På eitt spesifikt tidspunkt i første episode av Preacher hadde eg veldig lyst til å seie: – Herregud, dei klarte det. Dei sjuke, gudsforlatte jævlane. Dei klarte det.

Preacher er Garth Ennis og Steve Dillon si kontroversielle teikneserie frå midten av 90-talet. Den er av mange rekna som ei av dei mest «ufilmbare» teikneseriane – ikkje berre fordi den omhandlar latterleg blasfemiske gjeremål, men også på grunn av eit fantastisk morbid tema.

Det er dette AMC gav Seth Rogen og Evan Goldberg (Superbad) i oppdrag å gjere ein tv-serie av. Saman med showrunner Sam Catlin (manus for Breaking Bad) er skapinga deira no på veg til tv-skjermane.

Har dei laga ein god tv-serie? Jada. Er det heilt Preacher? Etter fire episodar er eg ikkje heilt sikker, sjølv om det er nokre solide hint her og der.

Anmelding: The Walking Dead S06 E01: – En zombie walk du aldri har sett maken til!

Rett frå KRLE-læreplanmåla

Utgangspunktet er som følgjer: Den alkoholiserte sørstatspredikanten Jesse Custer (Dominic Cooper), saman med leigemordaren Tulip (Ruth Negga) og den irske vampyren Cassidy (Joe Gilgun), må finne Gud, bokstaveleg talt.

Custer er nemleg besatt av ei guddommeleg kraft som gir han overnaturlege evner. På vegen dit møter han motstand, han er nemleg ikkje den einaste som ser moglegheitene i Guds ord.

Førebels har serien valt ei litt anna inngangsvinkel enn originalen, den held seg hovudsakleg til heimbyen Annville og opnar med andre historielinjer enn det teikneseria gjorde. Faktisk kan det minne ein del om Breaking Bad si opning – etter ein heftig førsteepisode er det ei saktare avduking av universet rundt. Forhåpentlegvis tek dei seg god tid fordi dei har planar om å fortelje historia lenge.

Preacher har mange parallellar til nerdesuksessen The Walking Dead – også gjort til TV frå AMC – ein filosofi rota i KRLE-læreplanmåla, men med ulike kontroversielle scener som både har blitt kutta og fått overleve i overgangen til TV-mediet. Som tidlegare verkar det å vere lettare å kutte seksuelle tema enn valdelege tema, men kan hende seriar som Jessica Jones har hjelpt til å opne dørene for slikt.

Anmelding: Jessica Jones: – Beinhard, men sårbar

Cassidy, den irske forfylla vagabonden. (Foto: AMC)
Cassidy, den irske forfylla vagabonden. (Foto: AMC)

Tek det mørke med det lyse

I første sesong verkar det å vere Odin Quincannon i Jackie Earle Haley (Watchmen) sin skikkelse som er hovudfokus – ein fascistoid kjøtindustrieigar, inntil vidare lågmælt. Mange figurar vert introduserte, men eg vil trekkje fram Eugene som er eit godt eksempel på kva som gjer Preacher nydeleg.

Det er nemleg passande at seriens kanskje mest overflatisk stygge figur, ein ungdom som i mangel på gud forsøkte å begå sjølvmord med hagle og enda med eit andlet som gir han det passande kallenamnet «Arseface» (nydeleg spelt av Ian Colletti), er det kanskje mest menneskelege og positive motstykket serien har til antihelten Jesse.

Eg håpar og trur at serien har endra rekkjefølgja på skurkane sine for å byggje framdrifta litt annleis, framfor å «velje vekk» dei meir outrerte hendingane som originalen tek føre seg. Ei historie som er adaptert frå eit medium inn i eit anna verken kan eller bør vere kliss likt, men mykje av poenget i originalen låg – ved sidan av særs interessant diskusjon om det gode og vonde i religion – nettopp i kontroversen.

Les også: AMC vil lage tv-serie av «Preacher»

Lucy Griffiths som Emily Woodrow, ein av figurane som er nyskriven for tv-serien. (Foto: AMC)
Lucy Griffiths som Emily Woodrow, ein av figurane som er nyskriven for tv-serien. (Foto: AMC)

Oppdatert til 2016

Rogen og Goldberg er eit ettertrakta par i nerde-Hollywood, og det var først etter at dei gjentekne gongar takka nei til å filmatisere blant anna Uncharted at dei gjekk for dette prosjektet.

I oppdateringa frå 1996 til 2016 har dei også gitt nytt liv og moderne hjelpemiddel, kyrkjelyden har iallfall tilgang på både nettbrett og flatskjermar – og saman med Caitlin er dei gode på å introdusere universet for oss, bit for bit. Dette er langt unna stoner-komediane og lol-dude-historiene dei har laga før. Heldigvis.

Me hoppar frå notid til dåtid, frå Texas til Russland til Afrika til 1881. Slåst-scenene er nydeleg filma, og bifell ein serie som tør å ta seg nytte av dramatisk lyssetjing, litt lånt frå teikneseria sitt minst like dramatiske utgangspunkt.

Jesse må slite med si nyanskaffing, og Dominic Cooper (Agent Carter) er usedvanleg flink til å vise ein mann på vippen mellom god og vond når han viser kva evner han har, både naturlege og overnaturlege. Endring, både med og utan makt, står sentralt i serien – og midt i det står transformatoren Cooper støtt som stein.

Les også: Rogen: – Det blir berre ein Indiana Jones-kopi

Donny er sørstatsmann, og oppteken av «heritage». (Foto: AMC)
Donny er sørstatsmann, og oppteken av «heritage». (Foto: AMC)

Riktige rolleval

Cooper er godt støtta på kvar si side av Ruth Negga (Agents of S.H.I.E.L.D.), godt inspirert av blaxploitation-sjangeren i si tolking av Tulip O’Hare, samt Joe Gilgun (This is England) som speler rabiat, men lojal til fingerspissane. Det er hans introduksjon i første episode som fekk meg til å tenkje at dei verkeleg hadde knekt Preacher-koden.

Fire episodar inn gjer derimot ikkje så mykje for samhaldet dei tre imellom. Tv-serien tek seg tydeleg tid – og sjølv om det er nesten halvveges inn i ti episodar har historia framleis ikkje heilt skoten i gang enno. Som Guds vegar er Preacher fullstendig uransakleg – og pensar mogleg innom litt tungetale før det kjem til endestoppet.

Første gong den vart forsøkt filmatisert var i 1998, 18 år etter – og minst fire havarerte forsøk seinare – har me den endeleg her.

Dei fire episodane me fekk tilgjengeleg på førehand varsla om at noko musikk og effektar var midlertidige – og eg mistenkjer at til dømes musikken frå filmscoren til Under the Skin – kor kul den enn er – neppe skal vere i den endelege versjonen som går på tv.

«Preacher» får norsk premiere måndag 23. mai på Viaplay, og vil få ein ny episode kvar veke under eit døgn etter amerikansk premieredato.

Om SERIEN

Preacher
  • Preacher
  • Slippdato: 23.05.2016
  • Sesong: 1
  • Utgiver: Viaplay
  • Serieskaper: Sam Caitlin
  • Originaltittel: Preacher
  • Sjanger: Action, Drama, Eventyr, TV-Serie