– Eg vart akkurat totalutestengt frå Tinder. Sånn super-utestengt. Eg får ikkje lov til å lage ein Tinder-konto igjen i mitt liv.
Slik startar historia til komikaren best kjend som «Piateed». Morosame videoar laga på jenterommet heime hjå foreldra i Loddefjord, har ført til ein gryande karriere innan standup og radio. For å nemne noko.
Og det er akkurat denne humoren som innimellom kan komme i vegen for datinglivet hennar. Korleis det heile gjekk til fortalte ho då ho gjesta podkasten «I karantene med Ronny og Tuva».
– Eg kjeda meg litt, så eg la ut nokre nye bilete på profilen min.
Bileta som Stavang la ut på Tinder-profilen vart også publisert på Instagram, som eit humoristisk innlegg. Det var heldigvis innanfor Instagram sine retningslinjer, men det same gjaldt tydelegvis ikkje for Tinder.
– På eit av bileta ligg eg på ei solseng og solar meg, ikledd ei BDSM-maske. Biletet vart publisert saman med teksta: «Haha, no blir eg i alle fall ikkje solbrent i andletet».
– Eg synest at det er eit artig bilete fordi ein får eit inntrykk av kven eg er. Då eg vakna dagen etterpå gjekk eg inn på Tinder og oppdaga følgjande melding: «Hei, du er utestengd, du er sjuk i hovudet, og du får ikkje lov til å vere her», påstår Stavang.
Sendte e-post til Tinder
Dette godtok ikkje Stavang.
– Så eg sendte ein e-post der det stod: «Hi, I have been blocked on Tinder please help».
Men trass fleire e-post-utvekslingar med datingappen har Stavang framleis ikkje fått opna kontoen sin.
– Eg er kjempeutestengt.
– Kva gjer du no då? spør programleiar Ronny Brede Aase.
– Eg må vel preike med folk på gata då. Eller så kan eg laste ned Happn. Det er jo og ein app, kjem Stavang på og ler.
Fekk du med deg då P3 intervjua dei som ser etter kinky sengepartnarar på Tinder? Les saken her.
P3 har forsøkt å kontakte Tinder om saka, men dei har førebels ikkje svart.
Etter at P3 kontakta Tinder for kommentar, melder Stavang fredag ettermiddag at ho er tilbake på datingappen.
Baksnakka på trikken
Dette er ikkje fyrste gong Stavang har hatt ei trøblete oppleving med Tinder. I 2018 fortalde ho på «P3morgen» om då ho hadde eit kjipt møte med nokon ho hadde prata med på datingappen.
– Same dag som me matcha og avtalte at me skulle gå ut for å ete saman, såg eg han på trikken.
Stavang fortel vidare at ho vurderte å gå bort for å seie hei, men fant ut at ho ville vente med å helse på han til daten. Ho tok av seg øyreproppane for å høyre kva han og kompisane prata om.
– Då seier han: «Eg skal på date med ein eller anna bergensar», og eg tenkte «herregud han snakkar om meg med kompisane sine medan eg sit her». Og så seier han fylgjande: «Ho er ikkje så fin då, men ho er kjendis, så det er jo kred.» Som i ein film!
Det tok ikkje mange sekundane frå ho høyrde dette, til ho bestemte seg for å handle.
– Det svartna for meg! Eg gjekk bort til han og såg på han lenge nok til at han skjønte at det var meg, og så sa eg: «Du, den daten på mandag, den kan du drite i».
Datingråd i isolasjonstid
Denne hendinga gjorde at komikaren satt dating på vent ei lita stund etterpå. No er det heller andre ting som stikk kjeppar i hjula for datinglivet. Som til dømes ein blokkert Tinder-konto og myndigheitene sine isolasjonsreglar.
– Kva er dykkar beste tips for dating i desse koronatider? spør Maria programleiarparet.
– Eg vil tru det er vanskeleg å få det til, svarar Ronny før Tuva bryt inn:
– Nei, så vanskeleg er det ikkje. For det fyrste så er folk like pratsamme som deg, så snakk med folk på butikken med ein meter avstand. Så går de på tur, griller pølser, kosar dykk, og held avstand, rådar ho.
– Ja det er på ekte noko eg har tenkt på. Dersom ein tar med seg teppe, termos og ein liten sekspakning så klarer ein å halde ein meter avstand, med mindre det blir veldig god stemning, seier Maria og ler.