nrk.no

Historier frå kollektivet:Ein skikkeleg «dritkveld»

Venninnegjengen inviterte til nach i kollektivet. Det enda med ei ekkel overrasking.

Når folk som ikkje kjenner kvarandre, flyttar saman, kan det oppstå situasjonar som er fine – og fæle.

Og når ein først skal studere, er det ikkje uvanleg å busette seg i eit kollektiv.

Det kan ei undersøking frå Statistisk sentralbyrå bekrefte. Den viser nemleg at 25 prosent av dei som studerte i Noreg i 2016, delte bustad med andre. På toppen av det oppgav 18 prosent at dei budde i studentbustad, noko som ofte også betyr kollektiv av eit slag.

Me bad følgjarane våre om å dele sine verste og beste erfaringar frå livet i kollektiv.

Mange av historiene me fekk tilsendt, har fått det til å rykke i smilebandet. Andre har fått oss til å rynke på nasa.

Tidlegare har me fortalt om Frøydis, og korleis den eine «roomien» hennar fridde til ho. «Trine» opplevde at «roomien» hennar vaska skitne sokkar i oppvaskmaskina.

Historia du er i ferd med å lese, har høg «rynke på nasa»-faktor.

Det byrja med god stemning

Tre studievenninner skulle ta ein velfortent pause frå kvardagsstresset med ein kveld på byen.

Lukkelege uvitande om kva dei hadde i vente ved enden av kvelden, drog dei ut for å feire fullført bachelor. Derfor bestemte dei tre venninnene seg for å gå ut og ete. Middagen blei etterfølgt av eit par drinkar på ein utestad i byen.

I denne saka har jentene namna «Sara», «Oda» og «Nina». Dei er ikkje dei verkelege namna deira, men i denne historia har me valt å anonymisere dei. P3 kjenner den verkelege identiteten deira.

– Plutseleg var me på ein merkeleg uteplass me aldri hadde vore på før, fortel dei tre venninnene.

Stemninga var god på byen, dei møtte nokre gutar, og praten sat laust. Så dukka det uunngåelege spørsmålet opp: Blir det nach?

Nach og sengekos

Og eit aldri så lite og hyggeleg nach blei det.

Så hyggeleg at klokka blei mykje, og morgonen brått var nærmare enn natta ved festens slutt.

– Eg trur me heldt på til klokka sju om morgonen, fortel jentene i starten av 20-åra.

Og sidan det ikkje var heilt ukomplisert å kome seg heim på den tida av døgnet, fekk gjestane tilbod om å krasje på sofaen.

– Dei fleste gjekk jo berre heim, men nokre blei verande ei stund til før dei drog. Éin stal ei yogamatte og sov på den, liksom.

Til slutt var det berre éin fyr igjen.

– Me var jo eigentleg mest gira på at folk berre skulle gå, men lét han eine sove på sofaen.

Ifølgje «Sara», «Oda» og «Nina» var dette ein fyr av det pågåande slaget.

– Utan at me visste om kvarandre hadde han gått og spurt alle tre om me var gira på litt sengekos for natta. Me takka alle høfleg nei.

Korleis takle uventa situasjonar?

Det er lett å la seg irritere av livet i kollektiv. Korleis hadde du reagert om ein av romkameratane dine brått hadde invitert ein framand til å sove på sofaen?

– Ikkje ha høge forventningar til resten av kollektivet, med mindre du klarar å innfri desse sjølv, er eit viktig råd frå samlivsterapeut Camilla J.J. Sørensen.

Samlivsterapeut Camilla J.J. Sørensen meiner det er sunt å ventilere når irritasjonen over dei ein bur med blir for stor. Foto: privat

Og når krangelen i kollektivet først er ein realitet, kan det vere smart å vere bevisst på korleis ein ordlegg seg.

– Ikkje bruk setningar som startar med «når du». Sei heller «eg følte det sånn då det skjedde».

Sist, men ikkje minst er det viktig å vere open for noko av det vanskelegaste i verda:

– Ein må tørre å innrømme at ein har teke feil og be om unnskyldning.

Ei merkeleg, intens lukt

Om lag ein halvtime etter festen hadde slokna og alle tilsynelatande hadde sovna, kunne «Sara» høyre romstering i gangen.

– Eg har soverom rett attmed ytterdøra og høyrde plutseleg at det var mykje styr utanfor, både på badet og i gangen. Så small det i ytterdøra.

Ho antok berre at besøket hadde gått.

Kort tid seinare banka det på døra.

«Du må komme ut, no!», høyrde ho ei stressa venninne rope gjennom døra.

Deretter vakna heile kollektivet til liv. Samstundes som ein merkeleg eim hang i lufta, samla alle seg på badet, nærare bestemt rundt dusjen.

Og der låg den – kjelda til den merkelege eimen.

Sit du midt i frukosten, lunsjen eller middagen medan du les dette, burde du legge frå deg maten no. Iallfall om du er av den ømfintlege typen.

Det var nemleg ein stor, saftig og gulaktig bæsj som møtte det sjokkerte kollektivet denne morgonen.
Fint dandert. På sluket. I dusjen.

– Det var ei sånn grenselaust intens lukt. Me var heilt sjokkerte, fortel jentene.

Eit minneverdig dritnach

Det er liksom berre sånt som skjer på TV, ikkje sant? At ein fyr som blir med heim på nach endar opp med å bæsje – i dusjen – og så dra derifrå sånn brennkvikt.

– Det første eg gjorde, var å gå inn på badet og låse døra. Og sjølv om eg var opprørt, tok eg bilete av bæsjen og tenkte: «dette skal me ikkje gløyme.»

Er du spesielt interessert i bæsj eller berre sjukt nysgjerrig, kan du ved hjelp av pila under sjå biletet «Sara» tok av bæsjen.

SVEIP: Det første bildet er sensurert. Bilde nummer to er originalen slik han blei send inn til P3.no.

Deretter blei bæsjen plukka opp i ein pose og kasta i do, akkurat som ein skulle ha plukka opp ein hundebæsj.

– Og så skylde eg dusjen godt, seier «Sara».

Bæsjens rette far

Jentene har ikkje sett noko til det dei meiner er skaparen av bæsjen i etterkant, men éi veke etter den grufulle opplevinga var venninnene nok ein gong på fest.

– Me var jo gode og fulle, og byrja etter kvart å fortelje om den utrulege bæsjehistoria frå førre helg. Ei venninne tok ein snap av meg medan eg poserte saman med mobilen, der bæsjen var avbilda.

Etter ei stund fekk ho svar der det stod: «haha, eg kjenner han fyren som gjorde det! Han var så utruleg fornærma over at han ikkje hadde fått seg noko den kvelden».

– Dermed fekk me jo bekrefta at det var han, seier «Sara» lattermildt.

Det byrjar å bli ei stund sidan det store «dritnachet», og dei tre sambuarane kan heldigvis le godt av historia i dag.

– Men det var rimeleg kjipt då det skjedde. Me var jo veldig leie oss, og ikkje minst sinte.

– Her hadde me invitert på nach, der det berre skulle vere gøy og god stemning, og så gjer ein av gjestane noko så utruleg respektlaust og nedverdigande.

Jentene sit igjen med eitt spørsmål etter den minne(u)verdige kvelden:

– Lurer sånn på kva han tenkte då han sette seg ned på huk i dusjen vår for å bæsje.

MEIR OM STUDENTLIV:

Siste fra P3.no: