Kven er Kongen under Fjellet? I den siste traileren for Hobbiten: Smaugs ødemark, sluppe i natt, er det minst to som hevdar at dei burde inneha tittelen. I dei tre minutta får me sjå nye glimt frå Midgard, og både nye og gamle bekjentskaper.

Eit dikt om Kongen – dvergen Thorins – atterkome, litt forandra frå boka, vert introen til ein utvida trailer.

Cirka samtidig, fleire stader rundtom i verda, fekk utvalde fans ein førehandskikk på filmen. Los Angeles, New York, Wellington, London, Madrid, Mexico City, Brussels, Paris, Rome, Miami, Toronto, Hamburg og Sydney var åstad for det dei sjølv kalla #HobbitFanEvent.

Apropos ingenting, dei har airbrusha ansiktet til Martin Freeman så frykteleg her at det er heilt forferdeleg. Midgard har ikkje slike plastiske kirurgar. (Foto: Warner Bros.)
Apropos ingenting, dei har airbrusha ansiktet til Martin Freeman så frykteleg her at det er heilt forferdeleg. Midgard har ikkje slike plastiske kirurgar. (Foto: Warner Bros.)

– Det er ein sexy replikk!

Jackson sjølv stilte opp i New Zealand – utan sko, slik han pleier å regissere filmane – og svara blant anna på korvidt å involvere fleire nye figurar som ikkje var i originalbøkene gjorde arbeidet hans vanskelegare.

– Ikkje eigentleg. Fundamentalt sett må folk forstå at i boka, så er det stemma til forfattaren som tek deg på reisa. Men som regissør, så vil du ikkje setje deg der på den måten. Filmforteljing bør bli fortalt gjennom figurar, ikkje forteljaren, sa han ifølgje Wall Street Journal.

– Etter kvart som me utvikla historia på Hobbiten og valde å ta inn vedlegga, blei det veldig klart at det var desse figurane som skulle ta oss med på den reisa.

I New York fortalte Richard Armitage, som spelar Thorin Oakenshield, at hans favorittreplikk er blant det som er nyskrive for filmens del:

– If this should end in fire then we shall all burn together.

– Det er ein sexy replikk, svara Orlando Bloom – som returnerar i rolla som Legolas i filmen.

Fansen fekk òg sjå fem scener frå filmen, deriblant av kamp mot edderkoppar – då Bilbo gir namn til sverdet sitt, alvisk avhøyring av ein ork, ei fengelsflukt, krangling i ein båt på ei isdekt elv, og Bilbos første møte med draken Smaug. Sistnemnde er augneblinken som regissør Peter Jackson tidlegare har sagt at han gleda seg mest til å vise fram, og alt avsluttast med drakens fråsegn:

– I AM THE KING UNDER THE MOUNTAIN! Draken Smaug

Kven som er Kongen under fjellet må me vente å sjå til premieredagen 11. desember 2013.

Skal du sjå Hobbiten: Smaugs Ødemark? Legg att ein kommentar under den timeslange videoen frå nattas hending.