Omtrent slik ser eg for meg at handlelistene til regissør og manusforfattar Roland Emmerich ser ut, om han skriv den ned litt raskt og plukkar dei første tinga han kjem på:

  • Mineralvatn
  • Grønkål
  • Klokker med store tal som tel nedover mot null
  • Eksplosjonar
  • Turistattraksjonar som går opp i røyk
  • Folk i uniform som går sakte mot kamera
  • Utappa kinesisk kinomarknad
  • Så tenkjer han «Nei, pokker! No har eg gjort det igjen! Skrive eit manusutkast!» Deretter postlegg han handlelista til produksjonsselskapet 20th Century Fox, og to-tre år etterpå har me ein film. Denne gongen er det oppfølgjaren til Independence Day som står for tur.

    20 år etter at den suksessrike 4. juli-filmen kom ut i 1996, plukkar katastrofefilmkongen Emmerich og co. opp tråden og set historia til 20 år etter at menneskerasen saman klarte å ta knekken på dei invaderande romvesena. Velkomen til jorda! For ein gongs skuld er den politisk samla, og basert på restane frå det ytre rom har me hatt store teknologiske framsteg. Men plutseleg dukkar noko opp over månehorisonten igjen.

    Første gongen Filmpolitiet rapporterte om planane til denne filmen var 11. januar 1998, knappe to år etter den første kom ut. Heilt frå starten var planen at Will Smith skulle ta opp att rolla si, men i 2014 vart det endeleg bekrefta – Smith blir ikkje med.

    Topp 5: Alien-invasjoner: – Hvorfor var det akkurat Independence Day som havnet på førsteplass?

    Sentralt actionfemkløver utan særleg personlegdom

    Sidan den gongen har historia vore innom ikkje mindre enn tre ulike manusforfattar-team, og den bér preg av det. Her er det mange som ville ha inn sine idear. Det er ei god historie her inne ein stad, men ein må kle av nokre lag for å finne den. Det beste eksempelet er fråværet av nettopp ein som Will Smith.

    Independence Day: Resurgence har nemleg ein helt, i utgangspunktet er han spelt av Liam Hemsworth (Hunger Games-filmane). Men i mangelen på den karismatiske Smith har filmen tvunge inn figurens son, Dylan, spela av Jesse T. Usher (for å påpeike kor overflødig Dylan er: 20th Century Fox Norway har ikkje ein gong eit bilete av han i pressematerialet sitt).

    Når dei to saman må kjempe om publikums merksemd ender dei med å knappast vere halvparten kvar av Smiths minneverdige opptreden.

    I tillegg deler dei merksemda med Rain (filmstjerna Angelababy, dei må jo få tilgang til den kinesiske marknaden på ein eller anna måte), den nerdete Charlie (Travis Tope), som saman med med president Whitmores dotter Patricia (Maika Monroe) ender opp med å vere det sentrale unge femkløveret. Ingen av dei har særleg personlegdom utover at dei ser ulike ut.

    Dialogen er overforklarande og overtydeleg. «Dei likar sanneleg å øydeleggje landemerker» «Det er jo trist at faren din er død» «Eit naudanrop» «Dei kjem!» «Wow, den er større enn sist gong» Ting sjåaren er fullstendig klar over at skjer i den store filmen, fordi det skjer på lerretet medan me ser den. Det verkar i stor grad som om dei har skrive ein to timar lang film for å få lydklipp dei kan bruke i ulike trailerar.

    Filmmelding: Warcraft: The Beginning: – Hardtslående og effektfull fantasifilm

    Independence Day: Resurgence. (Foto: 20th Century Fox Norway)
    Ei av dei betre actionscenene i filmen, iallfall visuelt. (Foto: 20th Century Fox Norway)

    Gamlegutta er også med

    Gjengen frå den første filmen er generelt litt skrantne, med unntak av David Levinson (Jeff Goldblum) som er blitt sjef for jordas forsvarsprogram. Etter gjenopplivinga frå Hollywood-mørkeloftet dei siste åra verkar det som om Goldblum ikkje heilt får lov til å mumle lengre, som på mange måtar er hans fremste karaktertrekk.

    Ellers dukkar Bill Pullman opp som den pensjonerte president Whitman som framleis merkar den psykiske knekken etter sigeren då han var yngre – i ei gråsprengt og samankrypt framtoning som treng gåstokken sin mindre og mindre etter kvart som filmen går. Brent Spiner sin maniske fysikar er òg attende med den same hårmanken som sist. Han er kan hende den einaste som veit kva slags film det er han er med i.

    Men det ser jo flott ut da. Filmen er fylt til randa med dataskapte omgivnader, og alt frå organiske skip og romdrakter er gjengitt pent, sjølv om 3D-en i stor grad er overflødig. I dei mest kaotiske scenene kan det bli litt mykje, men i det fåtalet scener er vel òg kaos nettopp poenget. Nylege filmar som Guardians of the Galaxy har dog gjort den same typen romkampscener betre.

    Litt synd er det likevel at filmmusikken som skal støtte under dei store scenene i stor grad er forsvinnande anonym. Her må komponist Thomas Schobel ha gått på autopilot.

    Filmmelding: Godzilla: – Monsterblockbuster!

    Independence Day: Resurgence. (Foto: 20th Century Fox Norway)
    Litt meir slitne enn for 20 år sidan, iallfall ekspresidenten til høgre. (Foto: 20th Century Fox Norway)

    Dess fleire kokkar, dess meir søl

    Den første Independence Day-filmen er eigentleg overraskande liten. Ja, hendingane viste ein heilt planet i fare, og det visuelle låg ikkje noko imellom for å vise trugselen frå det ytre rom, men haldepunkta våre til planeten var få og sterke – den viljesterke presidenten, den karismatiske soldaten, og dei briljante vitskapsmennene. I oppdateringa til 2016 har dei spreidd tankane sine for breitt utover.

    Sjølv gigantomane 2012 handla i prinsippet om éin familie, og andre godt fungerande filmar i Emmerichs bibliotek som Universal Soldier og The Patriot tek også smalare utgangspunkt til å fortelje storslåtte episke historier. I Independence Day: Resurgence verkar det som om produsentane har gløymd dette.

    Nokre påkasta tankar som ein afrikansk krigsherre (Deobia Oparei, som utan problem kunne blitt ein eigen film!), og atterkomsten til Levinsons far (Judd Hirsch), er med på å lesse over ein film med plott og figurar som berre tek vekk frå det viktige her – kor glade menneska er i å framstille seg som den mest standhaftige i verda, uansett kor mykje dei har mista på vegen.

    Emmerich er ein visuelt sterk filmskapar, og med blant anna Independence Day sementerte han katastrofefilmsjangeren på 90-talet som sumarfilmen over alle, som han seinare har levert litt ujamne variantar av – gode som dårlege. Men oppfølgjaren bér i for stor grad av «dess fleire kokkar, dess meir søl», og i vakuumet etter ei berande skikkelse manglar filmen personlegdomen til å glitre.

    Så får me sjå om handlelista hans skaffar nok pengar til ein oppfølgjar til. Noko seier meg at kinesarane er svoltne på meir.

    Om FILMEN

    Independence Day: Resurgence
    • Independence Day: Resurgence
    • Slippdato: 01.07.2016
    • Regi: Roland Emmerich
    • Utgiver: 20th Century Fox Norway
    • Sjanger: Action, Sci-fi