Åtte superheltar skal bli fire. Klinten er skilt frå hveten, og no skal mjølet malast. Kvartfinalane er på sitt heitaste, og skal utrettast før fredag. Men kven skal gå vidare?

Marvel og DC Comics sine rikaste menn skal utkjempe ein hard kamp. Ikkje på aksjemarknaden denne gongen, men i nevekamp, (Iron)mann-mot-(Bat)mann!

Trykk på knappen for å stemme på dine favorittar, eller les mer om Iron Man og Batman først!

Iron Man

Iron Man. (Foto: Marvel Comics).

Alter ego: Anthony Edward «Tony» Stark
Skaper: Stan Lee, Larry Lieber, Don Heck, Jack Kirby
Første opptreden: Tales of Suspense #39, 1963
Født: ?
Forlag: Marvel Comics

Mannen med eit hjarte av stål! Ved sidan av å vere playboy, industriherre og mangemilliardær er Tony Stark superhelten Iron Man.

Hans moderne rustning har hatt ulike krefter og former (alt frå ein koffert til at den kjem ut gjennom kroppen hans) gjennom tidene, men stort sett har han superstyrke, flygeeigenskaper, og mogelegheita til å skyte ulike våpen.

For å auke sjansene sine mot motstanden plar han gjerne å spesialisere rustningane sine. Han har drakter for alt frå å spesifikt banke Hulken eller Thor, til å reise i det ytre rom.

Iron Man har kjempa mot mykje opp gjennom åra. Som superhelt har han kjempa mot ulike truslar mot det amerikanske samfunnet, og personleg har han stått i mot alt frå hjartetrøbbel til alkoholisme. Men med pågangsmot – og kanskje ein uheldig dose arroganse – har han komt seg vidare.

Batman

Batman. (Foto: DC Comics).

Alter ego: Bruce Wayne
Skaper: Bill Finger, Bob Kane
Første opptreden: Detective Comics #27, 1939
Født: ?
Forlag: DC Comics

Milliardær, playboy, industriherre og filantrop – Bruce Wayne har ingen superkrefter, men han er veldig, veldig smart.

Sidan han som gutunga såg foreldra bli drepne har han sverga hevn over alle kriminelle. Med formuen i bakhand – som gir han tilgang til dei heftigaste duppedittane i verda – gjer han Gothams gater trygge med sine detektivevner.

Hans hovudvåpen er ei glimrande evne til å forberede seg på einkvar situasjon, samt å skape frykt hjå fiendane. På trass av sine kampevner har han alltid som mål å ikkje drepe sine motstandarar.

Ulempa er at hans erkefiendar så godt som aldri vert vekke – men i staden vert satt inn i Arkham Asylum, på den andre sida sikrar dette oss mange år med gode Batman-historier.

Mangemilliardær mot mangemilliardær

Tid er pengar, og båe desse to rikmennene har tida å nytte i kampen mot sine motstandarar. Batman nyttar tida til djuptgåande planleggjing og taktikkeri, og målet er at han skal ha tenkt på alle mogelege utfall. Iron Man nyttar tida til å skape ny teknologi som kan gi han overtaket i spesielt utvalgte kampar.

Båe hatar å innrømme at dei tek seg vatn over hovudet.

Under draktene er både Bruce Wayne og Tony Stark heilt vanlege menn, utan nokon anna form for beskyttelse enn rikeleg med kronasjer. Men kvar når pengane lengst?

Det er det opp til deg å bestemme. Trykk på knappen under for å stemme på din favoritt, og hjelp han til siger i kåringa av Verdas beste superhelt!