nrk.no

Historier frå kollektivet:Frieri, tiss på feil plass og sokkar i oppvasken – slik held du ut kollektivlivet

Me bad følgjarane våre om å dele sine historier frå livet i kollektiv. Her er eit par høgdepunkt!

Det er ingen tvil om at livet i kollektiv saman med andre, potensielt ukjente menneske, kan by på utfordringar.

På godt og vondt.

Me bad følgjarane våre om å dele sine historier frå livet i kollektiv. Og utifrå meldingane me har fått, ser det ut som mange allereie lengtar etter å reise heim til jul og ferie.

Innboksen blei nemleg fylt med sokkar i oppvaskmaskina, frieri frå uventa hald og urin på stader ein helst ikkje vil ha urin. Berre for å nemne noko.

Kollektiv med merkelege (u)vanar

Enten du bur i kollektiv eller har gjort det på eit tidspunkt i livet, er du langt frå aleine om det – iallfall om me skal tru Statistisk sentralbyrå (SSB) si undersøking frå 2016.

Ifølgje den deler rundt 25 prosent av studentar i Noreg bustad med andre. Ytterlegare 18 prosent bur i studentbustad, noko som også kan vere eit kollektiv.

P3-følgjar «Trine» er ein del av denne statistikken og kan skilte med nokre forstyrrande, men særeigne minner frå livet i kollektiv.

Desse historiene stammar frå tida då ho budde i leilegheit saman med åtte(!) andre.

– Ein dag eg skulle ta ut av oppvaskmaskina, låg det sokkar saman med glasa, skriv ho.

Ein illustrasjon av ei kvinne som går mot ein oppvaskmaskin. Over dei skitne tallerkenane i maskina, ligg det eit par skitne sokkar.

«Trine» tok bilete av sokkane, sende det til kollektiv-gruppechatten og skreiv følgjande: «Kva har skjedd her?»

– Då svara ho eine eg budde med, at ho hadde nokre skitne sokkar liggande då ho skulle setje på oppvaskmaskina, og like greitt kunne ta dei i same slengen.

Kreativ handklevask

Ein skulle kanskje tru at det enda der – med skitne sokkar i oppvaskmaskina, altså.

Det gjorde det ikkje.

– Ein dag kom eg heim til ei skikkeleg sterk klorlukt. Då eg opna døra til badet, var det DEN kjemiske lukta!

Ein illustrasjon av ei kvinne som går mot ein dusj. I dusjen står det ei bøtte med eit handklede i.

Det viste seg at den eine «roomien» hennar hadde sølt litt kaffi på handkledet sitt, og derfor hadde han lagt det i bløyt i ei bøtte på badet.

– To(!) flasker med rein klor hadde han brukt. Ingenting anna. Deretter hadde han hengt handkledet over dusjen, utan å skylje det først.

Det høyrest kanskje ikkje så ille ut, men tar du ein sniff av ei klorflaske, vil du ganske kjapt forstå kor sterkt det må ha lukta.

Matrestar til bry

«Trine» mimrar tilbake til ein gong romkameraten hennar lét matrestane sine ligge og slenge.

– På badet fann eg eit halvete pizzastykke. Ingen serviett eller fat under pizzaen, han berre låg der på kanten av vasken.

Ein illustrasjon av ei kvinne som har oppdaga eit pizzastykke liggande på ein merkeleg stad. Pizzastykket er plassert på kanten av vasken, på badet.

Ho gjentok same prosess som sist og spurde i kollektivchatten kven sitt rot dette var.

– Då skreiv han eine eg budde med, at eg ikkje måtte kaste det, han skulle ete pizzaen seinare.

På kanten av stovebordet

Er det ikkje sinnssjukt typisk at det skjer noko kødd akkurat den natta det er viktig at du får sove skikkeleg?

Det var nøyaktig det som skjedde i kollektivet til Marte.

– Eg stressa med å sove, sidan eg skulle stå så sjukt tidleg opp dagen etter. I tillegg hadde eg overnattingsbesøk av ei venninne, som låg og sov på sovesofaen, skriv ho.

Midt på natta vakna Marte av at nokon romsterte i rommet.

I halvsøvne kunne ho skimte den eine «roomien» sin, sitjande på kanten av stovebordet. Han var vend mot der venninna låg og sov.

– Eg vakna og forstod ikkje heilt kva som heldt på å skje. Men då «roomien» min reiste seg frå stovebordet, trekte på seg boksaren og velta ned på sovesofaen ved sida av venninna mi, fekk eg fart på meg.

Stupfull søvngjengar

Marte bad «roomien» om å komme seg til helsike opp av senga og ut av stova. Deretter innsåg ho at han var stupfull og tilsynelatande gjekk i søvne.

– Han bad meg om å roe meg ned, før han gjekk ut av rommet. Heldigvis vakna ikkje venninna mi!

Etter den merkelege seansen, stussa ho veldig på kva «roomien» hadde gjort på stovebordskanten.

– Eg lista meg bort med lommelykta på mobilen og oppdaga til mi store forskrekking at det var klissvått på golvet.

Marte antok at roomien hadde tissa på golvet.

– Eg tenkte han sikkert hadde trudd at papirposen som stod ved bordet, var toalettet. I tillegg hadde han treft nettet til venninna mi.

– Aldri vore så sint i heile mitt liv

Med eit golv dekt av urin forstod Marte at ho måtte ordne opp. Med ein gong.

Ho fann fram store handklede og slengde tinga til venninna i vasken.

– Eg har aldri vore så sint i heile mitt liv, fortel ho.

Morgonen etter måtte ho stå tidleg opp og var oppteken heile føremiddagen. Men natta før hadde ho sørgt for å sende ei mildt sagt muggen melding til «roomien» sin.

– Han trudde faktisk ikkje på det før han fann dei klissvåte sokkane sine på rommet sitt. I tillegg måtte eg sende melding til venninna mi om kva som hadde skjedd, sidan ho sov då eg gjekk.

Illustrasjon av kvinne som ser forvirra ut.

Etter å ha innsett den store brølaren han hadde gjort natta før, banka han på døra til Marte og bad venninna hennar om unnskyldning.

– Han var ganske nedslått og hadde ein heilt sinnssjuk fylleangst. Men venninna mi tok det betre enn kva nokon andre ville ha gjort, og sa berre at det kunne skjedd kven som helst.

Frieri frå uventa hald

Frå tiss på golvet til eit frieri av det uventa slaget.

Eit vellukka frieri inneheld som regel eit «vil du» og eit «ja».

Frieriet du er i ferd med å lese om, inneheld ingen av delane.

Me skal til kollektivet til Frøydis og til tida då covid-19 stengde ned heile landet.

– Eg skulle flykte heim på grunn av pandemien og måtte jo naturleg nok pakke for dette. Medan eg stod og styrte, kom ein mann som budde i kollektivet inn på rommet mitt.

EIn illustrasjon av ein mann som frir til ei kvinne.

Dei snakka saman om laust og fast.

Plutseleg blei mannen heilt alvorleg og stilte Frøydis følgjande spørsmål: «Kan me gifte oss?»

– Konfliktsky og beskjeden som eg er, reagerte eg på min mest naturlege måte: Latterkrampe blanda med ekstrem panikk.

Har han gløymt det?

Kva gjer ein når ein blir fridd til ein heilt vanleg tysdag? Og attpåtil frå ein romkamerat ein så vidt kjenner?

Frøydis gjorde det einaste som kjendest riktig. Ho gjorde eit desperat forsøk på å avvise frieriet ho nettopp hadde motteke. Etter ei stund forlét friaren rommet.

– Under heile bilturen heim tenkte eg på kor «lættis» denne situasjonen hadde vore å skrive inn til Lørdagsrådet om.

Ein månad seinare returnerte Frøydis til hybelen for å pugge til fire heimeeksamenar. Også med eit håp om at heile frieriet var gløymt.

– Kva trur du skjedde? Jo, han kom bort til meg igjen og sa: «Har du tenkt på det eg spurde om?»

Desperat avvisning

Frøydis gjorde nok ein gong eit desperat forsøk på å avvise og kome seg bort frå situasjonen.

– Det heile blei jo hakket verre då han byrja å banke på døra mi, gjerne på tidspunkt då både eg og andre i kollektivet hadde lagt oss.

Mannen bak frieriet har flytta ut frå kollektivet no, fortel Frøydis.

– Og eg kan igjen trygt fylle vassflaska på kjøkenet, utan å risikere eit nytt frieri.

Slik held du ut i kollektivet

Det er utvilsamt utfordrande å dele bustad med folk ein ikkje kjenner. Men ofte har ein ikkje noko val, det er jo trass alt det billigaste alternativet.

Et bilete av ei kvinne med brunt hår. Ho har på seg ein grå dress og ho smiler.
NÅR KOLLEKTIVLIVET BLIR FOR INTENST: Samlivsterapeut Camilla J.J. Sørensen meiner det er sunt å ventilere når irritasjonen over roomiane blir for stor. (FOTO: Privat)

Ifølgje samlivsterapeut Camilla J.J. Sørensen er det smart å vere bevisst på kva ein ynskjer allereie i jakta etter ein stad å bu.

– Ta ein runde med deg sjølv i forkant og ver bevisst på kva kollektiv du ynskjer frå starten av. Eit lurt triks er å sjå an personane som bur der allereie på visning.

Ho anbefaler også å tenkje gjennom kva slags sambuarar ein er ute etter, og samstundes vere bevisst på korleis ein behandlar andre.

– Her gjeld den klassiske gylne regelen «ver mot andre som du vil at andre skal vere mot deg».

Og skal ein først bu saman, er det lurt å bruke litt tid på å bli kjent med kvarandre.

– Ein treng ikkje bli bestevenner, men det er greitt å ha eit greitt forhold med dei ein skal bu saman med.

Unngå dårleg stemning

Det er ikkje uvanleg å kjenne på frustrasjon over romkameratar som bråkar, rotar eller ikkje bidreg til fellesskapet.

Ifølgje eksperten er det viktig å gi beskjed om ting som irriterer før begeret renn over.

– Når ein blir sur, er det fort gjort å gå til personangrep, og då blir det berre dårleg stemning.

Samstundes er det ikkje bra å vere for pirkete.

– Ring heller ein venn når du har behov for å ventilere litt i kvardagen!

Korleis gi beskjed?

Når stemninga i kollektivet først har surna, kan ho vere vanskeleg å rette opp i.

Korleis ein vel å kommunisere er avgjerande for å komme seg ut av situasjonen, meiner terapeuten.

– Unngå ord som aldri, alltid eller ofte. Dette er ord ein ofte bruker når ein er trigga, fortel ho.

Og når krangelen først er ein realitet, kan det vere smart å vere bevisst på korleis ein ordlegg seg.

– Ikkje bruk setningar som startar med «når du». Sei heller «eg følte det sånn då det skjedde».

Ikkje minst er det viktig å vere open for noko av det vanskelegaste i verda:

– Ein må tørre å innrømme at ein har teke feil og be om unnskyldning.

Er det dårleg stemning over lengre tid og inga unnskyldning er god nok, er det heilt innanfor å flytte. Det er jo trass alt snakk om heimen din.

– Funkar det ikkje, så funkar det ikkje. Og hugs: Det er ingen skam å flytte.

Illustrasjonar: Susanne Flender, NRK

MEIR OM STUDENTLIV:

SISTE FRÅ P3.NO:

Siste fra P3.no: