Ein må stille enda større krav til kva som sleppast gjennom nålauget. ”Natt på Museet” slapp diverre gjennom og havna i tillegg i feil hender.

Det har skjedd mykje sidan eg var 13 år, men noko som ikkje ser ut til å ha forandra seg, er dei eksekutive produsentane og distribusjons-selskapene.

Det vil seie, dei har fortsatt for mykje makt og for lite kritisk sans. Og dette demonstrerast tydeleg ved at ein film som ”Natt på museet” ikkje kjem rett på dvd, men får ei breid lansering på kinoar verda over.

Den lyse ideen

Ideen med ”Natt på museet” er at ein stakkars nyansett nattevakt på naturhistorisk museum får ein brå start på jobben når han oppdagar at alle museumsgjenstandane vakner til liv om natta.

Og som om ikkje det er nok, slit han med farsrolla ovanfor sonen sin. Det er problemer både på arbeid og privat, og problemane må løysast hand i hand, slik dei ofte må i slike filmer.

Ledig jobb som regissør

Regissøren Shawn Levy har tidlegare regissert nyinnspelinga av ”Den Rosa Panteren”, med Steve Martin i hovedrolla. Den var ikkje mykje å skryte av, snarare skulle den ha vore kjeppjaga ut døra, og han gjer det ikkje stort betre med ”Natt på museet” heller.

Eg trudde filmbransjen og publikum nå hadde kome til ein einigheit om at når det først skulle lages film mynta på eit yngre publikum, skulle ein likevel gjere det sjåverdig for vaksne. Og det er eg fortsatt overtydd om at eg har rett i. Det er regissør Levy og produsent Chris Columbus som rett og slett har mista toget.

Billige løysningar

Kjenner du att den situasjonen her: ein mann som sårt treng ein jobb, kjem inn på arbeidsformidlingskontoret og får høyre at dei ikkje kan hjelpe han. Da lener han seg framover, og seier lavt: ”høyr her, eg treng ein jobb”.

Det som då skjer, er at dama bak skranken tenkjer seg om, og seier: ”vel, det er den jobben her då…”. Eg kan ikkje forstå at slikt brukast i film lengre.

Uheldige skodespelere

Skodespelarane kan ikkje klandrast for at ”Natt på museet” bommer. Dei har nok dessverre vorte instruert til å overspele rollane sine, noko dei ofte gjer.

Og nokon gjer det meir enn andre. Det er fristande å tru at Ben Stiller kan leggje frå seg talentet eg veit han har, slik andre legg frå seg ein hatt.

Kunstige reaksjonar

Natt på museet. (Foto: Twentieth Century Fox Film Corporation)
Natt på museet. (Foto: Twentieth Century Fox Film Corporation)

Av dei positive prestasjonane, er Ricky Gervais som museumsdirektør med vanskar for å kommunisere, og til tider Owen Wilson som cowboy med mindreverdskompleks.

Jake Cherry, som spelar den unge sonen til Ben Stiller, er eit godt eksempel på ein dyktig ungdomsskodespelar som blir instruert til å agere og seie ting på ein slik måte at han minner om eit kunstig menneske med kunstige reaksjonar.

Ein må stille enda større krav til kva som sleppast gjennom nålauget. ”Natt på Museet” slapp diverre gjennom og havna i tillegg i feil hender.

Om FILMEN

Natt på museet
  • Natt på museet
  • Slippdato: 16.02.2007
  • Regi: Shawn Levy
  • Utgiver: Twentieth Century Fox Film Corporation
  • Sjanger: Action, Eventyr, Familie, Komedie