysse over i dette på eit eller anna vis. Absolutt ingenting er sagt om regissørar, skodespelarar eller historielinjer enno – så det er på tide å starte spekulasjonsmotorane.

For superheltfans er det spennande tider, lat oss berre håpe at dette er fordi dei har gode historier å fortelje, ikkje berre fordi superheltar tener mykje pengar for tida.

Kven burde spele den blinde superhelten Daredevil (Det er ikkje lov til å svare Ben Affleck)?