nrk.no

Historier frå kollektivet:Kva gjer du når ein tilfeldig person på gata spør om å få krasje på sofaen din?

For Tage (23) blei det umogleg å seie nei til det uvanlege spørsmålet.

Med aukande bustadprisar og spinkle studentbudsjett er det høgst sannsynleg at kollektivlivet har kome for å bli.

Ei undersøking frå Statistisk sentralbyrå bekreftar også dette. Undersøkinga viser nemleg at 25 prosent av studentar i Noreg i 2016 delte bustad med andre. I tillegg oppgav 18 prosent at dei budde i studentbustad, noko som også ofte inneber eit slags kollektiv.

Men sjølv om ein kan spare pengar og bli kjent med nye folk ved å dele bustad med andre, kan det også by på utfordringar. P3.no bad følgjarane sine om å dele sine verste og beste erfaringar frå livet i kollektiv.

Ein del av historiene me fekk tilsendt, har fått det til å rykke i smilebandet, andre har fått oss til å rynke på nasen.

Tidlegare har me blant anna fortalt om ein venninnegjeng som fekk ei ekkel overrasking, om Frøydis, som vart uventa fridd til, og «Trine», som opplevde at «roomien» hennar vaska skitne sokkar i oppvaskmaskina.

Historia du er i ferd med å lese, ligg kanskje ein stad midt imellom naserynk og smileband: ho handlar om korleis eit kollektiv enda opp med å få eit overnattingsbesøk litt utanom det vanlege.

Rosa genser og raud koffert

Me skal eit par år tilbake i tid, nærare bestemt til 2018.

Tage var student i Oslo, og som studentar flest budde han i kollektiv.

Han var på veg heim etter ein fuktig kveld på byen, og idet han skulle låse seg inn, høyrde han ei stemme rope «hallooo». Bak han stod ei kvinne med brunt, litt krøllete hår, ikledd ein grøn, sliten jakke, og rosa genser. Bak ho ein raud koffert.

– Eg svara «hei», før ho introduserte seg sjølv som «Magda», fortel Tage.

«Magda» er ikkje hennar ekte namn, men er blitt endra i denne nettsaka.

Ho heldt fram med å fortelje at ho skulle bli henta av ein venn som aldri kom, og at ho hadde prøvd å booke seg inn på hotell, men at alt var fullt.

– Ho verka fortvila og spurde rett ut om ho ikkje kunne få lov til å sove hos meg i natt.

Den usynlege krafta

Tage blei straks skeptisk. Skulle han la ein person han aldri hadde møtt før, overnatte sånn utan vidare?

– Eg svara at det passa dårleg, spesielt sidan eg budde i kollektiv.

«Magda» heldt fram med å forklare at det var ei kraft som drog ho bort til Tage.

– Til slutt ga eg etter og sa noko sånt som «ja, du kan vel sove her i natt, då».

Ingen kvardagskost

Medan dei byrja å gå mot leilegheita hans, gjorde Tage eit desperat forsøk på å få tak i «roomiane».

– Eg måtte jo førebu dei på at det skulle kome ein fullt framand person på overnattingsbesøk. Det er jo ikkje akkurat kvardagskost, seier han lattermildt.

Tage og «Magda» sette seg ned i stova med kvar sin kopp te og prata om laust og fast. Etter kvart byrja den eine «roomien» i kollektivet å vakne til.

– Det tikka inn ein melding der ho bad oss om å dempe oss og heller sitje på kjøkenet, fortel han.

På alerten

Etter kvart kom «roomien» inn i stova der Tage sat saman med besøket. Ikledd slåbrok såg ho undrande på dei to.

– Dette er «Magda», og ho skal sove her i natt. Alle hotella var fulle, skjønar du. Så me ordna det sånn, sa han så daglegdags som mogleg.

«Roomien» gjekk inn igjen på rommet sitt, og eit par sekund seinare kom det inn ei sint melding på telefonen til Tage:

«Dette er ikkje greitt! Me snakkar om dette i morgon.»

Merkeleg situasjon

Det byrja å bli seint, og «Magda» blei veldig trøytt.

Medan ho stod og «sigga» på terrassen i t-skjorte og stringtruse, reidde Tage opp sofaen.

Eit bilete av ein ung student. Han smiler. Han har blondt hår. Han har på seg kvit genser og blå jakke.
UVENTA OVERNATTINGSJEST: Tage hadde ei merkeleg oppleving då han budde i kollektiv for eit par år sidan. Foto: Hanne Våge, NRK P3

– «Treng du noko er det berre å seie det, du treng ikkje rope», sa eg til ho, for liksom å understreke kor lydt det var hos oss, at ho ikkje kunne finne på noko tull utan at eg høyrde det, liksom.

Tage byrja å tenkje på at han hadde ein framand person på sofaen, og kunne kjenne frykta boble på innsida.

– Sakte, men sikkert gjekk det opp for meg kor merkeleg situasjon eg plutseleg var i.

Kniv under puta

Til slutt tok den irrasjonelle frykta over.

Det enda med at Tage leita fram alle kjøkenknivane sine, for deretter å legge dei under senga.

Éin kniv lét han ligge under hovudputa.

– «Skal eg liksom knive denne dama dersom ho prøver seg på noko», hugsar eg at eg tenkte. Og så innsåg eg kor teit det var, å ha ein kniv under puta, altså.

Etter han hadde lagt seg igjen, med alle knivane plassert på soverommet, fekk han ikkje sove. Han blei liggande i minst ein time og berre lytte etter lydar frå «Magda».

Hygge rundt frukostbordet

Etter eit par timar vakna han igjen. Klokka var ikkje meir enn halv sju om morgonen.

– Eg måtte gå ut i stova og sjekke om ho framleis var der. Og det var ho jo.

Og då Tage endeleg stod opp, låg besøket framleis i djup søvn på sofaen.

– Til slutt var det eg som måtte vekke ho, fortel han.

Medan ho gjekk på badet, gjekk han for å vekke den andre «roomien» i kollektivet.

– Eg gjekk inn på rommet hans og sa: «Du kjem ikkje til å tru det, men det står ein fullstendig ukjent dame i dusjen vår. Ho har sove her i natt, og no skal ho ete frukost her».

– «Herregud, kor kult, eg er med!» svara han.

Besøket blei avrunda med eit par timar rundt frukostbordet, før «Magda» drog vidare.

Korleis takle uventa situasjonar?

Det er lett å la seg irritere av sambuarar som rotar, ikkje vaskar etter seg og ikkje respekterer reglane i kollektivet.

Ein illustrasjon av rot og boss på golv.
EIT VELKJENT PROBLEM: Rot i kollektivet. Illustrasjon: Susanne Flender, NRK

Korleis hadde du reagert om ein av romkameratane dine brått hadde invitert ei framand kvinne han nettopp hadde møtt, til å sove på sofaen?

– Ikkje ha høge forventningar til resten av kollektivet, med mindre du klarar å innfri desse sjølv, er eit viktig råd frå samlivsterapeut Camilla J.J. Sørensen.

Ikkje minst er det viktig å seie frå før begeret renn over.

– Når begeret først er fullt, blir konflikten mykje større enn han hadde trunge å vere, legg ho til.

Det vanskelegaste i verda

Det er fort gjort å ryke i tottane på folka ein deler husrom med. Og har stemninga i heimen først surna som ein kartong med gamal mjølk, kan ho vere vanskeleg å redde.

Et bilete av ei kvinne med brunt hår. Ho har på seg ein grå dress og ho smiler.
TIPS: Samlivsterapeut Camilla J.J. Sørensen meiner det er sunt å ventilere når irritasjonen over dei ein bur med blir for stor. Foto: privat

Korleis ein vel å kommunisere er avgjerande for å kome seg ut av situasjonen, meiner terapeuten.

– Unngå ord som «aldri», «alltid» eller «ofte». Dette er ord ein ofte bruker når ein er trigga, fortel ho.

Og når krangelen i kollektivet først er ein realitet, kan det vere smart å vere bevisst på korleis ein ordlegg seg.

– Ikkje bruk setningar som startar med «når du». Sei heller «eg følte det sånn då det skjedde».

Sist, men ikkje minst er det viktig å vere open for noko av det vanskelegaste i verda:

– Ein må tørre å innrømme at ein har teke feil og be om unnskyldning.

Angrar ikkje

Det har gått fleire år sidan det uvanlege overnattingsbesøket i kollektivet til Tage. Men han står framleis for valet han tok.

– I dag hugsar me det jo som ein artig historie frå tida me budde saman, fortel han.

Han avsluttar med følgjande råd til andre som brått er i ein uventa situasjon:

– Ting blir alltid artigare når alle blir inkludert! Ikkje ver aleine om den merkelege situasjonen, tving dei andre til å ta del i han. I eit kollektiv skal ein liksom dele.

MEIR OM STUDENTLIV:

Siste fra P3.no: