Musikalar er ikkje ein sjanger, det er ein livsstil. Og av og til dypper eg foten nedi, med stor glede. Eg er også ein fantasy-fan, så då skulle jo i utgangspunktet ein mellomalder-fantasy-serie i musikalformat passe meg ypparleg, skulle det ikkje?

Galavant er historia om heltemodige Gary Galavant, ein heltete helt som er heiltent på å helte så mykje han heltast kan. Grunnpremisset i serien forklarast raskt i løpet av seriens første fem minutt – Galavant er trulova med sin utkåra, den vakre Madalena, men den lokale Kong Richard røvar ho med seg for giftarmål.

Så langt, ganske standard prinsesseredding, men når Galavant så kjem for å hente ho heim, viser det seg at Madalena er meir grådig enn han trudde, og vel giftarmål med kongen for å nyte rikdomen og luksuslivet. Dette gjer Galavant særs misnøgd.

Anmelding: Into the Woods: – I sitt angrep på eventyrets overfladiskhet går den i samme fella selv

Disney-veteranar bak kamera

Galavant er sett i mellomalderen, men er sjølvironisk til fingerspissane og – som periodemusikalar flest – såpass fylt med spor av tida dei oppstod i at du ikkje kan vente historisk korrektskap i noko som helst. Om du likte klippet over, er det stor fare for at du kan ha sansen for serien – og omvendt.

Mannen bak musikken er sjølvaste Alan Menken, notehovudet bak Disney-klassikarar som Den lille havfruen, Pocahontas og den nesten like sarkastiske To på rømmen (som han jobba med serieskapar Dan Fogelman og tekstforfattar Glenn Slater på) – samt seriens forfar, Little Shop of Horrors frå 1986.

Galavant ligg tett opptil sistnemndes tradisjon, men med openbare moderne slektstrekk til Joss Whedon-utfall som Dr. Horribles Sing-A-Long-Blog og Buffy-episoden Once More, With Feeling.

Les også: Topp 5 Musikalfilmer!

Dronning Madalena mellom seriens beste skurkepar, Gareth og kong Richard. (Foto: ABC)
Dronning Madalena mellom seriens beste skurkepar, Gareth og kong Richard. (Foto: ABC)

Kultur i «hermeteikn»

Me er tungt inne i camp-land her, spelestilen der alt er «i hermeteikn», som Susan Sontag skreiv på 60-talet – gjerne konsumert med ei klype salt og minst ei armlengdes ironisk distanse.

Det er ein smal knivsodd Menken og Fogelman står på – fokuset på å gjere narr av sin eigen sjanger tek ofte over for andre ting, som plott og karakterar. Songane er i stor grad gode, og melodien frå hovudlåten kjem til å henge ved langt inn i sumaren, men humoren går på bekosting av resten. Til dømes illustrert av denne dialogen påfølgjande ein «mordi-vits», frå ingen ringare enn John Stamos (Under samme tak) i ei teit birolle:

– Du veit, John, det er år 1256, mordi-vitsar byrjar å bli gamle …

– Vel … mordi byrjar også å bli gamal!

Det er jo ikkje slik at dette nødvendigvis ikkje morosamt, men den typen humor blir fort overbrukt. Når ein evnukk – med overraskande djup stemme – påklagar mangelen på (slotts) ball, får eg litt same kjensla, og det er ikkje siste gong me pensar innom dette.

Anmelding: Hairspray: – Sorgløst sukkerspinn

Blant minirollene i første sesong er Weird Al Yankovic, Ricky Gervais, og her John Stamos som riddaren Jean Hamm. (Foto: ABC)
Blant minirollene i første sesong er Weird Al Yankovic, Ricky Gervais, og her John Stamos som riddaren Jean Hamm. (Foto: ABC)

Tidvis skamlaust morosamt

Joshua Sasse er god som tittelhelten, både når han er på sitt mest heltemodige og sitt meir sarkastiske sjølv. Luke Youngblood (Harry Potter-filmane) som væpnaren Sid er ein tilsvarande fin motpol til hovudpersonens lettare pessimisme, og Karen David (Pixelface) som prinsesse Isabella er eit nydeleg tillegg som obligatorisk nase med bein i.

På skurkesida er Timothy Omundson (Psych) og Vinnie Jones (Euro Trip, Wimbledon F.C.) seriens skarpaste (sløve) knivar – biroller frå kjende andlet som dukkar opp undervegs er av både den sterke og den svake sorten.

Resultatet er litt som Princess Bride i TV-serieformat – berre færre monster og popkulturelle referansar, og desto fleire songar. Tidvis er serien skamlaust likbar, men det spørst om det ikkje var litt for få gode idear for ein heil sesong. I filmformat, eller for den del på scena, ser eg for meg at dette hadde blitt tilstrekkeleg rappkjefta for lengda.

Sid og Isabella, Galavants følgjesvener(?) på reisa. (Foto: ABC)
Sid og Isabella, Galavants følgjesvener(?) på reisa. (Foto: ABC)

Allereie før serien kjem til norske skjermar har den, etter litt krangling med originalkanal ABC, gjort seg ferdig med ein andresesong. Sjølv der klarar dei å vere ettertrykkeleg sjølvironiserande – andre sesongs første episode heiter A New Season, aka Suck It Cancellation Bear, og sentralt er Kylie Minogue med nylåten Off with his shirt (nokre spoilers for førstesesong i videoen), retta mot Gary Galavant sjølv.

Då er liksom lista lagt.

Galavant er tilgjengeleg på Viaplay frå sundag 15. mai.

Om SERIEN

Galavant
  • Galavant
  • Slippdato: 15.05.2016
  • Sesong: 1
  • Utgiver: ABC
  • Serieskaper: Dan Fogelman
  • Originaltittel: Galavant
  • Sjanger: Komedie, Musikal, TV-Serie